Hopp til innhold

Desse virusa kan gi den neste pandemien

Ebola i Afrika og «Kamelviruset» i Sør-Korea er blant ei rekke nyoppdaga virus som har spreidd seg frå dyr til menneske.

Hjelpearbeidere

Ebola er eitt av dei mest dødelege virusa vi kjenner til. Her ber hjelpearbeidarar bort liket av ein ebola-pasient i Sierra Leone.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

«Kamelviruset» MERS som nyleg har brote ut i Sør-Korea er berre eitt av fleire dødelege virussjukdommar som har dukka opp dei siste tiåra.

Det mange av virusa har til felles er at det ikkje finst noko vaksine, og at dei har hoppa over til menneske frå dyr, ofte flaggermus.

Her er ei liste over nokre av virusa som kan forårsake den neste store pandemien, med kommentarar frå smittevernekspertane Preben Aavitsland i Epidemi og Siri Hauge i Folkehelseinstituttet.

Mers-viruset

MERS- og SARS-virusa er begge coronavirus. Dette er ein type virus som også gir vanleg forkjøling. Biletet viser eit MERS-virus.

Foto: Uncredited / Ap

SARS

I 2003 vart verda skaka av eit skremmande utbrot av ein akutt og dødeleg luftvegssjukdom som ingen hadde sett tidlegare, Severe acute respiratory syndrome (SARS). Det ukjente syndromet dukka opp omtrent samtidig i Toronto i Canada, Singapor, Vietnam, Thailand, Taiwan og Beijing. Gro Harlem Brundtland, som var leiar av WHO på dette tidspunktet, åtvara om at syndromet var ein global helsetrussel, og at alle nasjonar måtte jobbe saman for å finne årsaka og stoppe spreiinga.

Årsaka viste seg å vere eit coronavirus, ein type virus som er ei vanleg årsak til forkjøling hos menneske. I etterkant av utbrottet spora ekspertane viruset tilbake til eit kattedyr som vart selt på vilt-matmarknaden i sør-Kina, og deretter til flaggermus. I dag meiner ekspertane at det truleg er flaggermus som er den naturlege verten for viruset, og at det hoppar over til menneske via dyr som blir smitta av flaggermus.

I utbrotet i 2003 vart 8273 smitta av SARS. 775 av desse døydde som følgje av sjukdommen.

Smittevernekspert Preben Aavitsland i rådgivingsfirmaet Epidemi seier dette om viruset:

–SARS-viruset var ein vekkar i 2003 og viste kor raskt eit nytt virus kan spreie seg til heile verda. Vi lærte også om fenomenet «superspreiar», altså at det ser ut til at nokre pasientar er mykje meir smittsame enn gjennomsnittspasienten.

Kamelar i Saudi-Arabia
Foto: MOHAMED AL HWAITY / Reuters

MERS

Middle East Respiratory Syndrome, eller MERS (sjå faktaboks), vart oppdaga første gong i 2012. I likskap med SARS skuldast syndromet eit coronavirus. Ein mistenker at menneske har biltt smitta ved kontakt med kamelar og dromedarar. Men studiar av virusets arvestoff tydar på at kamelane igjen kan ha blitt smitta av flaggermus.

Det er registrert fleire hundre tilfelle av MERS, og om lag 30–40 prosent av dei smitta har døydd.

– Mykje er enno uavklart når det gjeld MERS, blant anna om kamel er reservoar eller berre eit mellomledd mellom eit anna dyr og menneske. Det er også uavklart kor smittsamt viruset er mellom menneske, fortel Aavitsland.

– MERS-viruset verkar ikkje å vere veldig smittsamt, vi ser at ein har klart å stoppe viruset når ein har sett i gang smittverntiltak, seier overlege Siri Hauge i Folkehelseinstiuttet.

Nipah-virus i Malaysia

Utbrot av Nipah-virus på ein svinefarm i Malaysia i 1999.

Foto: VINCENT THIAN / NTB Scanpix

Nipah

Nipah-viruset høyrer til same virusfamilie som meslingviruset, Paramyxoviridae. Viruset vart første gong oppdaga då malaysiske grisebønder vart råka av ein mystisk ukjent sjukdom i 1998. Symptoma var blant anna feber, hovudverk, og krampeanfall. Sidan 1998 har det vore 12 utbrot, alle i det sørlege Asia.

Ekspertar har spora viruset tilbake til flaggermus av typen flygande hundar, som livnærer seg av frukt. Desse smittar sannsynlegvis grisar, som deretter kan overføre smitte til menneske. Ifølgje WHO dør om lag 40–75 prosent av dei som blir smitta.

Nipha-viruset er i nær slekt med Hendra-viruset som angrip hestar på austkysten av Australia. Hendra-viruset kan også smitte over til menneske, og står bak dødsfallet til ein hestetrenar som vart smitta av hesten sin i 1994.

Kvinne med meslingar

Meslingar er den mest smittsame sjukdommen vi kjenner til.

Foto: Wellcome Images

Meslingar

Både Aavitland og Hauge meiner at meslingviruset er grunn til å følgje nøye med på.

