Hopp til innhold

Håpar på ny eigar når regjeringa stoppar russisk oppkjøp av Bergen Engines

Regjeringa snur og stoppar det russiske oppkjøpet av ein motorfabrikk i Bergen som lagar motorar for den norske marinen. – Vi har medkjensle med dei tilsette, skriv russarane.

Fabrikken Bergen Engines sett fra luften, med fjord i bakgrunnen.

FABRIKK: Bergen Engines ligg på Hordvikneset, nord i Bergen. 650 jobbar på motorfabrikken, som mellom anna held ved like motorar på norske militærskip.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Fabrikken Bergen Engines produserer motorar til mellom anna norske og amerikanske militærfartøy. I desember fekk regjeringa vita at noverande eigar Rolls-Royce ønska å selja fabrikken til eit russisk-kontrollert selskap.

No har regjeringa bestemt seg for å stoppa salet.

Det fortalde justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) i Stortinget i dag.

– Regjeringa har no tilstrekkeleg informasjon til å konkludera: Salsprosessen av Bergen Engines til TMH må stansast. Dette for å sikra at nasjonale tryggleiksinteresser ikkje blir truga, seier Monica Mæland.

Bergen Engines: – Skuffa tilsette

Administrerande direktør Jon Arne Røv seier tirsdag ettermiddag til NRK at Bergen Engines tar regjeringas avgjerd til etterretning.

– No brukar vi tid på våre tilsette og pratar med dei. Det er viktig, for avgjerda har skapt eindel usikkerheit her i dag.

Han vil ikkje kommentera om russisk eigarskap hadde truga norske nasjonale tryggleiksinteresser.

– Dei tilsette er skuffa, fordi den nye eigaren hadde signalisert veldig sterkt å satsa på å utvikla fabrikken og framtidig maritim teknologi inn mot det grøne skiftet.

Røv seier bedriften etter kvart vil byrja å jobba vidare med å finna ein ny eigar.

– Det er store, lange prosessar, men vi er ganske overtydde om å klara det.

Jon Erik Røv, administrerande direktør Bergen Engines

PÅ LEIT: Administrerande direktør Jon Arne Røv må no finna ny kjøpar til Bergen Engines, når regjeringa nektar å la fabrikken bli eigd av russiske TMH.

Foto: Mette Anthun / NRK

TMH: – Medkjensle

TMH skriv i ei pressemelding at dei er skuffa over avgjerda om å stansa salsprosessen for Bergen Engines.

– Vi er spesielt urolege for usikkerheita dette skaper for framtida til fabrikken i Bergen og dei tilsette. Vårt mål var å styrka Bergen Engines ved opna nye marknadar, utvikla nye produkt og sikra høgteknologiske arbeidsplassar i Noreg. Vi har stor medkjensle med dei tilsette, heiter det i pressemeldinga.

– Verken vi eller Rolls-Royce fann noko som tilsa at salet ville vera omfatta av den norske tryggleikslova. Vi er sikre på at vi kunne finne løysingar som ville vera akseptable for den norske regjeringa.

TMH varslar at dei no vil vurdera forretningsmessige, finansielle og juridiske konsekvenser av regjeringas avgjerd.

Putin-kopla selskap

Debatten om salet starta 4. februar, då BT avslørte at motorfabrikken skulle seljast til det største togselskapet i Russland. To av eigarane av TMH skal vera i Vladimir Putin sin inste krins.

Motorfabrikken produserer og held ved like mellom anna utstyr på Noregs spionskip «Marjata» og den norske marinen sine kystvaktskip. Derfor har saka i vinter blitt eit brennbart politisk spørsmål om Noregs tryggleik.

Ei rekke opposisjonsparti på Stortinget har protestert mot salet av omsyn til nasjonal tryggleik.

Det sentrale har vore:

  • Skal Noreg blanda seg i den frie marknaden og stoppa eit sal av Bergen Engines?
  • Eller utgjer koplinga til Russland ein uakseptabel tryggleiksrisiko for Noreg, fordi Russland kan få tilgang til sensitiv militær informasjon.
Justisminister Monica Mæland redegjør om salg av Bergen Engines AS

REGJERINGA SNUR: Justisminister Monica Mæland varslar tirsdag at regjeringa for å sikra nasjonale tryggleiksinteresser vil hindra at russiskeigde TMH får kjøpa Bergen Engines.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sette salet på pause

Etter fleire veker med politisk debatt, offentleggjorde Mæland 9. mars at regjeringa sette salsprosessen på pause.

– Dette er ei sak som gjer at me no er på eit punkt der me har funne at det er stor usikkerheit knytt til nasjonale tryggleiksinteresser, sa Mæland den gongen.

I dag seier ho at regjeringas konklusjon er at salet må stoppast permanent. Det vil skje gjennom ei kongeleg forordning førstkommande fredag, sa Mæland på Stortingets talarstol.

– Det sentrale spørsmålet er om eit sal av denne verksemda, som er kontrollert frå eit land me ikkje har tryggleikssamarbeid med, vil utgjera ein risiko for nasjonal tryggleik. Regjeringa tar og har tatt dette på største alvor, seier ho.

– Klart i strid

Mæland understreka at regjeringa ikkje kan gi det fulle biletet av sine vurderingar, fordi ein del forhold i saka er gradert informasjon. Ho trekker likevel fram følgande hovudargument for å stoppa salet av fabrikken:

  • Teknologien ved Bergen Engines ville hatt stor militær strategisk betydning for Russland og styrka deira militære evner klart i strid med norske og allierte tryggleikspolitiske interesser.
  • Dette er produkt og teknologi som Russland har hatt store utfordringar med å få tilgang til etter at dei vestlege sanksjonane mot landet vart innført i 2014.
  • Det planlagde oppkjøpet ville kunne medført at Russland på ein fordekt måte prøvde å få tilgang til viktig militærstrategisk kunnskap og teknologi.

