Ein vulkan på ei av Japans sørligste øyer hadde eit uventa utbrot i dag. Ei einorm oske- og røyksky vart sendt høgt til værs då Shindake-vulkanen vakna til liv. Ingen av dei 140 menneske som bur på øya er skadd, men styresmaktene har sendt ei ferje for å evakuere dei. Det er venta at gloheit og glødande lava frå vulkanen vil renne nedover mot kysten. Fleire japanske passasjerfly er omdirigerte for å unngå oskeskya.