Den siste av vårens kontorkonsertar fann stad på den hittil minste arbeidsplassen, nemleg hos Bergen ungdomslag Ervingen i Bergen. Jenny Hval var svært fornøgd med konsertlokalet: – Det var veldig fint å spele her, eg likte til dømes at det kom ein del lyd inn frå trafikken utanfor, som vart ein del av lydbiletet, sa ho etter konserten.