Hopp til innhold

Dei mest forureina stadene i verda

Ved hjelp av målingar frå NASA-satelittar har forskarar kartlagt stadene på jorda som har mest luftforureining.

Globalt forurensingskart

Kartet viser eit gjennomsnitt av global partikkelforureining i åra 2001-2006. Det raude beltet frå Sahara til aust-Asia har høgast konsentrasjonar av luftpartiklar.

Foto: Aaron van Donkelaar, Dalhousie University

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Nye målingar av luftforureining viser at 80% av verdas befolkning pustar inn luft som overstig WHO sine anbefalte nivå.

Dei kanadiske forskarane Aaron van Donkelaar og Randall Martin ved Dalhousie University i Halifax har brukt målingar frå to NASA-satelittar til å måle mengda av bitte små forureiningspartiklar i luft verda over.

Funna deira vart nyleg publisert i tidsskriftet Environmental Health Perspectives.

Fører til sjukdommar

Luftpartiklar med storleik 2,5 mikrometer eller mindre i diameter, forkorta PM2,5 , utgjer eit stort helseproblem, då dei kan passere kroppens forsvarsmekanismar og kan trengje langt ned i lungene, og til og med inn i blodsystemet.

Når dei først har komme seg inn i kroppen kan dei føre til ei rekkje av sjukdommar, deriblant astma, hjarte-karsjukdommar og bronkitt.

Spesielt eldre, sjuke og småbarn med luftvegssjukdommar er utsett for luftforureining.

I mange land finst det ingen målingar av PM2,5 -nivå, trass i at epidemiologar mistenker at dette fører til for tidleg død for millionar av menneske kvart år.

Verdas helseorganisasjon, WHO, anbefaler at konsentrasjonar av PM2,5 i lufta ikkje overstig 10 mikrogram per kubikkmeter.

Størst konsentrasjonar i Kina og India

Forskarane sine målingar viser svært høge verdiar av PM2,5 i eit breitt belte som strekker seg frå Saharaørkenen i det nordlege Afrika og heilt til det austlege Asia.

I dette området bur over 80% av verdas befolkning.

Dei aller høgaste verdiane for PM2,5 finn vi i industriregionar i det austlege Kina der konsentrasjonar kan komme opp i over 100 mikrogram per kubikkmeter luft.

Tett i hæl kjem India, med verdiar på 80-100 mikrogram per kubikkmeter i områda frå New Dehli og austover.

Forskarane understreker at det er nødvendig med meir nøyaktige målingar av PM2,5-nivå.

NASA har no planar om å utvide sitt globale nettverk av partikkelsensorar på bakken.

Også norske byar over WHO-anbefalingar

I Noreg følgjer vi EUs retningslinjer, som tilseier at PM2,5-nivået ikkje bør overskride 25 mikrogram per kubikkmeter.

–Ingen norske byar er over dette nivået, seier Dag Tønnesen ved NILU, norsk institutt for luftforsking. Men ved verdiar på over 8 mikrogram per kubikkmeter er det pålagt å utrede, og mange byar er over dette, legg Tønnesen til.

I Oslo er luftforureininga i periodar å samanlikne med europeiske byar som Paris og Madrid i følgje Statens vegvesen. I 2009 låg årsmiddelnivået av PM2,5 for hovudstaden på 10-15 mikrogram per kubikkmeter.