Strategisk tomt

Justisministeren viser også til at sjølve fabrikktomta ikkje bør ha russiske eigarar, fordi den ligg ved innseglinga til Bergen, der blant anna marinebasen Haakonsvern ligg.

– Den store fabrikkeigedommen har ei strategisk plassering mot den nordlege innseglinga til Bergen og forsvarsinstallasjonar av tryggleiksmessig betydning for Noreg og allierte nasjonar. Dette er også eit forhold av betydning for saka, seier Mæland.

Bergen Engines

FULL STOPP: Det planlagde salet av Bergen Engines vil fredag bli stoppa av regjeringa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Full snuoperasjon

Med dette har regjeringa kome til motsett konklusjon av det dei hadde tidlegare i prosessen.

Først gav dei Rolls-Royce beskjed om at norske styremakter ikkje kom til å gjera noko i forhold til salet av fabrikken.

– Forsvarsdepartementets innleiande vurderingar var knytte til leveransar til Forsvaret. Vurderinga var først at det ikkje var grunnlag for å gripa inn, seier Mæland.

Ho viser til at det vart vurdert at tryggleiken til Forsvarets fartøy kunne handterast også ved eit sal.

– Derfor vart Rolls-Royce informert om at norske styremakter ikkje ville føreta seg noko, forklarte Mæland i Stortinget.

Ho sa også at undersøkingane Nasjonal tryggingsorgan (NSM) har gjort hjå Bergen Engines, tilseier at det ikkje var overført sensitiv informasjon på tidspunktet då regjeringa bad om at salet vart stansa mellombels.

Sikkerhetsrisiko

KRITISERT: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) får kritikk frå både opposisjonspartia og sin eigen partifelle, stortingsrepresentant Michael Tetzschner.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) har denne kommentaren når salet no blir stoppa.

– Eg er opptatt av dei tryggleiksutfordringane utanlandske oppkjøp representerer. Denne saka viser at den nye tryggleikslova fungerer. Vi har verktøy til å håndtera denne typen situasjonar slik at vi saman kan bevara Noreg som ein trygg og sjølvstendig nasjon.

Mæland understreka at regjeringa har tatt, og tar, denne problemstilinga på største alvor.

Opposisjonen: «Kva sa vi?»

På Stortinget er reaksjonen frå opposisjonspartia tydeleg.

– Dette er ein gigantisk snuoperasjon frå regjeringa i tolvte time. Det er ingen grunn til å stola på at regjeringa har full kontroll på nasjonal tryggleik no, seier Emilie Enger Mehl (Sp).

Ho meiner regjeringa i fleire veker har kome med motstridande informasjon.

– Dei har skapt forvirring og bagatellisert saka. No går dei tilbake på det, og stadfestar at bekymringane var heilt reelle. Dei har vist eit naivt forhold til trugsmålet frå utanlandske oppkjøp, og venta i fleire veker før dei greip inn, trass i kraftige åtvaringar om at det ville truga rikets tryggleik. No prøver dei å ro seg vekk, meiner Mehl.

zszsxYo3lVU

KRITISK: Dette er ein gigantisk snuoperasjon frå regjeringa i tolvte time. No prøver dei å ro seg vekk, meiner Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: Berit Roald / NTB

– Forsvarsministeren har skapt uvisse om handtering av salet og norsk tryggleik. Etter månadsvis med forvirrande og motstridande svar er det på tide med ei stortingshøyring, seier Jette Christensen (Ap).

– Regjeringa har lenge gitt inntrykk av at kjøpet var heilt greitt. Dette ser ut som ein retrett, pressa fram av media og opposisjonen, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Høgre: – Såg ikkje alvoret

Også Høgres eigen Michael Tetzschner er kritisk til regjeringas handering av saka.

Han sette spørjeteikn ved kvifor Forsvarsdepartementet ga så ulike signal og sa at salet var heilt i orden.

– Departementet og fagfolka såg ikkje på det tidspunktet alvoret, sa Tezschner frå Stortingets talarstol.

– Alle forstår at når russiske oligarkar vil ha kloa i sensitiv norsk forsvarsteknologi, må regjeringa stansa det salet. Dei har surra i tre månadar før dei sette ned foten. Det er nok fordi dei har outsorca rikets tryggleik til ulike private selskap, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

– Stillegåande motorar skal ein ikkje selja unna som ein vedsekk. Det er sensitivt for Noregs tryggleik, seier Christian Tybring-Gjedde (Frp).

«Spionskipet» Marjata i dokk Harstad 9. desember 2019.

SPIONSKIP: Noregs etterretningsskip «Marjata» er blant skipa som har motorteknologi frå Bergen Engines.

Foto: Nils Mehren / NRK

– Fabrikken treng statleg hjelp

Både SV, Frp og Raudt meiner regjeringa no har eit politisk ansvar å hjelpa Bergen Engines, anten i arbeidet med å finna nye private eigarar eller gjennom statleg eigarskap.

– Eg reagerer på at regjeringa ikkje har nokon bodskap til dei tilsette i Bergen Engines, seier Lysbakken.

Tybring-Gjedde meiner regjeringa no har sett mange hundre arbeidsplassar i spel.

Mæland sa i Stortinget at regjeringa oppfattar at Rolls-Royce vil arbeida vidare med å finna konstruktive løysingar for vidare drift ved Bergen Engines.