Hopp til innhold

– Kan ha brote helseforskingslova

Borrelioseforsking ved Universitetet i Oslo kan bryte med regelverket for helseforsking, meiner smittevernlege Preben Aavitsland som har sendt bekymringsmelding til Helsetilsynet.

Preben Aavitsland er kritisk til metoden for å påvise flåttbakteriar i blod

Preben Aavitsland er frikjent for uttalelser om flått. Aavitsland syns det er bra, men er skeptisk til at Legeforeningens råd deltar i debatten.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Tidlegare leiar for Folkehelseinstituttet, Preben Aavitsland, har sendt bekymringsmelding til Helsetilsynet og Datatilsynet om borrelioseforskinga til dei to pensjonerte UiO-biologane Ivar Mysterud og Morten Laane.

Mysterud og Laane hevdar å ha utvikla ein metode for å påvise borreliosebakteriar i blod, og har blant anna funne borreliose i blodet til Lars Monsen. Metoden har blant anna vore omtalt i Universitetet i Oslos forskingstidskrift Apollon.

Aavitsland seier til NRK.no at hans hovudbekymring er at det er forskingsetisk svært problematisk å gi diagnosar basert på ein eigenutvikla test som ikkje er prøvd mot andre metodar og på friske personar.

–Slik det ser ut kan dei ha brote helseforskingslova der det heiter at nye metodar skal prøvast mot dei best tilgjengelege metodar som finst. Det ser ikkje ut til at dei har gjort. Dei har berre tatt det for gitt at den metoden dei har utvikla verker, utan å gjere noko forsøk på å bekrefte det eller validere, seier Aavitsland til NRK.no.

  • Les Aavitslands brev til Helsetilsynet og Datatilsynet her

– Kvakksalveri

Aavitsland kan ikkje sjå at Mysterud og Laane har fått etisk godkjenning til å forskingsprosjekta som ligg til grunn for dei to vitskaplege artiklane om borreliose-påvising i blod.

–Eg tviler på at etisk komité kan ha godkjent det som no går føre seg. Eg meiner dette er kvakksalveri, seier smittevernlegen.

Ivar Mysterud vil berre svare heilt kort på spørsmål frå NRK.no om dei har søkt den etiske komité om å få gjere denne type forsking.

– Dette har vi skrive om ein eller annan stad, ut over det har eg ingen kommentar. Universitetet er no i ferd med å gå gjennom dette, seier han.

–Pasienthistorier med fullt namn

Aavitsland har også reagert på at det ligg ute pasienthistorier med fullt namn på Morten Laanes heimeside, noko han meiner er svært problematisk i eit helseforskingsprosjekt sjølv om det er pasientane sjølv som har skrive historiene.

Derfor har han også sendt brevet til Datatilsynet som har tilsyn med personopplysingar i helseforsking.

–Pasientar lir overlast

Regelverket for medisinsk forsking skal verne pasientar mot uetisk forsking, og skal sikre at pasientar som melder seg skal vere fullt informert om biverknader, og vite at dei får den meste diagnostikk og behandling som kan gis.

–Helseforskingslova byggjer på respekt for pasienten, og skal syte for at dei ikkje lir overlast. Desse forskingspasientane lir overlast fordi dei får vite at dei har ein diagnose som sannsynlegvis er heilt feil fordi det byggjer på ein metode som ingen veit om verker, seier Aavitsland.

– Universitetet har også ansvar

Aavitsland meiner også at Universitetet i Oslo har eit ansvar sjølv om forskarane det er snakk om er pensjonistar.

– Dei brukar universitetets lokale og utstyr, og dei blir assosiert med Universitetet og gir dei truverd, seier Aavitsland.

–Vi skal jo ha fri forsking her i landet, men det er avgjerande at forskinga følgjer regelverket som er utarbeidd for å beskytte pasientane, seier han.

– Vi vil sjølvsagt hjelpe tilsyna i å finne ut av om det faktisk har skjedd brot på regelverket, seier instituttleiar Finn Eirik Johansen ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo som forskarane Mysterud og Laane arbeider ved.

Johansen seier også at alle prosjektleiarar ved deira institutt pliktar å setje seg inn i relevant regelverk, inkludert helseforskingslova.

Instituttet gjer no undersøkingar for å finne ut om Mysterud og Laane har etisk godkjenning som dekker deira forskingsaktivitetar.