– Meslingar er den mest smittsame sjukdommen vi kjenner til, fortel Siri Hauge.

Ein person med meslingar kan smitte 15–20 personar i ein befolkning der ingen har immunitet mot sjukdommen. Til samanlikning er det same talet når det gjeld influensa cirka 1,2.

– Meslingvirus smittar ekstremt lett, og er ein konstant trussel for uvaksinerte grupper, sjølv om dødsrisikoen er låg for dei fleste, seier Preben Aavitsland.

– Viss vi sluttar å vaksinere mot meslingar, kan vi vere heilt sikre på at sjukdommen kjem til å spreie seg igjen, seier Hauge.

Vaksine mot fugleinfluensa i Kina

Vaksine mot fugleinfluensa i Kina.

Foto: CHINA DAILY / Reuters

Influensa

Influensavirusa skyl over oss kvar vinter, og er som regel ufarleg for dei fleste av oss. Men smittevernekspertane følgjer nøye med på desse sesong-virusa:

– Nye influensavirus har potensial til å utvikle seg til ein pandemi, fortel overlege Siri Hauge.

Hauge fortel at influensavirusa har evne til å mikse seg med andre influensavirus og lage nye viruskombinasjonar.

Eit par influensavirus har vist seg å vere skumlare enn vanleg:

Fugleinfluensa

Fuglar er hovudkjelda til dei fleste influensavirus, men influensavirusa H5N1 og H7N9 har fått tilnamnet Fugleinfluensa, sjølv om det sirkulerer mange fleire typar hos fugl og fjørkre.

– Fugleinfluensavirusa H5N1 og H7N9 gir enno grunn til bekymring. Dei er lite smittsame mellom menneske, men virusa har potensial for å endre seg og få nye eigenskapar, seier Aavitsland.

WORLDPRESSPHOTO2015/WINNERS Pete Muller, a U.S. photographer of Prime on assignment for National Geographic/The Washington Post, won the First Prize in the General News Category, Stories, of the 2015 World Press Photo contest

Ein Ebola-pasient blir tatt hand om av to sjukepleiarar i Freetown, Liberia.

Foto: HANDOUT / Reuters

Ebola

Det første tilfellet av Ebola vart registrert i 1976 i Kongo. Sjukdommen har sidan komme tilbake i fleire mindre utbrot, for deretter å forsvinne igjen. Det største utbrotet er det som råka Vest-Afrika i 2014. Dette utbrotet føregår enno.

Viruset er svært dødeleg, men heldigvis ikkje særleg smittsamt. Reservoaret for Ebola-viruset er enno ikkje kjent, men også her er flaggermus høgt på lista over mistenkte.

I utbrotet i 2014 er om lag 20.200 menneske smitta, og rundt 8000 menneske har døydd.

– Den største aktuelle bekymringa er Ebolaviruset. Viss ein ikkje klarar å stoppe epidemien heilt, risikerer vi at viruset blir endemisk blant menneska i deler av Vest-Afrika, seier Aavitsland.

Han meiner at faren då er at viruset kan utvikle seg til å gi litt mindre alvorleg sjukdom, slik at fleire sjuke kan halde seg oppegåande lenger og dermed smitte fleire før dei blir skikkeleg sjuke.

– Då blir det mykje vanskelegare å stoppe viruset, i alle fall utan storstilt vaksinering, seier Aavitsland.

Siri Hauge trur det er lite sannsynleg at blødingsfeberane Ebola og Marburg kan gi ein pandemi, fordi ein kan stoppe utbrota ved gode smitteverntiltak.

Flaggermus

Flaggermus til sals på ein marknad i Brazzaville i Kongo.

Foto: Jiro Ose / NTB Scanpix

Marburg

Marburg-viruset høyrer til i same virusfamilie som Ebola, filovirus. Det forårsakar ein Ebola-liknande blødingsfeber hos dei som blir råka. Viruset vart første gong skildra i 1967. Då forårsaka det eit utbrot blant anna i den tyske byen Marburg hos menneske som hadde vore eksponert for infisert vev frå afrikanske apekattar. Viruset er seinare spora tilbake til afrikanske flaggermus.

Berre eit fåtal tilfelle er kjent.

– Meir nærkontakt med ville dyr

Lista over er berre nokre av dei nye eksotiske virussjukdommane som har dukka opp dei siste tiåra. Kvifor ser vi så mange nye virussjukdommar?

– Det er mykje som tydar på at vi får fleire virus som hoppar over frå dyr til menneske, seier Preven Aavitland.

– Dels kan det ha med at vi no ser betre etter og har betre metodar for å påvise nye virus, men det har nok også med at menneske kjem meir i nærkontakt med ville dyr når menneske tar i bruk stadig nye areal og kanskje også et nye dyr, seier han.

Siri Hauge trur betre diagnostikk og overvaking kan forklare dei nye sjukdommane som er oppdaga:

– Det er nok mange av desse sjukdommane som har vore der lenge, men som vi ikkje har leita etter tidlegare. For eksempel kan MERS ha sirkulert i fleire tiår, utan at vi har hatt testar til å påvise det, seier Hauge.