Hopp til innhold

Kan ha funne over 1000 nye planetar

Keplerteleskopet kan ha funne over 1000 nye planetar utanfor vårt solsystem. – Det mest spennande er at stadig fleire av planetkandidatane byrjar å likne på vår eigen planet, seier norsk astrofysikar.

Kepler-11 med seks planetar

Planetsystemet Kepler-11 med seks planetar i ein illustrasjon av ein kunstnar. No har Keplerteleskopet funne 1091 potensielle nye planetar.

Foto: NASA/Tim Pyle

Heile 1091 potensielle nye eksoplanetar (sjå faktaboks) er fanga opp av NASAs Keplerteleskop, ifølgje ein ny studie.

Med dette er talet på moglege nye planetar utanfor vårt eige solsystem komme opp i hele 2321.

Planetane er enno ikkje bekrefta, og blir difor omtalt som planetkandidatar. Funna er basert på analysar som er samla inn av romteleskopet i perioden mellom mai 2009 og september 2010.

Likevel er det ifølgje forskarane ved Kepler grunn til å tru at dei aller fleste vil vise seg å vere faktiske planetar:

– Vi har ein statistisk grunn til å trur at om lag 90 prosent av dei er reelle planetar, seier astronom Ronald Gilliland i Keplerteamet til National Geographics.

Fleire jordkandidatar

Jostein Riiser Kristiansen

Astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen.

Foto: Universitetet i Oslo

– At det er så mange er moro, men det aller mest spennande med dei nye planetkandidatane er ikkje den store auken i tal, men at stadig fleire av dei byrjar å likne på vår eigen planet, seier astrofysikar og førsteamanuensis ved Høgskolen i Akershus og Oslo, Jostein Riiser Kristiansen, til NRK.no.

No som Kepler har vore aktiv ei stund har romteleskopet hatt moglegheit til å finne fleire planetar som er mindre og lenger unna stjernene, altså meir jordliknande.

– Det er slike planetar som er aller mest spennande viss vi ønskjer å finne jordtvillingar der ute. Talet planetkandidatar i jordstorleik har blitt nesten femdobla med dei nye planetkandidatane, seier Riiser Kristiansen.

Av 46 moglege planetar som ligg innanfor den avstanden frå moderstjerna der vatn kan eksisterer i flytande form, er heile 10 planetar på storleiken med jorda ifølgje ei pressemelding frå Kepler.

Treng fleire planetpassasjar

At det dukkar opp stadig fleire jordliknande planetar blant kandidatane heng saman med korleis Kepler leiter etter planetar.

Romteleskopet følgjer med på stjernene i eit fast utsnitt av stjernehimmelen. Når ein planet passerer forbi moderstjerna si, blokkerer den litt av stjernelyset. Kepler ser etter nettopp slike små ”dupp” i lyset frå stjerner.

Teknikken gjer at det er lettast å oppdage store planetar som går i svært tett bane rundt stjernene sine. Ein stor planet vil blokkerer mykje stjernelys, og ein planet i tett bane vil ha kort omløpstid og dermed passere hyppig framfor stjerna.

– Difor fann Kepler i starten mange planetar som er mykje større og varmare enn jorda, fortel Riiser Kristiansen.

Mindre planetar vil derimot blokkere ein mindre del av lyset frå moderstjerna, og gir mindre variasjon i lysintensitet.

Difor må Kepler observere fleire passasjar av dei små planetane for å vere sikker på at variasjonen ikkje skuldast andre tilhøve.

Mest jordliknande verd

Den kanskje aller mest spennande planetkandidaten av dei 1091 har det førebelse namnet KOI-2124.01 (KOI står for Kepler Object of Interest).

Denne planeten er plassert i den varme delen av sonen rundt ei stjerne der ein planet kan ha flytande vatn på overflata. Samtidig er den på storleik med vår eigen jordklode

– Planeten har framleis berre har status som kandidat, men dersom han eksisterer vil han vere den mest jordliknande verda vi kjenner til, fortel astrofysikaren frå Høgskolen i Oslo og Akershus.

Til samanlikning er Kepler 22b, som vart annonsert som den mest jordliknande eksoplaneten i desember i fjor, ein god del større enn vår eigen planet.

Kepler-22b

Eksoplanet Kepler-22b er 600 lysår frå jorda.

Foto: NASA/Ames/JPL-Caltech

– Spennande felt

Mange forskarar er no i gang med å bekrefte oppdagingane med hjelp av blant anna teleskop på bakken som kan måle ørsmå gyngerørsler i moderstjernene forårsaka av planetane si tyngdekraft.

Så snart planetane blir bekrefta, vil dei bli annonsert av Kepler som oppdagingar.

Riiser Kristiansen fortel at siste ord på langt nær er sagt frå Kepler.

– Berre i løpet av 2012 vil dei publisere analysar av endå meir data, noko som truleg vil gi oss fleire planetkandidatar – og ikkje minst fleire jordliknande planetkandidatar. Dette er eit spennande felt å følgje med på, seier Riiser Kristiansen.