Hopp til innhold

Både til sjøs og til lands skapar uvêret problem

Fredag kom hauststormen og det har ført med seg trafikale problem fleire stader. Politiet ber bilistar vente med å køyre på E16.

Trefall.

TREFALL: Tre har blåst over ende over heile landet på grunn av den sterke vinden. Her var det berre snakk om få meter før ei svær bjørk kunne treft eit hus i Lillehammer. Meteorologane seier ein bør vere forsiktig om ein ferdast utandørs. Vinden var sterkast mellom klokka 12 og klokka 18.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Vi mottar veldig mange meldingar på innesperra bilar og personar. Brannvesenet jobbar seg oppover og nedover E16 frå Nes i Ådal, skreiv Ringerike brann på Twitter i 18-tida.

Trafikken er i gang igjen no, men politiet ber framleis bilistane vente med å køyre E16 til det er trygt.

Ei som er på veg sørover på E16 seier til NRK at det ligg fleire tre i vegen.

– Det er mange velta tre overalt. Folk er i arbeid med å rydda opp. Det verkar som dei er i ferd med å få kontroll på kaoset, seier ho.

Uværet skaper òg trøbbel for Bergensbanen. Den er stengt mellom Geilo og Hønefoss på grunn av trefall og betydelege skadar.

– Vi jobbar med å retta feilen, førebels veit vi ikkje kvar lang tid det vil ta. Ny oppdatering laurdag klokka 06:00, skriv Bane Nor.

Tusenvis utan straum: Satt krisestab i Innlandet

Den kraftige vinden vart varsla torsdag då meteorologane sende ut eit oransje farevarsel. Fredag kveld er oransje farevarsel på kraftige vindkast avsluttet.

Men det er framleis kaos på vegane. Sterk vind og tre som har blåse over ende, har ført til at over 20 vegar i Innlandet er stengde fredag kveld.

I tillegg er tusenvis av husstandar utan straum aust i landet, som følgje av at mange tre har felle over straumlinjer.

– Vi har opplevd veldig mange straumbrot i dag, seier kommunikasjonsrådgivar i Elvia, Cecilie Gregersen til NRK.

Det er verst nord i området deira frå Gjøvik til Lillehammer. Der er 18.000 kundar utan straum. I Valdres er mellom 6.000 og 7.000 straumlause.

Politiet i Innlandet melder til NRK at fleire kommunar i Valdres har sett krisestab. Nødetatar er etablerte på Joker Hedalsvegen 2036, Hedalen.

Oransje farevarsel frå meteorologisk institutt

FAREVARSEL: I går sende meteorologane ut eit oransje farevarsel om vinden.

Foto: Meteorologisk institutt

Gregersen i Elvia seier at feilen kan ta tid å rette opp i og at nokon må belage seg på å vente ei stund før dei får straumen tilbake. Ho seier dei har sett i gong ekstra beredskap og har alle tilgjengelege montørar ute.

Uveret har òg ført til at naud- og telefonnettet er nede fleire stadar i Vestfold og Telemark, Viken og Innlandet.

– Store delar av telefonnettet til Telenor, Telia og Ice er nede i disse områda, seier avdelingsleiar for kommunikasjon i helseføretaket, Hege Frostad Dahle til NTB.

Mange av basestasjonane i desse områda går no på reservestraum. Fleire stasjonar kan falle ut om straumbrotet varer lenger. Det kan bli verre enn det er no, seier Dahle.

På spørsmål om kor alvorleg situasjonen er når det kjem til liv og helse svarar han:

– Det er ein alvorleg situasjon.

Det er sett ein ambulanse på McDonalds i Flå i Buskerud i beredskap om nokon skulle ha akutt behov for helsehjelp. «Ambulansen står med blålys», melder 110-sentralen Sør-Øst.

Kaos: – Du bør vurdere å utsetje turen

Fredag har vinden føre til kolonnekøyring og stengde vegar på fjellovergangane. Desse fjellovergangane er stengde på grunn av uvêret:

  • Fv. 51 Valdresflye: Stengt. Ny vurdering laurdag klokka 08:00.
  • Fv. 55 Sognefjellet: Stengt. Ny vurdering laurdag morgon rundt klokka 09.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Stengt

Riksveg 15 Strynefjellet er førebels ope, men kan bli stengt på kort varsel.

– Om du absolutt ikkje må over fjellet i dag, bør du vurdere å utsetje turen, seier trafikkoperatør Ronny Sleire frå Vegtrafikksentralen vest.

Meteorologane skriv på Twitter at ein bør «vera forsiktig om ein ferdast utandørs».

Ein video frå riksveg 40 ved Rollag i Buskerud viser derimot livsfarleg køyring under eit tre som har falle:

Folk kjører under falt tre

FARLEG KØYRING: Her køyrer fleire forbi eit tre som har falle. FOTO: Trond Sørensen

Vinden i Tinn kommune i Telemark har vore så sterk at delar av taket på Atråhallen ved Atrå barne- og ungdomsskole har blåst av, skriv VG.

Rundt ein idrettshall i Midsund i Molde kommune har politi og brannvesen sperra av området der taket ikkje er sikra.

– Lause takplater, isopor og andre ting fyk, seier operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, Arild Reite.

Området rundt hallen er sperra av og vegen er stengt. Brannvesenet kan ikkje sikre taket slik situasjonen er no.

– Det er ikkje forsvarleg for brannvesenet å gå på taket, seier Reite.

Idrettshall Midsund

FORBLÅST: Politi og brannvesen har sperra av området rundt ein idrettshall der taket ikkje er sikra.

