Hopp til innhold

Desse dørene og lukene var opne på KNM «Helge Ingstad» då mannskapet evakuerte

KNM «Helge Ingstad» kunne vore berga om fregatten hadde fått ei full nedstenging, slår Havarikommisjonen fast. Sjøforsvaret får krass kritikk for manglande opplæring av mannskapet.

Illustrasjon viser åpne dører og luker på KNM Helge Ingstad

SJÅ BILETE OG ILLUSTRASJON: Illustrasjonane til Havarikommisjonen viser opne dører og luker som kunne vore stengd ved ei nedstenging, og vidare hindra eit forlis. Nokre av dørene i den skadde delen ville ikkje hatt betydning for om fregatten kunne vore berga.

Illustrasjon: Statens havarikommisjon
I den andre rapporten om fregattforliset vert det publisert ei rekke nye bilete og illustrasjonar om bergingsaksjonen.

I november 2018 kolliderte den norske fregatten KNM «Helge Ingstad» med lasteskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden utanfor Bergen.

Den første rapporten har allereie slått fast at mykje gjekk gale før kollisjonen, som gav ei 45 meter lang flenge i skroget.

No kjem del to av Statens havarikommisjon sitt arbeid med ulukka som enda med at milliardfregatten gjekk tapt i fjøresteinane ved Stureterminalen.

Den peikar på fleire alvorlege feil og feilvurderingar, som i sum førte til at fregatten gjekk tapt.

Alt i alt meiner Havarikommisjonen at Sjøforsvaret ikkje har gitt besetninga «gode nok forutsetninger til å kunne håndtere scenariet de stod i ulykkesnatten».

– Hadde mannskapet hatt betre trening, så ville dei hatt betre føresetnad for å berge fartøyet, seier Dag Liseth i avdeling sjøfart i Havarikommisjonen.

Ovanfor NRK seier Havarikommisjonen at dette er det mest alvorlege funnet.

– Det ligg i form av trening og opplæring på eit høgare nivå enn det som ligg i besetninga til «Helge Ingstad», seier Liseth og viser til at ansvaret for dette ligg hjå Sjøforsvaret og høgare opp.

Forklaringsvideo frå Havarikommisjonen.

VIDEO: Forklaringsvideo frå Havarikommisjonen.

Fregatten kunne vore berga

Rapporten tek for seg alt som skjedde frå kollisjonen klokka 04.01.15 og fram til fregatten var tapt.

Her er hovudfunna til Statens havarikommisjon i den nye rapporten. Sjå fleire funn i faktaboks nedst i saka.

  • Fregatten kunne vore berga. Men mannskapet måtte ha hatt betre teknisk forståing av fregatten og betre opplæring.

I rapporten skriv havarikommisjonen at det var sett av for lite tid og ressursar til å øve på komplekse havarisituasjonar.

På pressemøtet fekk Havarikommisjonen spørsmål om kompetansenivået hjå mannskapet burde vere på eit slikt nivå at ei slik ulukke kunne vore handtert.

– Vi snakkar om eit militært fartøy som er rekna for å tole å bli skoten på og få skader som medfører inntrenging av vatn. Så ja, ein må kunne ta høgde for at eit slikt skip kan skadast og samtidig kunne fungere i ein krigsoperasjon, svara Liseth.

Nye bilder frå evakueringa av KNM Helge Ingstad

NYE BILDER: Her evakuerer mannskapet fregatten etter grunnstøytinga.

Stengde ikkje dører og luker

  • Fregatten vart evakuert utan at dører eller luker vart stengd. Ei nedstenging her kunne ha forhindra at fregatten forliste.

– Mannskapet oppfatta vassfyllinga så omfattande at fartøyet uansett vart sett på som tapt, og det vart bestemt at ein skulle evakuere. Ved evakuering vart ikkje dører, luker og andre opningar lukka av besetninga.

Våre utrekningar har vist at ei nedstenging kunne ha forhindra forliset, slår kommisjonen fast.

– Det er viktig å forstå at dette er vurdert ut frå eit teoretisk aspekt, seier Liseth.

  • Lensing av vatn vart aldri effektivt etter kollisjonen. Det er utført lite praktisk trening på dette, meiner Havarikommisjonen. Fleire ventiler var utilgjengelige og fleire ventiler i lensesystemet var ikkje tette.
Nye bilder av fregattforliset i Hjetlefjorden.

