Hopp til innhold

Studie på gambler-rotter gir håp om kur for spelavhengigheit

Rotter hekta på spelautomatar vart mindre spelavhengige med medikament, ifølgje ny studie.

De nye, "snille" spilleautomater får ikke likne for mye på de gamle

Medikament som blokkerer dopaminsystemet i hjernen kan hjelpe spelavhengige, tyder ny studie på.

Foto: MIKE CLARKE / AFP

Forsøksdyr blir utsett for mykje rart, men forsøket ved University of British Columbia tar kanskje kaka. Her designa psykologar eit rottekasino der forsøksdyra kunne gamble for sukkerpellets på ei spelautomat som minna om einarma banditt.

Ifølgje forskarane utvikla rottene etter kvart ei åtferd som minna om spelavhengigheit hos menneske, blant anna ein tendens til å tolke tap som nesten-gevinst, "near misses".

Forskarane viste deretter at dei kunne redusere spelavhengigheit-åtferda hos rottene ved å blokkere ein reseptor kalla dopamin D4 som er knytt til hjernens belønningssystem.

– Det trengst meir forsking på dette, men desse funna gir nytt håp om å kunne behandle spelavhengigheit, som er eit stadig større problem i befolkinga, seier PhD-student Paul Cocker som er hovudforfattar på studien som er publisert i i Biological Psychiatry.

Blinkande lys

Rottekasinoet bestod av ein einarma banditt med tre blinkande lys og to armar som rottene kunne dytte med labben sin. Dersom alle tre lysa blinka på ein gong betydde det gevinst, mens alle andre mønster tydde tap.

Rottene kunne så velje mellom å dytte på armen for å utbetale gevinsten på 10 sukkerpellets eller å starte eit nytt spel.

Dersom dei dytta på gevinst-armen utan å ha vinne, fekk dei derimot ein straff som innebar 10 sekund pause før dei kunne starte eit nytt spel.

Får eit tap til å kjenst som eit tap

Ifølgje forskarane viser studien at rotter viste mindre åtferd kopla til spelavhengigheit når dei vart behandla med eit medikament som blokkerte dopamin D4-reseptoren.

–Våre funn tyder på at blokkering av D4-reseptorar enkelt sagt kan få eit tap til å kjennest som eit tap, i staden for at nokre tapsituasjonar blir oppfatta som nesten-gevinstar, seier PhD-student Cocker til NRK.no.

Basert på desse funna, heller Cocker mot at ein kombinasjon av medikamentell behandling og åtferdsterapi vil vere det beste for å kurere spelavhengige.

–Skal vere forsiktig

– Ein skal vere veldig forsiktig med å komme med generelle påstandar om menneske basert på ein enkeltstudie med rottar, men at dopaminsystemet er involvert for menneske har lenge vore ei antaking, seier forskar Rune Mentzoni ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen som sjølv forskar på spelavhengigheit.

Han fortel at ein blant anna har sett at pasienter som blir behandla for parkinson med medikament som stimulerer dopaminsystemet ser ut til å vere utsette for å utvikle problem med pengespel.

Ifølgje Mentzoni finst det etter kvart ein del studiar som indikerer at ein kan få god effekt ved behandling av spelavhengigheit ved å bruke medikament som påverkar dopaminsystemet.

–Men det er mange ubesvarte spørsmål her. Vi veit for eksempel lite om kven som vil ha best nytte av medikamentell behandling, kor effektiv slik behandling vil vere samanlikna med tradisjonell psykoterapi, eller om ein vil forvente at psykoterapi i kombinasjon med medikamentell behandling gir best resultat, seier Mentzoni.