Hopp til innhold

Gendobling gav overleving i klimakatastrofe

Urgamle pollenkorn viser korleis bartre overlevde ei av jordas største utryddingsepisodar.

Abnormalt fossilt pollenkorn

Genetisk mutert pollenkorn frå 200 millionar år gammalt bartre.

Foto: Wofram M. Küschner, Universitetet i Oslo

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I dag dør artar ut med ein fart som er 1000 gongar den normale hastigheita, noko som er i ferd med å gi den største utryddingsepisoden sidan dinosaurane forsvann frå jordas overflate.

I ein ny studie dokumenterer forskaren Wolfram M. Kürschner frå Universitetet i Oslo saman med britiske kollegaer korleis ei no utdøydd gruppe overlevde ekstreme klimaendringar i ei hending for 200 millionar år sidan.

Funna i studien kan gi oss meir innsikt i biologiens faktiske evne til å tilpasse seg dagens endringar i miljøet.

Sidan genetisk materiale ikkje kan overleve meir enn maksimum ei par tusen år, har forskarane nytta fossile pollenkorn for å etterforske genetiske endringar som skjedde hos plantar så langt tilbake i tid.

– Dette er ein form for paleogenetikk som lar oss sjå tilbake til dinosauranes tid, seier Wolfram Kürschner til NRK.no.

Dobla kromosom

Fossil grein frå bartre

I denne fossile greina har forskarane funne pollenkorna dei har studert.

Foto: Prof. J. van Konijnenburg – van Cittert, University of Leiden, Nederland.

Perioden for om lag 200 millionar år sidan var karakterisert av katastrofale klimaendringar forårsaka av aktiv vulkanisme som frigav enorme mengder CO2 til atmosfæren.

Klimaendringane førte til at om lag halvparten av alle artar som levde på den tida døydde ut, ei hending som blir kalla for trias-jura-utryddinga.

Men blant artane som overlevde trass alt var ei gruppe bartre kalla Cheirolepidaceae, som er ein slektning av dei gigantiske redwood-trea i USA.

Studiar av fossile pollenkorn frå denne bartregruppa, viser at trea danna hybridar ved å doble det eksisterande arvematerialet sitt.

Slike hybridar med fleire enn to kromosomsett (polyploid, sjå faktaboks) kan vere betre tilpassa stress frå miljøet enn slektningane som berre har to sett kromosom. Dette er blant anna nyleg rapportert i ein artikkel i Science.

Eksperiment har vist at dobla hybridar kan oppstå som svar på stress i miljøfaktorar som temperatur, beiting, skading, samt vatn og næringsstoff, noko som tyder på at kromosomdoblinga er ein strategi artar kan bruke for å overleve tøffe tider.

Landbruksplanter

Kystsequioa eller redwood

Redwoodtreet eller kystsequioa, er ein nolevande slektning av den utdøydde bartregruppa Cheirolepidaceae.

Foto: Wikimedia commons

Dei aller fleste landbruksplanter som vi menneske er avhengige av, er polyploide. Potet, kveite og havre er døme på polyploide artar. Forskarar er derfor interessert i å finne ut om slike plantar er like utsette for klimaendringane som plantar som berre har to kromosomsett.

Dersom polypoloidane er meir tilpassingsdyktige vil dei utgjere ein større proporsjon av plantane som overlever.

–Generelt har plantar mekanismar, slik som dobling av arvematerialet, til å kunne utvikle nye artar som er tilpassa til endringar i miljø og klima. Spørsmålet er sjølvsagt om ikkje menneskeskapte klimaendringar skjer for raskt eller er for ekstreme til at organismar har tid til å tilpasse seg, og dermed døyr ut, seier Küschner.

  • Les meir om saka på Universitetet i Oslo sine nettsider