Hopp til innhold

Helse Bergen «friskmelde» pasientreiser – same året fekk taxiselskapa 2,2 mill. i bøter

I 2019 kom taxiselskapa for seint 4500 gongar til pasientar som venta på skyss. Det er fire gongar så ille som forgjengaren.

Taxikø i parkeringskjelleren på Haukeland

BØTER: I fjor fekk Norgestaxi fekk over to millionar kroner i bøter av Helse Bergen fordi dei ikkje klarte å henta pasienten til rett tid.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Då Norgestaxi og Christiania Taxi tok over pasientreisene for Helse Bergen i 2017, var det starten på forseinkingar og mykje frustrasjon.

Det same skjedde i Oslo då aktørane tok over transporten av pasientar.

Men etter ein trøblete start var Helse Bergen i ferd med å «friskmelda» taxiselskapa, skreiv BT i januar i fjor.

Så godt nøgde var Helse Bergen at Pasientreiser ifølge avisa vurderte å droppa bøtelegginga av taxiselskapa.

Men nye tal NRK har fått utlevert frå pasientreiser viser at bøtene utbetalt i 2019 var rekordhøge.

Norgestaxi var meir enn 30 minutt for sein til pasientane 4481 gongar i fjor. Helse Bergen hadde bestemt at så lange forseinkingar skulle straffast.

Det resulterte i bøter på 2.114.900 krone for selskapet.

– Me er ikkje nøgde med dei tala du viser til. Nøgde kundar og passasjerar er det me lever av, og me jobbar kvar dag med å bli betre, svarar administrerande direktør Dag Kibsgaard-Petersen i Norgestaxi om tala.

Dag Kibsgaard-Petersen

DIREKTØR: Administrerande direktør i Norgestaxi Dag Kibsgaard-Petersen beklagar tala. Mangel på bilar førte til problem, forklarar han.

Foto: Hanne Pernille Andersen

– Hadde for få bilar

Norgestaxi, som står for brorparten av køyringa for Helse Bergen, utførte 149.570 turar for Helse Bergen i 2019.

Med i underkant av 5000 forseinka oppmøte, utgjorde desse knappe tre prosent av dei totale oppdraga til Norgestaxi.

Christiania Taxi utførte 49.126 turar og blei bøtelagd 120.000 kroner av Helse Bergen.

Berre 648 av pasientreisene blei rekna som meir enn tretti minutt forseinka.

Det gir ein prosentdel på 1,3 prosent – mindre enn halvparten av konkurrenten Norgestaxi.

– I haust hadde me diverre for få bilar tilgjengeleg ein periode, og det oppstod nokre forseinkingar grunna dette, forklarar direktøren i Norgestaxi.

Anne-Lise Larsen og Mohammed Ibrahim pasienttransport Haukeland

PASIENTREISE: Drosjesjåfør Mohammed Ibrahim køyrer Anne-Lise Larsen på eit pasientreiseoppdrag frå Haukeland sjukehus i 2018.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Gav sjeldnare bøter

Helse Bergen opplyste i 2018 at dersom taxien kjem over ein halvtime for seint, må selskapet betala 700 kroner i gebyr. Dersom forseinkinga oversteig ein time, auka bota til 1000 kroner.

Men i fjor vår blei dette endra. Berre turar som var meir enn 45 minutt forseinka blei bøtelagde, opplyser avdelingssjef Ann-Mari Høiland ved pasientreisekontoret i Helse Bergen.

Gebyrsatsen vart justert til tusen kroner.

– Det kan vera grunnar for at det er forseinkingar som ikkje skal belastast transportøren. Dette kan til dømes vera vegarbeid, trafikkulukker, stengde vegar eller feil i bestillinga, forklarar Høiland om endringa.

Ann-Mari Høiland

AVDELINGSSJEF: Ann-Mari Høiland ved pasientreisekontoret i Helse Bergen.

Foto: Christian / Lura

Seint ute fire gongar så ofte som konkurrenten

Før Norgestaxi og Christiania Taxi tok over var det Bergen taxi som hadde pasientkøyringa i Bergen.

I 2016 køyrde selskapet 206.691 turar. På berre 1410 av desse turane var sjåføren for seine.

Det utgjer knappe 0,7 prosent.

Med andre ord har sjåførane til Norgestaxi i 2019 vore for seine til pasienten fire gongar så ofte som Bergen taxi i 2016.

Kibsgaard-Petersen seier Norgestaxi no har fått fleire bilar tilgjengeleg.

– Me ser alt ei markant betring. Dei første to vekene i mars hadde me den beste leveransen sidan sommaren 2019, fastslår han.

Frå og med 1. juli blir taximarknaden deregulert. Det meiner taxisjefen vil gi hans firma eit betre utgangspunkt.

– Me ser fram mot deregulering av taximarknaden 1. juli, og har allereie avtalar som sikrar oss fleire bilar og dermed betre kapasitet frå første dag.