Hopp til innhold

Tidenes dårlegaste laksefiske – Anders (22) fryktar mange går glipp av opplevinga

Sidan 1956 har det aldri vore rapportert om mindre laksefangst i norske elver. Og då var det berre ein tredel av elvane som rapporterte.

Anders Jin Gardshaug i lakseelva

URO: Med truslane og utviklinga villaksen står ovanfor, fryktar Anders Jin Gardshaug, som også er ein ihuga sjøaurefiskar, at langt færre får oppleve det han meiner er ei terapeutisk oppleving ved elvebreidda.

Foto: Privat

Både laksebestanden og laksefiskarane har hatt betre sesongar enn 2021. Tal frå SSB viser at laksefisket var det dårlegaste nokon gong.

– Det er sørgeleg at vi ikkje kan halde oppe ein berekraftig bestand. Eg er redd andre ikkje får oppleve den same gleda som fiske gir meg, seier Anders Gardshaug frå Innvik i Stryn.

22-åringen starta med laksefiske for tre år sidan. På 20 turar i lakseelva i fjor vart fangsten éin laks.

– For meg er laksefiske terapi. Du kjem deg ut og gløymer alt anna. Når du får laks på kroken, så får du adrenalinkick, seier han.

Bjarne Huseklepp har vore hekta sidan han landa sin første laks som tiåring i Flekkeelva i 1963.

– Det seier seg sjølv at det blir mindre interessant å satse på laksefiske, om du står i dagevis i ei elv og verken ser eller kjenner til noko laks, seier han.

Situasjonen for villaksen i Noreg er alvorleg. I fjor vart den raudlista for første gong .

– Difor rår eg til å satse på andre opplevingar. Det er moro å fiske, og unge vil berre få fisk. Då er overbefolka fiskevatn ein god stad å starte. Der får ein fisk, seier han.

Laksefisket i Neiden

MINDRE LAKS: Sidan 1956 har det aldri vore rapportert om mindre laksefangst i norske elver.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Historisk dårleg laksefiske

Statistikken frå Statistisk sentralbyrå viser også at det ikkje har vore mindre fangst i elv sidan 1956, og den gongen vart det berre rapportert frå ein tredel av elvane som rapporterer i dag.

I alt vart det tatt opp king 390 tonn landa laks i elv og sjø i 2021.

– Årsakene varierer frå region til region, seier seniorrådgjevar Helge Dyrendal i Miljødirektoratet.

Med ein samla nedgang på 50 prosent i Vestland, var det langt mellom jubelen blant laksefiskarane i Vestland.

– Fleire av dei store elvane har svikta laksemessig. Fangstane er betydeleg ned, både samanlikna med året før, men også for femårs- og tiårssnitt, seier Dyrendal.

Fleire elvar i gamle Hordaland har ikkje vore opna for laksefiske på fleire år. I «kongeelva» Lærdalselvi var bestandssituasjonen så dårleg at det heller ikkje her vart opna for laksefiske.

– Det som er ekstra urovekkande er at Nausta, som har hatt mange laks, fekk vesentleg redusert fangst. Også Eidselva og fleire av dei andre store motorane har levert under pari, seier Dyrendal.

Utvikling laksefiske i elv, sjø og totalt, 1993-2021.

NEDGANG: Figuren viser utviklinga i laksefiske i elv, sjø og totalt for åra 1993–2021.

Grafikk: SSB

Mange ulike årsaker

Nye fiskebestemmingar i fjor reduserte monaleg moglegheitene for fiske i sjø. Fleire norske elvar vart også stengde for fiske.

Ifølgje Miljødirektoratet kan det sjå ut til at færre laks enn tidlegare overlever opphaldet i sjøen.

– Dødsårsaka i havet er samansett. Det kan skuldast sjukdom, parasittar, at laksen ikkje finn mat eller er blitt eten opp, seier Dyrendal.

Høge temperaturar og låg vassføring gjorde ikkje fiskeforholda betre. Som i Flekkeelva.

– I august målte eg ein gong i veka, og temperaturane sveva på 19 til 20 grader. Det er badetemperatur, og då bit ikkje laksen, seier Huseklepp.

– Vi har vore velsigna med bra fiske i Flekkeelva etter at vi starta med kalking og kultivering på 90-talet, legg han til.

Tanaelva

TANAELVA: I alt vart det tatt opp king 390 tonn landa laks i elv og sjø i 2021.

Foto: Allan Klo / NRK

Ventar på evaluering

Det er uvisst kor mykje betre sesongen hadde blitt i norske fiskeelvar med betre vassføring og lågare temperaturar. Bestandsteljingar vitnar om lite laks i fleire elvar.

Akkurat kor mykje fisk som er tilgjengeleg, håpar både Dyrendal og Huseklepp å få svar på når Vitskapeleg råd for lakseforvaltninga ser fangst i forhold til gyteteljinga etter sesongen.

Huseklepp fiskar laks kring om i landet, og håpar styresmaktene er medvitne på at årsakene varierer frå elv til elv, og frå år til år.

– Tiltaka må tilpassast kvar elv. I Målselv i Troms, til dømes, er det utruleg innsig av pukkellaks annakvart år. Då er det dårleg for villfisken, seier han.

– Men eg er optimist. Utfordringa er å få ned faktorar som vi veit reduserer laksebestanden. Og så har eg klokkartru på kalking og kultivering. Ein må hjelpe den lokale stammen, og ha rikeleg med smolt som vandrar ut. Då er sjansane større for at fleire kjem tilbake, seier han.