Hopp til innhold

Dette får dei Nobelprisen for

Edvard og May-Britt Moser oppdaga hjernens stadsans og står også bak oppdaginga av to typar hjerneceller.

Moser

AVDEKKJER LØYNDOMAR I HJERNEN: Ekteparet Moser studerer dei delane av hjernen vi kallar hippocampus og enthorinal cortex for å finne ut korleis stadsansen vår fungerer.

Foto: Geir Mogen, NTNU

May-Britt og Edvard Moser fann hjernens indre kart i 2005, og løyste med dette eitt av nevrovitskapens største mysterium – korleis vi sansar stad.

Kartet blir danna av ein type hjerneceller kalla gitterceller.

Seinare har «Moserane» også funne ein annan type hjerneceller som markerer grenser i kartet, dei såkalla kantcellene eller grensecellene.

Det siste er ei oppdaging som dei gjorde samstundes med John O’Keefe.

Med dette står dei norske hjerneforskarane bak oppdaging av heile to nye typar hjerneceller.

Plasscellene

John O’Keefe, som May-Britt og Edvard Moser deler Nobelprisen med, var den første som oppdaga stadaktive hjerneceller då han fann plasscellene i 1971.

Dette var hjerneceller i hippocampus som «kjende igjen» landemerke i rommet, og som gav forsøksrotter beskjed om kvar dei var. O’Keefe fann plasscellene ved å måle aktiviteten til hjerneceller i rotter direkte medan dei var i live.

O’Keefe fekk nyleg Kavliprisen i nevrovitskap for dette arbeidet.

Likevel var det eit mysterium kvar plasscellene fekk informasjonen sin frå, og dette stod uløyst i over 30 år.

Kvar stadsignalet oppstod, var ei av dei gåtene May-Britt og Edvard Moser gjekk i gang med å finne svar på då dei starta opp si eiga forskargruppe ved NTNU i Trondheim i 1996.

Dei brukte rotter som utforska eit miljø til å studere dette, mens dei følgde med på hjernecellene deira. Teknikken med å måle aktivitet i rottehjernen hadde dei lært under eit opphald i John O’Keefe’s lab ved University of London.

Grid cell

VÅRT INDRE ATLAS: Saman lagar gittercellene eit koordinatsystem av fire kart i ulik storleik som hjelper oss å finne fram.

Foto: Wikipedia - CC BY-SA 3.0

Trekanta koordinatsystem

Medan dei fleste hadde rekna med at det var hippocampus som var åstad for stadsansen, viste oppdaginga til «Moserane» at stadsansen vår i staden er lokalisert i eit område utanfor hippocampus, i ein del av hjerneborken kalla enthorinal cortex.

Kartet består av gitterceller som er organisert i eit trekanta koordinatsystem, til skilnad frå dei kvadratiske koordinatsystema vi er vant til frå atlaset.

Kartet vart først oppdaga hos rotter, men seinare har andre forskarar funne kartet også hos andre pattedyr, blant anna hos menneske.

Forskarane har også funne at gittercellene får hjelp av celler som måler fart og retning til å avgjere kor raskt vi beveger oss omkring på kartet.

Fire stadsansar

I 2012 fann Moser-gruppa også at vi ikkje berre har éin, men minst fire stadsansar. Gittercellene dannar fire ulike kart der kvart er om lag 1,42 gongar større enn det andre. Dette er også rekna som ei svært viktig oppdaging.

May-Britt og Edvard Moser si forsking er grunnforsking som gir oss kunnskap om korleis hjernen fungerer, men forskinga deira vil på sikt kunne føre til behandlingar av ulike nevrologiske og psykiatriske sjukdommar.

I Alzheimer, ein sjukdom som tusenvis av nordmenn får kvart år, er stadsansen nettopp ein av dei områda i hjernen som blir råka aller først.