Hopp til innhold

Sibirsk mumie viser fram 2500 år gamle tatoveringar

Permafrost har sikra unik bevaring av tatoveringar på mumie av sibirsk prinsesse. – Det er eit utruleg nivå av tatoveringskunst, seier russisk arkeolog.

Den mumifiserte kroppen til ei sibirsk prinsesse som levde for 2500 år sidan er nylig tilbakeført til funnstaden i Altaj-republikken i Sibir.

I samband med at mumien kjem heim, har arkeologar og vitskapsfolk ved Institute of Archaelogy and Ethnography i Sibir frigitt unike bilete til avisa Siberian Times.

Bileta viser at kvinna, som kan ha vore ei prinsesse, bar svært vakkert utførte tatoveringar av fantasidyr på skuldrar, armar og hender.

– Utruleg nivå

– Det er eit heilt utruleg nivå av tatoveringskunst, seier den russiske arkeologen Natalia Polosmak som oppdaga mumiegrava på ein arkeologisk ekspedisjon i 1993.

Kvinna som høyrte til det utdøyde Pazyryk-folket i Sibir, var mellom 25-28 år då ho døydde for om lag 2500 år sidan.

Ho vart funnen i ei velutstyrt grav saman med seks hestar med seletøy, eit måltid beståande av saue- og hestekjøt og vakre prydgjenstandar av filt, tre, bronse og gull.

To menn som var gravlagde nær kvinna, og som kan ha vore krigarar, var dekorerte med liknande tatoveringar av mytiske dyr på store delar av kroppen.

– Samanlikna med alle tatoveringar funne av arkeologar omkring i verda er dei som er funne på mumiane av Pazyryk-folket dei mest kompliserte og dei vakraste, seier Polosmak.

Bevart i permanent frosen isklump

Illustrasjon av tatovering på hendene til sibirsk mumifisert prinesse

Illustrasjonen viser tatoveringane på prinsesse Uloks hender. Den eine tatoveringen er eit hjortehovud med gevir.

Foto: Siberian Times

Arkeolog Christopher Prescott ved Universitetet i Oslo fortel at det er ein kombinasjon av årsakar som har gjort at desse menneska er så godt bevarte.

Dei kongelege elitar vart mumifisert, og elitens avdøde vart gravlagt i kjempemessige gravanlegg med armerte jordlag og kammer for å hindre plyndring.

– I tillegg til dette har tilhøva i gravene i Altaj skapt eit heilt spesielt hendingsforløp, fortel Prescott.

– Der desse vart gravlagt er jorda prega av permafrost. Etter gravlegginga av blant anna Pazyryk-prinsessa vart gravkammeret sett under vatn på grunn av flaum. Deretter fraus vatnet, slik at materialet låg i ei ugjennomtrengjeleg, lufttett og frosen isblokk.

Liket vart altså først mumifisert, deretter lagt i ein isklump og permanent frose i om lag 2500 år.

Forskarane måtte smelte den enorme isblokka før dei avdekka isprinsessa Ukok liggjande med bøygde kne inne i gravkammeret iført klede av indisk og kinesisk silke.

Til hjelp etter døden

Tatovert krigarmumie frå Sibir

Denne mumifisert krigaren med tatovert skulder vart funnen nær prinsessa.

Foto: Siberian Times

Dei 2500 år gamle tatoveringane minner overraskande mykje om moderne kroppskunst. Likevel hadde menneska på denne tida sannsynlegvis andre grunnar for å pynte huda si enn det vi har i dag.

Prescott fortel at det er mange synspunkt på kvifor tidlegare menneske har tatovert seg, og kor utbreidd det har vore.

Han meiner at heilskapen tyder på at det var den absolutte eliten i desse svært hierarkiske krigarsamfunna som fekk dei mest fantastiske tatoveringane.

Prescott fortel at tatoveringane kan ha hjelpt den som bar dei til å signalisere kven ein var i ei kompleks politisk og etnisk verd prega av stor mobilitet over ufattelege avstandar. Tatoveringane kan også ha vore del av riter knytta til livsløpet til mennesket, og hjelpe det i døden.

– Tatoveringar var brukt som ein slags personleg identifikasjon, som eit slags pass, seier den sibirske arkeologen Natalia Polosmak.

–Pazyryk-folket trudde også at tatoveringane ville vere til hjelp i eit anna liv, og at det kunne gjere det enklare for menneske av same familie og kultur å finne tilbake til kvarandre etter døden.