Hopp til innhold

– Vi ligg med broten rygg og har ikkje ei krone til overs

Regjeringa doblar momsen for reiseliv, kultur og idrett. Næringa fortvilar og seier krisa langt frå er over.

Gardshotellet 292 Aurland

Gardshotell: Frå heimen sin i Aurland har paret bygd opp gardshotellet 292 Aurland. No skulle dei hauste av innsatsen, men så kom pandemien.

Foto: 292 Aurland

– Vi har rett og slett ikkje ei krone å gi. Vi hadde håpa regjeringa tok høgde for at næringa ligg med broten rygg, seier Vike.

Saman med ektemannen driv ho boutiquehotellet 29|2 Aurland i Sogn. Då koronapandemien kom, opplevde dei at avbestillingane rant inn.

Så langt meiner Vike dei har tapt kring 5 millionar kroner.

I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa auke momsen for reiseliv, kulturliv, idrett og fornøyelsesparkar frå seks til tolv prosent. Dette var nivået før koronapandemien.

– Vi hadde håpa at momsen skulle halde seg på 6 prosent, at kompensasjonsordninga skal halde fram som den var, og at permitteringsordninga kan utvidast, seier Tone Rønning Vike.

Tone Rønning Vike

ØNSKER BUDSJETTENDRINGAR: – Vi håpar opposisjonen no vil hjelpe oss opp av grøfta, seier Tone Rønning Vike i 29|2 Aurland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kompensasjonsordninga er kutta frå 1,5 milliardar kroner dei siste fire månadane til 680 millionar kroner i forslaget for 2021.

Ordninga betyr at reiselivsbedrifter kan søkje staten om støtte til faste uunngåelege utgifter.

Brukte sterke ord – no er han skuffa

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord brukte sterke ord då han møtte næringsminister Iselin Nybø i slutten august.

No er han skuffa over regjeringa.

– Så lenge vi er ei pandemikrise må vi framleis ha låg moms, kanskje ut heile neste år seier Brandshaug.

Ståle Brandshaug og Iselin Nybø.

SKUFFELSE. Budsjettforslaget var ei skuffelse, seier Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord. Han frå eit møte med statsråd Iselin Nybø (V) i august.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eit lite treffsikkert verkemiddel som støttar dei minst råka

Men regjeringa meiner redusert moms er eit lite treffsikkert verkemiddel.

Statssekretær i Finansdepartementet Magnus Thue (H) seier dei alt har gjort mykje for å lette situasjonen for reiselivet, og vil gjere meir.

– Vi jobbar no med ei pakke for reiselivet, i dialog med næringa. Vi har forståing for at ein kan ynskje seg redusert momssats, men vi meiner det ikkje er eit treffsikkert verkemiddel, som fyrst og fremst støttar dei som er minst råka, seier Thue.

Meiner situasjonen er prekær

– Vi kan ikkje sterkt nok understreke kor viktig det er med langsiktige tiltak, seier reiselivssjef Marita Lindvik i destinasjonsselskapet Visit Nordfjord.

Lindvik meiner Stortinget må på bana, og har støtte hjå NHO Reiseliv.

Førre veke vart Frp samde med regjeringa om å vidareføre momssatsen på 6 prosent ut året, men då kan det sjå ut til å vere stopp.

– Skuffande og veldig alvorleg. Krisa i reiselivet er ikkje over etter jul, seier administrerande direktør for NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Marita Lindvik

– BEREBJELKE I DISTRIKTA: – Situasjonen er prekær for reiselivet, som er ei stor og viktig næring i vår region, seier Marita Lindvik.

Foto: ELISE KVIEN / NRK

Frp vil ikkje love noko

Men Frp vil ikkje love reiselivet meir. Stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad (Frp) seier dei ikkje har tatt stilling i saka, men at dei jobbar med sitt alternative statsbudsjett.

– Vi er opptekne av løysingar som løftar reiselivet ut av krisa. Per no har vi aller størst fokus på den nye kompensasjonsordninga.