BULGARIA-ARCHAEOLOGY - Ved byen Provadia i Bulgaria har arkeologar grave fram restar av det som kan vere europas eldste by. Biletet viser restar av forsvarsmurar som låg rundt steinalderbyen. - Foto: Bulgarian National Institute of Archeology / NTB Scanpix

Ved byen Provadia i Bulgaria har arkeologar grave fram restar av det som kan vere europas eldste by. Biletet viser restar av forsvarsmurar som låg rundt steinalderbyen.

Foto: Bulgarian National Institute of Archeology / NTB Scanpix

Europas eldste by kan vere funne

Ein 6700 år gammal by avdekka av arkeologar var bygd opp rundt saltproduksjon. – Svært betydeleg og interessant funn, seier norsk arkeolog.

Bulgarske arkeologar har avdekka det dei meiner er den eldste førhistoriske byen som er funne i Europa til no. Dette melder nyheitsbyrået AFP.

Byen er grunnlagt omkring ei saltforekomst nær den noverande bulgarske byen Provadia, og skal vere datert til perioden frå 4700-4200 år før Kristus.

Dette gjer han 1500 år eldre enn starten på den greske sivilisasjonen.

– Vi snakkar ikkje om ein by som dei greske bystatane, det gamle Rom eller midddelalderbusetnader, men om det som arkeologar er einige om utgjer ein by i det femte årtusen før Kristus, seier Vasil Nikolov frå Bulgarias National Institute of Archeology til nyheitsbyrået AFP.

– Det ser ut som eit svært betydeleg og interessant funn, seier professor Einar Østmo ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

– Funnet vil kunne medverke til forståinga av kulturhistoria i Europa og framveksten av meir organiserte samfunn. Saltproduksjonen og salthandelen er nok viktig for å forstå kva dette er, trur Østmo.

Salt - like verdifullt som gull

– Utvinning av salt byrja her om lag år 5500 før Kristus, då menneska byrja å koke vatn frå salthaldige kjelder i ovnar inne i busetnaden, fortel Nikolov.

Nikolov fortel at salt på denne tida var like verdifullt som gull, og vart nytta som handelsvare og valuta i tillegg til næringsmiddel.

– Handelen med salt gav innbyggarane stor økonomisk makt, noko som kan forklare gullfunnet i gravene ved Varna nekropolis som er datert til rundt 4300 før Kristus, trur Nikolov.

Funnet av 3000 smykker og andre gullgjenstandar som vart gjort for om lag 40 år sidan, er internasjonalt anerkjent som den eldste gullskatten i verda.

At byen husa verdifull salt i store mengder kan også forklare dei tjukke forsvarsverka av mur omkring byen, trur ekspertane.

– Dei enorme murane omkring busetnaden, bygd svært høge og med steinblokker, er noko vi ikkje har sett tidlegare i førhistoriske utgravingsstader i søraust-Europa, seier arkeolog Krum Bachvarov.

BULGARIA-ARCHAEOLOGY - Skjelett av ein mann gravlagt med keramikkbolle i den førhistoriske byen . - Foto: Bulgarian National Institute of Archeology / NTB Scanpix

Skjelett av ein mann gravlagt med keramikkbolle i den førhistoriske byen .

Foto: Bulgarian National Institute of Archeology / NTB Scanpix

Nekropolis

I utgravingane av byen som har halde på sidan 2005, har arkeologane til no avdekt restar av busetnader med toetasjers hus, samt deler av ein port, bastionstrukturar og tre seinare befestningsmurar.

Arkeologane har også funne ein nekropolis, eller ein gravstad, som enno gjenstår å studere i detalj.

Ifølgje Bachvarov er funnet av gravstaden svært interessant på grunn av dei uvanlege stillingane dei døde er gravlagt i, samt funn av gjenstander i gravene som skil seg frå andre graver funne i Bulgaria.

Om Provadia blir ståande som Europas eldste by, står att å sjå.

– Dei aller fleste busetnader frå steinalderen i Bulgaria og andre stader er nok ikkje funne enno, så det gjeld å vere budd på overraskingar, seier arkeolog Einar Østmo.

BULGARIA-ARCHAEOLOGY - Restar av ein mann og to barn funne i grav nær byen Provadia i det austlege Bulgaria, i det som kan vere Europas eldste by. - Foto: Bulgarian National Institute of Archeology / NTB Scanpix

Restar av ein mann og to barn funne i grav nær byen Provadia i det austlege Bulgaria, i det som kan vere Europas eldste by.

Foto: Bulgarian National Institute of Archeology / NTB Scanpix

Hvor brennbar er en bursdag? Eller en laptop i sofaen? Vi tester om gardiner av bomull brenner raskere enn gardiner av polyester og oppdager at den samme madrassen brenner dårligere i England enn i Norge.
Helgelandskysten - under havørnas vinger
Norsk naturserie. Helgelandskysten er et rike bestående av tusen øyer med en helt spesiell fauna. Her skal vi blant annet møte vår største ugle og vår største ørn på nært hold, i sjeldne opptak av familielivet, og ærfuglen - som viktig del av norsk kystkultur. (5:8)
Hvorfor tolererer vi ikke offentlig sinne her i landet? Er det så farlig å være litt sint? Abels Tårn. Talk Radio.