Hopp til innhold

Jordbruksareal øydelagt av kommunen – no får Frode 4,2 millionar i kompensasjon

Halvparten av jorda på garden til Frode Bergo Larsen ligg brakk etter at matjorda vart øydelagt av kommunen. No får han kompensasjon.

Frode Bergo Larsen

STEIN OG GRUS: – Dette er ikkje matjord, det kan kven som helst sjå. Dette er stein og grus, seier Frode Bergo Larsen. Til høgre ligg den delen av garden som ikkje er berørt av problema.

Foto: Linnea Skare Oskarsen

Store delar av jorda på garden til Frode Bergo Larsen har blitt ubrukeleg.

Solneset gard ligg i eit av dei største jordbruksområda i Bergen kommune.

Under jordet ligg kommunens gamle bossplass frå 50- 60- og 70-talet. For to år sidan låg avfallet urørt under frodig gras. Graset var 30 dekar med jordbruksareal.

Kort tid etter at Larsen kjøpte garden i 2013, sette kommunen i gang eit stort arbeid med å sanera dei gamle fyllingane i kommunen.

Solneset gård

BOSSFYLLING: Den raude markeringa viser området som er blitt sanert av kommunen.

Foto: Privat

Målet var ikkje å fjerna alt bosset i grunnen, men å hindra at miljøgifter skulle renna til Nesvika naturreservat.

Det kosta kommunen 55 millionar kroner.

Ingenting veks

Då arbeidet var ferdig våren 2020, var området fylt med massar frå gravinga av ein ny togtunnel gjennom fjellet Ulriken. På toppen skulle det koma matjord.

– Dette er ikkje matjord, det kan kven som helst sjå. Dette er stein og grus, seier Larsen.

Frode Bergo Larsen

MISTA NÆRINGSGRUNNLAG: Bonde og grunneigar Frode Bergo Larsen seier at kommunen har teke frå han halvparten av næringsgrunnlaget hans.

Foto: Linnea Skare Oskarsen

Larsen meiner også at massane er for tette, slik at vatnet ikkje renn gjennom.

– Du kan få det mest utrulege til å veksa i stein og grus, men dersom plantene druknar, så veks ingenting.

Vedtaket frå kommunen seier at området skulle «attførast til jordbruksareal», men no vil ingenting gro der.

Frode Bergo Larsen viser kor mykje sand og stein det er

HARDT: Underlaget som tidlegare var brukt til beiteområde og fôrproduksjon er no mykje hardare, og grasplantene døyr.

Foto: Linnea Skare Oskarsen

Arealet har vore klassifisert av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBO) som fulldyrka jord sidan 1979.

Draumen om ein gard

Draumen hans om å driva ein gard går langt tilbake i tid. I 2013 blei draumen til verkelegheit.

Då kjøpte han Solneset. Sidan har han drive med sau og dyrka jordbær og grønsaker. I tillegg driv han med turisme og arbeidstrening.

Deponeringsområdet utgjer halvparten av innmarka på garden. Her har han hatt beiteområde og fôrproduksjon.

– Det er veldig synd at kommunen tek frå deg halvparten av næringsgrunnlaget ditt, seier han.

Med 35 000 jordbærplanter driv han Bergens einaste produktive jordbæråker.

Solneset gård

MEIR JORDBÆR: Den opphavlege planen til Larsen var å utvida jordbæråkeren.

Foto: Privat

– Me tenkte at når kommunen var ferdig, så kunne me utvida produksjonen den vegen, men der vil ikkje ein gang graset veksa.

4,2 millionar frå kommunen

Onsdag møtte Larsen bymiljøetaten frå Bergen kommune i forliksrådet.

Dei blei einige om at kommunen skal betala han 4,2 millionar kroner.

– Det er ein letnad at me har kome så langt at me faktisk har ein avtale som gir meg kompensasjon for alle dei utgiftene eg har hatt, seier Larsen.

Frode Bergo Larsen

INGENTING GROR: Larsen meiner hovudproblemet er dreneringa i området. Når vatnet ikkje renn vekk, står plantene under vatn. Då får dei verken oksygen eller næring, og graset blir gult.

Foto: Linnea Skare Oskarsen

Samtidig peikar han på at denne kompensasjonen på langt nær er nok til å kunna føra jorda tilbake til matjord.

– Det held ikkje i det heile teke. Då snakkar du om langt større beløp.

Han anslår at det vil kosta mellom 20 og 30 millionar dersom arbeidet skal ut på anbod.

Anslaget inneber eit nytt topplag, eit dreneringslag, rette opp setningar og dreneringsgrøfter.

Vil læra av dette

Thor Haakon Bakke (MDG) er byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen kommune.

Han understrekar at matjord og landbruk er viktig, både for MDG og kommunen.

– Det har vore viktig å rydda opp deponia, både med omsyn til miljøet og til områda rundt, seier Bakke.

Dronebilde

FØR: Slik så jordet på gården til Frode Bergo Larsen ut før matjorden ble ødelagt av kommunen

Foto: Bergen kommune/Veidekke
Dronebilde

UNDERVEIS: Kommunen sanerte de gamle fyllingene. Nå vil ingenting gro der.

Foto: Bergen kommune/Veidekke
deponi arbeid

UNDER ARBEID: Da arbeidet var ferdig våren 2020, var området fylt med masser fra gravingen av en ny togtunnel gjennom fjellet Ulriken. På toppen skulle det komme matjord.

Han er nøgd med at kommunen og Solneset gard har kome fram til ei løysing dei kan vera samde om.

Men 4,2 millionar dekker vel ikkje kostnadene for å få det tilbake til matjord?

– Det er der usemja har stått litt. Eg har vore oppteken av å få landa ei løysing som gjer at Solneset gard kan gå vidare, jobba med dette og få ei tilfredsstillande løysing for seg. Så kompenserer kommunen det, gjennom denne avtalen.

Kva dei 4,2 millionane skal dekka, er opp til Solneset Gård, ifølgje Bakke.

Bakke understrekar at dette er noko kommunen kan læra av. Han meiner det er ei vanskeleg sak.

– Me har ikkje veldig mykje erfaring med denne type prosjekt, verken i Bergen eller nasjonalt. Det er mykje læring me kan ta med oss til slike prosjekt i framtida.

Thor Haakon Bakke
Foto: Linnea Skare Oskarsen