Hopp til innhold

Sjukehus blir streng med pasientane: Skal kutte all «unødvendig behandling»

Direktøren meiner mange pasientar blir undersøkt eller behandla unødvendig mykje. No tar dei grep for å seie «nei» oftare.

Eivind Hansen

PRIORITERER: Kjem ein pasient og ber om CT- eller MR-undersøking skal svaret oftare bli nei, meiner direktør Eivind Hansen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Han har ei vanskeleg oppgåve, Eivind Hansen.

Som alle andre sjukehusdirektørar i landet må han spare. Utgiftene i sjukehussektoren aukar langt meir enn det dei får i statsbudsjettet.

Berre i Helse Bergen betyr det 500 millionar kroner.

Løysinga har blitt å kutte alt av rehabilitering og nybygging som ikkje er starta opp. Dette sparer Helse Bergen kring 150 millionar kroner.

Resten må takast inn rundt omkring i føretaket – og no har sjukehuset bestemt seg for korleis.

Til saman må klinikkane spare 260 millionar kroner.

– Pasientane vil vonleg merke lite. Men våre medarbeidarar vil nok merke at budsjettet er stramt. Det kan bli lange og krevjande dagar, seier den administrerande direktøren.

– Eg håper at dette ikkje vil gå ut over pasientane. Men eg ser ikkje vekk frå det.

Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus

BLIR TRAVELT: Her på psykiatrisk klinikk på Haukeland trur ein samtidig det blir meir å gjere.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Nei til CT- og MR-undersøking

Alle deler av Helse Bergen skal effektivisere. Dette gjeld og dei som behandlar pasientane.

Dei må prioritere strammare.

– Det kan vere at ein ønsker seg ein CT-undersøking eller MR-undersøking, og vurderer at det er behov for det. Men legane må oftare seie nei om dei ikkje trur det vil gi ny kunnskap.

– De vil rett og slett bli strengare med pasientane?

– Vi må prioritere hardare. Vi snakkar ofte om overdiagnostisering eller overbehandling. Dei rammene vi har no gjer at vi må ha ein meir grundig diskusjon om desse tinga.

Hansen varslar og eit mindre kutt i talet på sengeplassar. Det vil bety at pasientane blir på sjukehuset ein kortare periode.

Men samstundes som Helse Bergen må kutte, skal aktiviteten totalt sett opp. I mellom anna psykiatrien trur dei på at det vert meir å gjere.

Fødeavdelinga på Voss sjukehus

Fødeavdelinga på Voss sjukehus ligg an til å bli spart i budsjettplanane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Sparer fødeavdeling

Det er styret i Helse Bergen som endeleg vedtek budsjettet for neste år på styremøtet neste veke.

I forslaget frå administrasjonen er somme av kutta som har vore varsla i media fjerna.

  • Ambulansetenesta i bergensområdet vert og i stor grad skjerma. Einaste justering vert at ambulansen i Øygarden og Nordhordland ikkje vert bemanna to netter kvar veke.
  • Fødeavdelinga på Voss vert ikkje sommarstengd. Dette forklarer Hansen med at dei ikkje har oversikt over konsekvensane.

– Vi må sjå på tiltak mellom einingane i Helse Bergen. Vi må og sjå om vi kan samarbeide betre på heile Vestlandet for å få ein meir rasjonell ressursbruk.

Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Skubbar problema framfor seg

Alt blir dyrare, og for sjukehusa. Straum, utstyr, medisinar og arbeidskraft. I statsbudsjettet får dei ikkje kompensert for dette.

Å sette investeringar på vent kan bli dyrt om nokon år, vedgår Hansen.

– I 2023 skyver vi problema litt framfor oss. Det er ikkje å stikke under ein stol.

– Gamblar du på at rammene frå staten skal bli meir romslege om ikkje lenge når du kuttar flatt slik?

– Eg vil ikkje seie vi gamblar. Men i ein organisasjon som dette, som er så viktig for samfunnet, må vi vere forsiktige med å rive for mykje ned.

Det totale budsjettet for Helse Bergen neste år er på kring 15 milliardar kroner.

Hagavik kysthospital

Investeringar ved kysthospitalet i Hagavik vert utsette.

Foto: Helse Bergen