Hopp til innhold

Mystisk stein gir Mars-forskarar hovudbry

– Har aldri sett noko liknande, seier NASA-forskarar om smultringforma Mars-stein.

Mars-stein

To bilete tatt med 12 Marsdagars mellomrom viser at det har dukka opp ein stein som ikkje var der tidlegare. Ein Mars-dag blir omtalt som Sol, og varer 24 timar og 39 minutt.

Foto: NASA

Ein mystisk stein som har dukka opp framfor NASAs Mars-rover Opportunity overraskar vitskapsteamet på bakken. Ekspertane seier at dei aldri har sett noko liknande denne steinen, som no blir undersøkt av roverens instrument. Dette melder The Independent.

NASA-roveren Opportunity landa på Mars i 2004, og tok då fatt på eit oppdrag som etter planen berre skulle vare i 3 månader. Men 24 januar feirar roveren heile 10 år på Mars.

For få dagar sidan oppdaga astronomane ein ny stein på ein stad som Opportunity tidlegare hadde tatt bilete av – men då utan stein.
Det er som om Mars kastar steinar på oss, sa Mars Exploration-forskar Steve Squyres.

I to bilete som er tatt av panorama-kameraet til Opportunity med 12 Mars-dagars mellomrom kan ein sjå ein smultringforma stein som er kvit rundt kantane og er raud i midten. Forskarane synest steinen minner om ein smultring med syltetøy i midten.

Oppdaginga vart kommentert av NASA i ei pressemelding.

NASA-roveren Opportunity

Mars-roveren Opportunity oppdaga den mystiske steinen i eit område kalla 'Cape Darby' på kanten av Endeavour-krateret.

Foto: NASA/JPL-Caltech

Meteorittnedslag?

Forskarane har to teoriar til korleis steinen har komme dit: Det kan enten vere restar etter eit nyleg meteorittnedslag, eller steinen kan ha blitt kasta opp i lufta av roverens hjul i det han har køyrt forbi staden.

Av dei to teoriane held forskarane mest på den siste moglegheita.

– Vi har køyrt ein meter eller så unna dette, og eg trur ideen med at vi på ein eller annan måte har slengt steinen opp i lufta med eit hjul er den beste forklaringa, seier Squyres til Independent.

Men historia blei berre endå meir merkeleg når Opportunity byrja å undersøke steinen nærare.

– Veit ikkje kva det betyr

Kuleforma steinar på Mars

Opportunity har også tidlegare gitt forskarane geologiske gåter å tyggje på, som då roveren kom over desse merkelege kulene i 2012.

Foto: NASA/JPL-Caltech/Cornell Univ./ USGS/Modesto Junior College

Forskarane har fått roveren til å ta bilete av både ringen og «syltetøyet» i midten, og har fått data for den kjemiske samansetninga.

– Det liknar ikkje noko vi har sett tidlegare, seier Squyres. Steinen har eit høgt innhald av svovel og magnesium, og har dobbelt så mykje mangan enn noko anna vi tidlegare har målt på Mars.

– Eg veit ikkje kva noko av dette betyr. Vi er fullstendig forvirra, og alle i teamet kranglar no om kva dette betyr, seier Squyres.

– Det er det som er så flott med dette oppdraget, vi kjem aldri til å bli ferdig. Det vil alltid vere noko pirrande og fantastisk som er berre litt utanfor vår rekkevidd og som vi aldri rakk å finne ut av, og det er slik ei utforsking må vere, seier Squyres.