På 83 grader nord, mellom Svalbard og Nordpolen, ligg forskingsskipet RV Lance innefrose i isen. Eit tjuetals forskarar frå ti land er med. Forskarane gjer omfattande målingar av havet, isen, snøen og atmosfæren. Målet med prosjektet, som blir leia av Norsk Polarinstitutt, er å samle data for betre å kunne lage prognosar for klimautviklinga framover. Bli med ein av dykkarane inn under isen, og sjå dei spektakulære bileta.