Eit internasjonalt team av forskarar har utført den hittil største undersøkinga av korleis klima og havforsuring verkar inn på samansetninga av korallrev.

I studien har forskarane undersøkt heile Great Barrier Reef, verdas største system av korallrev.

– Dei gode nyhendene frå denne studien, er at det no ser ut til at fullstendig utsletting av korallrev på grunn av temperatur og pH åleine er lite sannsynleg, seier professor Terry Hughes i ei pressemelding. Hughes er direktør ved ARC Centre of Excelence for Coral Reef Studies ved James Cook University.

Vinnarar og taparar

I alt 35 428 korallkoloniar på 33 rev på Great Barrier Reef frå nord til sør vart studert av korallforskarane.

Dei fann at når utbreiing av ein art minka, såg det ut til å bli auke av ein annan art.

Forskarane valde å studere nettopp Great Barrier Reef fordi vasstemperaturen langs revet varierer med 8–9 grader frå sommar til vinter, og fordi det er store lokale variasjonar i surleiksgrad, pH.

– Med andre ord er det ei naturleg variasjon i temperatur og pH langs lengda av revet som vil vere realiteten fleire tiår framover i tid dersom CO2-utsleppa held fram som no, seier Hughes.

I studien som nyleg er publisert i Current Biology konkluderer korallforskarane med at biletet er langt meir samansett enn ein har trudd tidlegare.

– Biletet som teiknar seg, er av vinnarar og taparar med nokre korallar som får suksess på kostnad av andre. Heller enn massiv øydelegging, vil mange korallrev overleve klimaendringar ved å endre miksen av korallartar etter som havet blir varmare og surare, seier professor Terry Hughes.

– Studien har gjort oss meir positive med omsyn på korallrevas evne til å svare på klimaendringar, seier Hughes.

Samtidig undersrekar Hughes at det også er mange lokale truslar mot dei tropiske korallreva, som til dømes overfiske og forureining.

Større problem for norske korallrev?

Great Barrier Reef - Great Barrier Reef er verdas største korallrev. - Foto: NASA /

Great Barrier Reef er verdas største korallrev.

Foto: NASA

Våre eigne kaldtvasskorallrev, som er bygd opp av arten Lophelia pertusa, møter kanskje større problem med havforsuring og klimaendringar enn dei tropiske korallane gjer.

Havkjemimodellar for våre havområde tilseier at pH i havet mot slutten av dette hundreåret vil falle så mykje at kalk vil gå i oppløysing.

Marinbiolog Jan Helge Fosså ved Havforskingsinstituttet fortel at medan kalkskjelettet i ein levande korall er beskytta av det levande vevet utanpå, vil denne beskyttelsen ikkje gjelde for dei døde korallrestane som byggjer opp reva.

– Sjølv om korallane klarar å leve under lågare pH, vil ein vanskeleg kunne byggje opp korallrev viss dei døde korallane går i oppløysing, seier Fosså.

– Vi kan godt tenkje oss at norske korallrevkoloniar vil kunne leve, men då som mindre flekkar. Det er mogleg at vi ikkje vil sjå dei store koloniane som vi har no, seier Fosså.

Sjøtrær og blomkålkoraller på grus av Lophelia. - Norske kaldtvasskorallar er danna utelukkande av korallarten Lophelia pertusa. - Foto: MAREANO /

Norske kaldtvasskorallar er danna utelukkande av korallarten Lophelia pertusa.

Foto: MAREANO

– Ingen andre kan overta

Medan dei tropiske korallreva har mange ulike korallartar som byggjer opp reva, er våre nordlege kaldtvasskorallrev berre bygd opp av arten Lophelia pertusa.

– Viss denne får problem, er det ingen andre som kan overta, seier Fosså.

Geologiske funn tyder på at Lophelia er ein eldgammal art, kanskje titals millionar år.

– Det kan vere indikasjon på at den er seigliva, og at den er tilpassa ein del naturlege miljøendringar. Dei seinaste eksperimenta tyder på at Lophelia kan tilpasse seg lågare pH, seier Fosså.

– Men kjemikarane reknar med at ein skal endå lenger bakover i historia for å få forhold som vi kan få, seier Fosså.