Hopp til innhold

Massivt istap frå Grønlandsisen

Heile 430 milliardar tonn vatn forsvann frå Grønlandsisen i løpet av 2013.

Issmelting Grønland

Ein bit grønlandsis frå Jakobshavn-isbreen Isfjell i Ilulissat-fjorden er kalva frå

Foto: Ian Joughin / NTB Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I ein ny rapport kjem det fram at isen på Grønland haldt fram å minke med stor fart også i 2013. Dette skriv Politiken.

Sjølv om istapet var mindre enn rekordåret 2012, viser målingane at is tilsvarande heile 430 milliardar tonn vatn forsvann frå isbrear på Grønland i løpet av sommarsesongen i år.

Dette er nesten 8 gongar så mykje vatn som finst i Noregs største innsjø, Mjøsa (56,24 kubikk-kilometer).

Av dette forsvann heile 12 milliardar tonn, eller 12.000 milliardar liter vatn, på berre ein dag, den 25. juli.

Statusrapporten for Grønlandsisen er publisert av Polar Portal, som er eit samarbeid mellom Danmarks meteorologiske Institutt, Danmarks nasjonale romforskingsinstitutt og De Nationale Geologiske Undersøgelser for Danmark og Grønland (Geus).

Statusen for isen på Grønland blir gjort opp når sommaren og dermed smeltesesongen er slutt i dei arktiske områda i september. Årets istap plasserer 2013 på 4. plass over år med mest istap i løpet av dei siste 14 år.

I rekordåret 2012 svarte tapet av ismasse om lag 570 milliardar tonn.

–Alvorleg situasjon

–Det er ein alvorleg situasjon, sjølv om vi ikkje har målingar over så lang tid, og endringar frå år til år kan vere store fordi det avheng av korleis vêrsystema varierer frå år til år. Men også 2013 passar inn i den langsiktige trenden både når det gjeld Grønland og Arktis, seier direktør for Bjerknessenteret, Eystein Jansen, til NRK.no.

–Det er også ein moglegheit for at vi kan få ein sterkt akselererande utvikling i framtida, men vi kan ikkje anslå sannsynlegheiten endå, seier Jansen.

1,2 millimeter havstiging

GREENLAND-SPRING

Dammar av smeltevatn visast som blå flekker i dette biletet tatt av NASAs Landsat-satellitt 9. juli 2013 over det sørvestlege Grønland.

Foto: NASA EARTH OBSERVATORY, Jesse Allen/Robert Simmon / NTB Scanpix

Innlandsisen på Grønland mister masse på tre måtar, ved smelting av is og snø frå overflata av iskappa, smelting som skjer når is som stikk ned i havet møter varmt havvatn, og tap av is ved at isbrear kalvar, fell i havet og smeltar.

Samtidig kan isen få tilført ny masse via snøfall. Men satellittovervaking dei siste ti åra viser at iskappa ikkje er i balanse, og at innlandsisen har mista masse med ein fart på cirka 200 milliardar tonn i året det siste tiåret.

For kvar 100 milliardar tonn is som minkar, stig det globale havnivået med 0,28 millimeter.

Den minka iskappa frå Grønlandsisen i år utgjer eit bidrag på 1,2 millimeter havnivåstiging verda over.

Og dei som merkar den sterkaste verknaden av havnivåstiginga er menneske som lever på motsatt side av jorda.

–Når ismengda på Grønland minkar, vil gravitasjonen også minke, og havoverflata i mindre grad bli trekt opp mot Grønland. Den endringa vil senke havnivået i områda rundt Grønland, Noreg inkludert. Område i tropane og på den sørlege halvkule vil dermed få sterkast verknad.

Lite truleg at smelting vil stoppe opp

Noko av det som kan ha medverka til årets istap, ifølgje sesongrapporten, er den såkalla albedo-feedback, som er eit uttrykk for kor mykje sollys som blir reflektert tilbake frå eit gitt område.

Kvite og snødekte område reflekterer meir sollys og tar dermed også opp mindre varme enn mørke område.

I store delar av Grønland var det i år mindre akkumulering av snø i den tidlege sommar enn vanleg. Når smeltinga starta kom dermed den gamle, mørke snøen raskare til syne, noko som kan ha fått smeltinga til å stige dramatisk.

Det er mogleg å håpe på at istapet skal stoppe opp, men det er lite sannsynleg, ifølgje Jansen.

–Vi står framfor oppvarming som vil halde fram, med større utslag over Grønland enn i gjennomsnitt for verda elles. Dette vil skje uansett kva som skjer med klimagassutsleppa, fordi det nivået vi allereie har verkar oppvarmande, seier direktøren for Bjerknessenteret.