Internettgiganten brukt 240 prosent meir pengar på å påverke politikarane i Washington, DC enn i løpet av heile fjoråret.

Dersom selskapet brukar like mykje pengar på lobbyverksemd i heile 2012 vil dei gå forbi summen dei tre største Wall Street-bankane brukar, eller heile tobakksindustrien samla.

Til samanlikning brukte Apple tre millionar og Microsoft ti millionar kroner på lobbyverksemd i tilsvarande periode.

Auka etterforsking

Lobbyverksemda til Google kan sjåast i samanheng med at dei den siste tida har vore gjenstand for mykje reguleringar og etterforsking av styresmaktene.

Google fekk nyleg ein bot for å ha hindra ein etterforsking på at dei gjennom Street View-fotograferinga har henta passord og anna personleg informasjon gjennom opne nettverk.

Nyleg var Google også i hardt vêr etter å ha infiltrert Apple sine tryggingsinnstillingar i Safari for å loggføre brukarane sin internetthistorikk utan at dei visste om det.

– Det er mange teknologisaker som blir debattert i Washington. Dette er viktige saker, og det er naturleg at me vil at folk skal forstå forretninga vår, seier ein talsperson i Google til New York Times.

Fare for at omdømmet vert svekkja

Google, som lenge har marknadsført seg for å drive ein positiv form for kapitalisme, ser no at omdømmet er i ferd med å svekkje seg grunna lobbyverksemda.

– Google sitt motto er «Don't be evil» (ikkje ver vond), men det store pengebeløpet dei strør rundt seg demonstrerer ein veldig kynisme, seier John M. Simpson i ein amerikansk forbrukarorganisasjon.

Mange vil nok likevel rose Google for å ha ha bidratt til at dei kontroversielle lovane SOPA og PIPA vart nedstemt. Desse lovane ville avgrense kva brukarane kunne gjere på nettet for å kjempe mot piratverksemd. Etter massiv motstand frå mange teknologiselskap vart lovforslaga forkasta i vinter.

Murdoch om SOPA og Google - Mediemogulen Robert Murdoch reagerte slik på at Google jobba for å hindre SOPA-loven i januar: – Google leiar piratverksemda ved å streame filmar gratis. Det er ikkje rart at dei brukar millionar på lobbyverksemd. - Foto: Skjermdump fra Twitter /

Mediemogulen Robert Murdoch reagerte slik på at Google jobba for å hindre SOPA-loven i januar: – Google leiar piratverksemda ved å streame filmar gratis. Det er ikkje rart at dei brukar millionar på lobbyverksemd.

Foto: Skjermdump fra Twitter