HER GÅR DEN TAPT: Slepebåtane dyttar fregatten vidare opp på grunn etter evakueringa.

Grunnstøyting førte til meir vatn

Havarikommisjonen legg også til at verken grunnstøytinga eller vassfyllinga gjennom dei hule propellakslingane hadde avgjerande betydning for at fartøyet forliste.

Den manglande nedstenginga ville uansett medført forlis.

Men dei har avdekka at grunnstøytinga ti minutt etter kollisjonen gjorde at vassfyllinga skjedde raskare.

Det kan ha auka det allereie høge stressnivået hjå besetninga som prøvde å løyse situasjonen.

– Eg vil ikkje seie at fregatten burde vore berga. Det er naturleg at mannskapet, gitt dei føresetnadane dei hadde, valde å evakuere, seier Liseth.

Nøyaktig klokka 04.01.15 8.november 2018, kolliderte fregatten KNM «Helge Ingstad» med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden.

KOLLISJONEN: 8. november 2018 kolliderte fregatten KNM «Helge Ingstad» med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden.

Mannskapet var i vanskeleg situasjon

Havarikommisjonen hadde på førehand varsla at dei har gjort fleire «viktige funn» i granskinga av alt som skjedde etter kollisjonen.

Det tok ti minutt frå kollisjonen til fregatten grunnstøytte. Det tok ytterlegare ein time før alle dei 137 personane om bord var evakuert.

I dei ti første sekunda etter kollisjonen, mista fregatten all straumen. Dei opplevde å miste kontrollen over framdrift og styring av fregatten.

Men Havarikommisjonen har, som Forsvaret også har kome fram til, at det var teoretisk mogleg styre maskineriet.

– Situasjonen mannskapet var i må sjåast i samanheng med korleis dei løyste situasjonen. Også at dei heller ikkje forstod at ulike system eigentleg var i funksjon. Samanstøyten var kraftig og det var uklart om nokon hadde omkomme, seier Kristian Haugnes i Havarikommisjonen.

Sjå pressekonferansen i opptak:

Øygarden, fregatt med slagside

Sjøforsvaret: – Har sett i verk tiltak

Sjøforsvaret meiner den nye rapporten frå Havarikommisjonen vil bidra til å styrke tryggleiken til sjøs.

– Dette er ein viktig rapport. Det viktigaste for oss etter denne ulukka har vore å hauste erfaringar og gå grundig inn i alle sider av den. Her er det mykje vi skal lære, seier sjef i Sjøforsvaret, Rune Andersen til NRK.

Han seier det allereie er sett i verk fleire tiltak og har lukka fleire av avvika som er påpeika i rapporten.

– Marinefartøy generelt, også i Noreg, er dei som trener mest på å handtere havarisituasjonar, brann og så vidare. Det er fordi vi førebur oss på å gå i kamp med desse fartøya, seier Andersen.

– Dei avvika og svakheitene som er avdekka i denne rapporten relaterer seg til ein veldig spesiell skadesituasjon, med ein 45 meter stor opning i skotsida. Dette har opna opp ein del perspektiv som både vi i det norske sjøforsvaret, men også utanlandske kollegaer, studerer nøye.

Jostein Kjernaas og Anita Eide

Jostein og Anita opplevde dramaet på fregatten: – Som terapi å være tilbake

Jostein Kjernaas fikk strøm i seg da han reddet en kollega ut av en lugar.

Les saken

Matros Pål André Gustavson (22) forteller om dramaet på KNM Helge Ingstad

Pål André klatra i sikkerheit, dynka i drivstoff: – Ekstremt fokus på å overleva

Pål André Gustavson kjempa for livet då marinens fremste krigsvåpen kolliderte i Hjeltefjorden. – Eg er ferdig med «Helge Ingstad».

Les saken

Her kolliderer Sola TS og Helge Ingstad

Derfor kolliderte fregatten med tankskipet

En rekke forhold medvirket til kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS», ifølge Havarikommisjonen. Blant annet peker kommisjonen på opplæringen av brobesetning på fregatten.

Les saken

Helge Ingstad på vei til siste stopp

Fregatten «Helge Ingstad» har nådd sin siste destinasjon

Fregatten «Helge Ingstad» har hatt si aller siste reise. Ferda gjekk over den same fjorden der fregatten kolliderte med eit tankskip.

Les saken