Hopp til innhold

Fann dinosaur på storleik med Boeing-fly

Forskarar i Argentina har funne sensasjonelt godt bevarte restar frå ein av dei største dinosaur-artane som har levd på jorda.

Utgraving av gigant-dinosaur i Argentina

Forskarane fann gigant-skjelettet under eit utgravingsprosjekt i Argentina i perioden 2005-2009. Først no blir funna presenterte for allmennheita.

Foto: Kenneth Lacovara / Reuters

Samanlikning av storleik og vekt på ulike dyr/fly

Dinosaurarten 'Dreadnoughtous schrani' slår knockout på dei fleste andre artar og er omtrent like lang som eit Boeing 737-fly.

Foto: KENNETH LACOVARA / Afp

Forskarane oppdaga dei fossile restane av det gigantiske dyret i provinsen Santa Cruz sør i Argentina i 2005, men har brukt årevis på dei massive utgravingane.

Først torsdag denne veka blei det oppsiktsvekkjande dinosaurfunnet presentert i det vitskapelege tidsskriftet Scientific Reports:

  • Estimert vekt: 65 tonn - sju gonger meir enn Tyrannosaurus Rex.
  • Estimert lengd: 26 meter - på storleik med eit fly av typen Boeing 737

77 millionar år gamal

Eksemplaret i Argentina tilhøyrer arten «dreadnoughtus schrani», ein av dei største dyra som ein kjenner til at har levd på jorda.

Den trampa rundt med sine kolossale føtter på jorda for 77 millionar år sidan (øvre kritt alder).

– Dreadnoughtus Schrani var ufatteleg stor. Den vog like mykje som 12 afrikanske elefantar, eller sju T-rex, seier Kenneth Lacovara, som leiaren av utgravingane til CBS News.

Berre halsen måler 11,3 meter og halen 8,7 meter, ifølgje forskarne sine utrekningar.

Enda var ikkje dinosauren fullvaksen, avslører anatomiske undersøkingar av skjelettet.

Artikkelen fortset under biletet.

Forsker ved dreadnoughtus schrani-knokkel

Den amerikanske paleontologen Kenneth Lacovara poserer ved sida av kjempedinosauren sitt skinnebein på utgravingsstaden i Patagonia, Argentina.

Foto: KENNETH LACOVARA / Afp

«Den fryktlause»

Artsnamnet «dreadnoughtus schrani» betyr «den fryktlause» på norsk

Trass i namnet, bestod kjempen sitt kosthald av planter.

Aldri før har det vore mogleg å gjera så sikre estimat av storleiken til eit så stort landlevande dyr. Heile 70 prosent av skjelettet er funne i relativt god forfatning.

Funnet, gjort av amerikanske og argentinske forskarar gir ny innsikt om korleis dinosaurane såg ut og evolusjonshistoria deira, skriv tidsskriftet Scientific Reports.

Santa Cruz