Hopp til innhold

Fotball-VM via hologram

Japan vil formidle fotball-VM i 2022 via hologram til stadion verda over.

Lionel Messi som hologram

Slik kunne Lionel Messi ha sett ut dersom årets VM vart overført via hologram. Denne teknologien vil Japan utvikle dersom de får arrangere fotball-VM i 2022 (biletet er manipulert).

Foto: DANIEL GARCIA / Afp

- Det er den mest fantastiske TV-produksjonsbeskrivelsen eg nokon gong har sett, seier teknologidirektør Petter Ole Jakobsen i selskapet Vizrt , som driv med fjernsynsteknologi, til P2s vitskapsprogram Verdt å vite .

Vizrt hadde grafikken på finalen i årets Melodi Grand Prix. For to år sidan overraska selskapet mange ved å lage eit slags "hologram" i CNN sitt studio under USA-valet. No håper Jakobsen at Japan får arrangere fotball-VM.

- Eg sluttar meg umiddelbart til og håper at Japan får VM i 2022. Eg syns det er heilt fantastisk, dei kan få til ting som ikkje har vore sett før, seier Jakobsen.

- Krev ny teknologi

Sjå Japans konseptvideo her:

Vizrt-direktøren håper det er mulig å overføre hologram frå Japan-VM til for eksempel Ullevaal stadion, men er usikker på om Japan klarer å utvikle akkurat den teknologien allereie innan 2022.

- Det vil trenge teknologi som vi ikkje veit eksisterer per i dag. Spørsmålet er om det er mulig til det tidspunktet. Kanskje, kanskje ikkje, seier Jakobsen.

- Som science fiction

Fotball-VM via hologram

Slik ser japanarane for seg at fotball-VM kan formidlast i 2022 – med bilder av spelarane overført som hologram til ei rekke stadion verda over. Men norske ekspertar er i tvil om det faktisk er mulig å klare dette om berre 12 år.

Jun Murai

- Det er viktig å sjå på korleis teknologien vil utvikle seg på 12 år. Eg trur dette vil vere mulig rundt 2016, seier professor Jun Murai ved Keio-universitetet ifølge AFP.

Foto: AFP

I desember skal Fifa avgjere kven som får arrangere VM i 2018 og 2022. Japan har levert ein høgteknologisk VM-søknad der dei lover 200 kamera som tek opp kampen i ei oppløysing på 8192 gonger 3420 pikslar (8K). Det er langt betre enn det du får med dagens HD-fjernsyn.

- Du kan seie at teknologien som krevst er som ein draum, og høyrest ut som science fiction. Men det er viktig å sjå på korleis teknologien vil utvikle seg på 12 år. Eg trur dette vil vere mulig rundt 2016, sa professor Jun Murai ved Keio-universitetet på ein pressekonferanse i førre månad, ifølge AFP.

Med 200 kamera på banen vil TV-sjåarane få oppleve andre og minst like spennande effektar som hologram, meiner Petter Ole Jakobsen i Vizrt. Han meiner TV-bilda vil likne på filmen " The Matrix ", der skodespelarane kan "frysast" i augneblinken, samtidig som kameraet "snurrar" rundt og viser det frosne objektet frå alle vinklar.

- Som i "The Matrix"

- Det vil gi heilt spektakulære sendingar. Mange har sikkert sett filmen The Matrix, som starta den effekten som er blitt veldig vanleg overalt, der du fryser eit bilde og går rundt objektet som er frose. Dette vil dei kunne gjere med alle spelarane og alt på bana - live, seier Jakobsen.

Han meiner at 3D-fjernsyn kombinert med denne Matrix-effekten vil sjå fantastisk ut.

- Skulle dei få til hologram, som er noko tvilsamt, men la oss seie det for moro skuld, så blir det endå betre. Men eg trur at med dei to første effektane vil dette bli ei sending ingen har sett liknande til, seier Jakobsen.

Krev avanserte projektorar

Skal dei lukkast med å overføre og gjenskape hologram på andre stadion, må japanarane klare å gjere kvar enkelt spelar om til ein 3D-figur, om lag som figurane i filmen " Avatar ".

I tillegg må bildene av spelarane frå 200 ulike kamera på stadion projiserast over på denne 3D-modellen, og deretter gjerast om til eit format som gjer at ein kan overføre det til andre stader via internett.

- Så langt er alt vel, det vil dei klare. Men så kjem ein til visningsteknikken. Det finst ingen teknologi som kan projisere ekte hologram i sanntid. Då CNN gjorde dette med hologram var det sjølvsagt berre juks, seier Jakobsen.

Sjå CNN-"hologrammet" her:

- Spørsmålet er om ein er i stand til å ta fram ein projektor som kan vise noko holografisk, det er heilt ukjent om går, seier Jakobsen.

- Har lova før

Det er ikkje første gong at japanarane har komme med teknologiløfter.

- Det minner meg om noko eg har sett før. På åttitalet skulle japanarane utvikle den femtegenerasjons datamaskina. Men det vart aldri noko av den intelligente datamaskina som vi skulle kunne snakke med, seier Odd Richard Valmot i Teknisk Ukeblad .

- Snakkar vi om 200 kamera i 8K er det så mykje data at sjølv 12 år med utvikling av algoritmar og prosesseringsteknologi, så er dette eit ganske heavy løft sjølv i 2022, seier Valmot.

Laserkanoner i drøssevis

Han trur prosesseringa er mulig, men er samd med Vizrt om at det blir vanskeleg å få vist hologramma.

- Korleis du skal projisere har eg vanskeleg for å sjå for meg, i alle fall i dagslys. Om kvelden er det kanskje mulig, sjølv om du nok må tåkelegge for å ha noko å projisere mot, seier Valmot.

Men det må ei mengde laserkanoner til for å klare å vise 3D-figurar i farge på eit stadion, og det blir dyrt.

- Her må det vere tre farga laserar som gjer dette. Ikkje tre, men ein drøss av slike. Så spørs det då, er dette lønsamt. Kor mange går det inn på eit slikt stadion, kanskje 30 000? Kan dei betale for eit slikt enormt pådrag? spør Valmot.

- Spektaktulært uansett

Men Vizrt-direktøren trur japanarane vil lukkast sjølv om dei ikkje skulle få til hologramma sine. Jakobsen meiner "Matrix"-effekten med sakte film frå alle vinklar i 3D er imponerande nok i seg sjølv.

- Sånn som det er skildra vil dei få til spektakulære ting. Får dei til hologram? Tja, det er eg i tvil om, men det er ikkje så farleg, seier Petter Ole Jakobsen.