Det er ikkje berre genene vi har fått overlevert frå mor og far som bestemmer korleis vi ser ut. Miljøet kan påvirke genene våre kjemisk, og slik vere med på å bestemme viktige kroppstrekk, og om vi utvikler sjukdommar.

Det ser no ut til at slike endringar som skjer i genene i løpet av eit liv kan vere med på å bestemme om du blir overvektig.

Slike epigenetiske ("over-genetiske" ) endringar i genene endrar ikkje sjølve DNA-sekvensen, men kan påverke om gener blir slått av eller på.

Av-eller påvslåing av gener regulerer kva for celler som gjer kva i kroppen vår, og kan også vere med på å forklare kvifor einegga tvillingar ikkje er identiske.

Kartla endringar i DNA

Ei gruppe amerikanske forskarar har studert samanhengen mellom overvekt og epigenetiske endringar som skjer ved metylering, ein prosess der ei kjemisk sambinding som kallast metyl blir festa til DNA'et.

Forskingsgruppa leia av Andrew Feinberg ved John Hopkins University School of Medicine i Baltimore, Maryland og Margaret Daniele Fallin ved John Hopkins Bloomberg School of Public Health kartla endringar i metylering i DNA'et til 74 vaksne personar med ulike kroppstypar.

Forskarane undersøkte dei frivillige i 1991, og deretter på nytt i 2002 for å identifisere kva metylerte område av DNA'et som ikkje var endra over desse 11 åra.

Gener gjekk igjen hos overvektige

Av 227 metylerte stader på DNA'et som forskarane studerte, var det 13 metylerte gener som oftare var til stade i dei deltakarane som var overvektige eller sjukeleg overvektig.

Studien vart nyleg publisert i tidsskriftet Science Translational Medicine.

Desse kjemiske endringane i DNA'et kan ha oppstått som reaksjon på omstende i miljøet, slik som kosthaldet i oppveksten eller til og med kosthaldet til mora deira medan ho var gravid.

Usikker samanheng

Forskarane understreker at det enno ikkje er mogleg å slå fast om desse epigenetiske endringane er eit resultat av miljø, til dømes gjennom kosthald, eller om dei er reint genetiske, og at endringane blir iscenesett av andre gener.

Men dersom ein kan identifisere metylerte gener som er knytta til overvekt kan dette føre til nye måtar å screene personar som har auka risiko for å bli overvektige.

Med tida kan vi jo håpe at forskarane vil kunne fortelje oss kva miljøfaktorar som kan føre til uheldige endringar i genene våre.

Høyr intervju med professor Dag Undlien ved Oslo Universitetssykehus om samanhengen mellom sjukdom og genene sine av-og på-knappar i radioprogrammet Verdt å vite: