I helga kom ein turgåar over ein drepen hjortekalv på Norddalsheia i Fjaler. Mest truleg er den drepen av ulv, meiner Statens naturoppsyn (SNO).
– Vi finn restar etter bit i nakken og i korsryggen, som er ein veldig typisk måte for ulven å avlive på, fortel Rein-Arne Golf, rovviltansvarleg i SNO.
- Les også: Meiner norsk ulv kan stamme frå dyrepark
Har klaga på avslag
Statens naturoppsyn fann også spor etter ulven.
– Oppførselen til dyret tyder på ulv, så vi er rimeleg sikre på at det er ulven som har vore der, seier Golf.
I slutten av oktober fekk jegerar ulven på skothald i Fjaler, men då hadde Fylkesmannen nyleg avslått klagen på utvida fellingsløyve. Fylkesmannen gav fellingsløyve på ulven 11. september, som gjekk ut 15. oktober.
Fellingsleiar Stein Mortensbakke fortel at dei har klaga inn avslaget til Miljødirektoratet.
– Vi synest det tek altfor lang tid, det er no vi hadde hatt bruk for å ha skadefellingsløyve, seier han.
1. desember blir det opna for lisensjakt.
– Då har ein moglegheit til å jakte i vanleg jaktform, dersom ein er registrert som lisensjeger og har løyve frå grunneigar til å jakte i området, seier Mortensbakke.
Ber om at folk melder frå
Golf oppmodar folk som gjer observasjonar om å melde frå.
– Ja, særleg viss vêret endrar seg vil vi ha beskjed så raskt som mogleg, så vi har moglegheit til å sjekke det opp, seier han.
Også Mortensbakke ber folk om å følgje med.
– Det viktige er at folk held fram med å melde inn kadaver og helst ser om dei finn DNA-spor som vi kan få inn for å sjå om det er fleire individ i området.