Foto: Magne J. Krumsvik / Midsundingen

Om fjellovergangane blir verande opne for trafikk, må bilistar rekne med kraftige vindkast, isdekke og redusert sikt.

I vindkasta er det meldt ei blanding mellom regn, sludd og snø.

– Du må rekne med ganske krevjande køyreforhold, seier Ronny Sleire frå Vegtrafikksentralen vest.

Sterk vind var det som møtte tungbilsjåfør Dawid Krawczak over Strynefjellet i dag.

STRYNEFJELL: Tungbilsjåfør Dawid Krawczak møtte sterk vind over Strynefjellet i dag.

Foto: Dawid Krawczak

Ferjetrøbbel over heile fjøla

Også til sjøs kan ein merke uvêret godt.

Bølgene slår over Atlanterhavsvegen på Nordmøre.

ÅTVARING: Her slår bølgene over Atlanterhavsvegen på Nordmøre.

Foto: Jan Helge Birkelund

I Tinn har dampferga Ammonia vore i fare for å slite seg frå Mæl stasjon, skriv Rablad.

– Det ville vore katastrofe, seier Øystein Haugan, verdensarvkoordinator i Rjukan.

Ammonia er freda og er ein del av verdsarven vår. Haugan fortel at mannskap har klart å sikre dampferga igjen, og at den nå skal vere utanfor fare.

Dampferga Ammonia holdt på å slite seg i uværet i Tinn.

Dampferga Ammonia heldt på å slite seg i uvêret i Tinn.

Foto: Øystein Haugan

Tidlegare i dag, på E39 Nordfjordeid – Byrkjelo, var ferjesambandet Anda – Lote innstilt. Ferja brukte ein time på å legge til kai på grunn av sterk vind.

Bilferja Hadarøy fekk heller ikkje til å legge til kai tidlegare i dag. Ferja støytte bort i ein lyktestolpe i forsøket, men Fjord1 opplyser at det ikkje skal ha oppstått skadar om bord i samband med samanstøyten, verken på folk eller bilar.

Ferge har problemer med å legge til kai ved Sulesund.

BLEI INNSTILT: På Sunnmøre sleit ei bilferje med å legge til kai. Ferja var ute i hardt vêr og måtte gje opp forsøket. Ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund blei innstilt på grunn av vêrforholda, men er no i normal drift igjen.

Foto: Olav Myklebust

I morgontimane blei hurtigbåten mellom Ålesund og Langevåg innstilt på grunn av dårleg vêr.

Det same gjeld hurtigbåten mellom Hareid, Valderøya og Ålesund.

Kystekspressen mellom Trondheim og Kristiansund måtte avbryte turen. Passasjerane blei sett i land ved Kjørsvikbugen i Aure på Nordmøre.

Tresfjordbrua på E136 mellom Ålesund og Åndalsnes har måtte stenge på grunn av sterk vind.

Det kraftige uvêret har òg skapt problem for ferja Elrond i Innlandet. Bølgjer og vind førte til at ho sto i fare for å slå mot botnen.

Hurtigbåten måtte avbryte

TIL KAI: Kystekspressen måtte avbryte turen og sende passasjerane vidare med buss.

Foto: Tipser

– Det var ekstremt

Det er òg svært glatte vegar i delar av Trøndelag og i Innlandet.

Ein politibil og ein brannbil sklei av vegen like nord for Steinkjer då dei rykte ut til ei trafikkulykke mellom ein personbil og ein buss. Ingen vart alvorleg skadd.

Politibil av vegen nord for Steinkjer

GLATT FØRE: Ein politibil hamna i grøfta på veg til ei trafikkulykke i Steinkjer.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– I Innlandet er det i hovudsak langs E16 og Valdres-området ein er råka av vêret, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Mikael Olsen Melde.

Han åtvarar sjåførar over heile Innlandet om at mange av fylkesvegane kan vere glatte.

Spesielt utanfor hovudvegane bør ein vere merksam på at det kan vere vanskelege køyreforhold.

Glatt veg

GLATT: På vegen mellom Bruflat og Tonsåsen.

Foto: Dag Kessel / NRK

På Gudbrandsdalsvegen, like utanfor Høgskolen i Lillehammer, såg Celine og Gunilla eit tre velte over vegen.

– Celine seier, «sjå Gunilla, eit tre har velta over vegen». Så tenkte vi: «kva kan vi gjera?», fortel Gunilla.

I fallet trefte treet ein køyrande bil. Den fekk knust frontruta. Saman med fleire andre fekk Celine og Gunilla fjerna treet frå vegen.

– Det var ekstremt, seier Celine.

storhove-vind

TREFTE BIL: Dei to jentene fjerna treet som velta over Gudbrandsdalsvegen i Lillehammer i ettermiddag. Treet trefte ein køyrande bil. Sjåføren vart ikkje alvorleg skadd.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Trond Sørensen har køyrt lastebil frå Rollag til Røberg i Buskerud i dag.

På vegen har han stoppa heile sju gonger for å rydde tre som har falle i vegbana.

Eg har rydda 14 tre til saman. Men det kjem alltid ein med motorsag for å hjelpa til, ler han.

Tre over Bergensbanen i Hallingdal

TOGTRØBBEL: På Bergensbanen i Hallingdal har eit tre velta over skjenene.

Foto: Banenor

– Eit lågtrykk kjem inn frå vest og tek med seg ganske kraftig vind innover mot fjellet, seier meteorolog Magnus Haukeland.

– Det ser ut til å bli liten til full storm i fjellet, seier han.

Det regna sidelengs på Vikafjell i morgontimane i dag.

VIKAFJELL: Vindkast og redusert sikt er noko av det som kan møte trafikantane over Vikafjell i dag.

Foto: Skjermdump / Statens Vegvesen