Hopp til innhold

«Slankande» bakteriar går i arv, viser ny studie

Forskarar viser for første gong at slankande bakteriar går i arv. – Dette kan teoretisk føre fram til ei behandling for overvekt, seier norsk forskar.

Mage

Genane dine kan påverke kva bakteriar du husar i tarmen, ifølgje ny studie.

Foto: Scanstockphoto

I ein ny studie fann eit team av amerikanske og britiske forskarar at einegga tvillingar oftare delte tarmflora enn toegga tvillingar.

For første gong har forskarane dermed funne eit klart bevis på at folks genar faktisk påverkar samansetninga av tarmfloraen vår.

Forskarane fann også at bakteriefamilien som oftast gjekk i arv var overrepresentert hos slanke menneske.

Effekten er ikkje så stor

Johannes Espolin Roksund Hov

Forskar Johannes Espolin Roksund Hov forskar på tarmfloraens innverknad på sjukdommar.

Foto: Yngve Vogt, Universitetet i Oslo

Resultatet har forskarteamet komme fram til ved studiar av bakteriefloraen hos 977 deltakarar i ein britisk tvillingstudie, TwinsUK.

– Dette viser at genane faktisk speler ei rolle, seier Johannes Espolin Roksund Hov ved Oslo Universitetssykehus. Han leiar ei forskargruppe som blant anna arbeider med å undersøke tarmfloraens betydning for betennelsessjukdommar. Han har ikkje vore involvert i denne studien.

– Resultatet er likevel ikkje veldig overraskande, då det har vore ein generell tanke at tarmfloraen påverkar oss, men også at vi påverkar tarmfloraen vår, fortel Hov.

Han forklarar at det er storleiken på studien som gjer at forskarane denne gongen klarer å påvise ein samanheng, der tidlegare studiar ikkje har klart å finne det.

– I tillegg betyr nok dette at effekten av den genetiske arven ikkje er så stor, seier Hov.

Støyen av alle dei andre faktorane som også påverker tarmfloraen, som til dømes kosthald, kan derfor ha gjort det vanskeleg å oppdage effekten.

Kaloriar er ikkje kaloriar

Miljøet er den viktigaste kjelda til bakteriefloraen vår. Dette fann også forskarane i studien for dei aller fleste tarmbakteriane.

Men nokre bakteriar gjekk i arv, og den bakteriefamiilen som oftast gjorde det var Christensenella minuta, som oftare blir funne hos slanke menneske.

Det kan kanskje vere med på å forklare korleis nokre menneske tilsynelatande kan ete kva dei vil utan å legge på seg, mens andre legg på seg av det same kosthaldet.

– At kosthaldet vil virke ulikt på ulike folk, ja det trur eg. Det er ikkje så enkelt som at ein kan ta kaloriar inn minus aktivitet som går ut. Det handlar mellom anna også om kor mykje energi vi klarar å trekke ut frå maten, seier Hov.

Behandling mot overvekt?

I studien tilførte forskarane den «slankande» bakterien til ein overvektig tarmflora, og overførte dette til tarmen hos mus utan tarmflora.

Forsøka viste at musene som hadde fått tilført bakterien fekk mindre vekst enn kontrollmus som hadde fått overført tarmflora frå overvektige utan den slankande bakterien.

– Dette kan teoretisk føre fram til ei behandling for overvekt, sjølv om ein kan vere i tvil om kor stor effekt det vil ha, seier Hov.

Han ser elles fleire moglegheiter når det gjeld behandling av andre sjukdommar.

– Vi trur at tarmfloraen har betydning for mange sjukdommar. Viss ein kan forstå korleis tarmfloraen gir sjukdom, kan det opne seg ei dør til nye behandlingsmetodiar som påverkar tarmbakteriane. At genar har betydning er viktig for vidare studiar, fortel Hov.