Hopp til innhold

Tiltalt vaktsjef etter KNM «Helge Ingstad»-forlis får støtte: – Uthengt som syndebukk

Rett før den store rettssaka kjem det kraftig kritikk mot tiltalen etter fregattforliset. Den tiltalte vaktsjefen meiner han tek byrda for eit system som svikta.

WxlqR-jhFVA

IKKJE RETT: KNM «Helge Ingstad» kollidere med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden natt til 8. november 2018. Fleire i mannskapet meiner det ikkje er rett at vaktsjefen no risikerer opp til fem år i fengsel.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Åtte minutt.

Så lenge hadde den no tiltalte vaktsjefen hatt ansvaret for KNM «Helge Ingstad» før fregatten kolliderte med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden natt til 8. november 2018.

Likevel er han den einaste som står tiltalt når Hordaland tingrett dei neste åtte vekene skal gå gjennom kvar detalj i kva som skjedde før samanstøyten.

Det får mange i Sjøforsvaret til å reagere.

NRK har vore i kontakt med fleire av mannskapet som var om bord i fregatten ulukkesnatta.

Dei meiner det ikkje er rett at vaktsjefen no risikerer opp til fem år i fengsel.

Ein annan peiker på at ingen er betre enn den opplæringa dei får.

shIPBgW8KcE

Vaktsjefen er den einaste som står tiltalt når Hordaland tingrett dei neste åtte vekene skal gå gjennom kvar detalj i kva som skjedde før samanstøyten.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Fagforeining reagerer

Havarikommisjonen slo etter ulukka fast at Forsvaret svikta på fleire punkt. Mellom anna hadde dei som hadde ansvaret med å føre båten mangelfull trening.

Forsvarsdepartementet fekk ein føretaksstraff på ti millionar kroner.

– Som hovudtillitsvald synest eg det er uheldig at det berre er ein enkeltperson langt nede i organisasjonen som blir tiltalt.

Det seier Per Ivar Haugen i Befalets Fellesorganisasjon for Sjøforsvaret. Han forstår at mannskapet reagerer som dei gjer.

– Konsekvensen kan vere at det blir vanskeleg å få personell til å ta på seg denne typen oppgåver i framtida.

Haugen seier han ikkje tek stilling til om det etter lova er rett å tiltale vaktsjefen.

Men han meiner dette strir mot tenkinga til mange i Sjøforsvaret.

– Tidlegare var det tradisjon for at det berre er kapteinen som kan stillast til ansvar etter eit skipsuhell. Så dette er uvant og blir opplevd urimeleg av mange.

Haugen trur heile Sjøforsvaret vil følge rettssaka med stor spenning.

Per Ivar Haugen i Befalets Fellesorganisasjon for Sjøforsvaret

Per Ivar Haugen i Befalets Fellesorganisasjon for Sjøforsvaret meiner at konsekvensen av at berre ein enkelperson langt nede i organisasjonen blir tiltalt kan vere at det blir vanskeleg å få personell til å ta på seg denne typen oppgåver i framtida.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Forsvarer tiltale

Statsadvokat Magne Kvamme Sylta vedgår at det var vanskeleg å ta stilling til kven som skulle bli tiltalt i saka. Men han meiner dei har gjort rett avgjerd.

– Då samanstøyten fann stad var det ei rekke unge menneske som heldt på å miste livet sitt. Det seier noko om alvoret som kanskje ikkje har kome tydeleg nok fram tidlegare.

– Men representantar for mannskapet meiner jo at det ikkje er rett at vaktsjefen åleine står som tiltalt?

– Eg kan ikkje kommentere kva fagforeiningar eller einskildpersonar meiner. Vi har teke ut tiltale ut frå det etterforskingsmaterialet vi har.

Sylta og medaktor Benedikte Høgseth peiker på at det ikkje er tvil om at vaktsjefen har ansvaret for kva som skjer på brua, uansett kor lenge han har vore på vakt.

Statsadvokat Magne Kvamme Sylta og Benedikte Høgseth.

Statsadvokat Magne Kvamme Sylta vedgår at det var vanskeleg å ta stilling til kven som skulle bli tiltalt i saka. Men han meiner dei har gjort rett avgjerd. Her saman med medaktor Benedikte Høgseth.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Enorm påkjenning

Den tiltalte vaktsjefen opplever tiltalen som urettferdig og ein enorm påkjenning.

Det opplyser han gjennom forsvararen sin, Christian Lundin.

– Han er hengt ut som syndebukk for eit system som har svikta.

Vaktsjefen erkjenner ikkje straffskuld.

– Hadde han ikkje eit ansvar for kollisjonen?

– Han vedgår at han har eit ansvar, men ikkje i den grad at han kan straffast for det.

Lundin seier at han trur rettssaka vil stille klienten si rolle i eit nytt lys.

– Sjølv om han kvir seg til prosessen ser han fram til å få fram sin versjon av kva som skjedde.

Allereie på onsdag i neste veke skal vaktsjefen forklare seg om korleis han opplevde dei åtte minutta før Sjøforsvaret mista eit av flaggskipa sine.

Rettssaka mot den tiltalte vaktsjefen startar i Hordaland tingrett måndag 16. januar.