Ved 07-tida måndag morgon starta arbeidet med å kople fregatten frå landstraum, gangveg og fortøying.
Rundt 09.30 var fregatten klargjord for si aller siste ferd.
– Vi er glade for endeleg å få avslutta fregatten «Helge Ingstad» sin tragiske lagnad og få ein ende på det kapittelet. Det er ein spesiell dag, og det blir rart og vemodig å sjå henne ha sin siste seglas, seier kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Sandberg i Forsvarsmateriell.
Måndag er det nøyaktig to år og tre månader sidan KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» under navigasjonsøving i Hjeltefjorden.
I dag segla skipet i same fjord, men ikkje for eiga maskin. Fregatten vart slept frå Ågotnes i Øygarden til Hanøytangen på Askøy.
Her skal skipet huggast opp i småbitar. Ved 11.30-tida var «Helge Ingstad» fortøydd ved kaien på Hanøytangen.
For dyrt å reparere
Det er Norscrap West AS som har fått kontrakten for å destruere fartøyet. Dei har engasjert underleverandøren Buksér og Berging for flyttinga av skipet.
Mellom 25 og 30 personar deltok i operasjonen.
Etter kollisjonen 8. november 2018 følgde ein lang og dramatisk redningsaksjon på vinteren. Vind, dønningar og ein vaier som rauk var nokre av problema som oppstod. I mørket ei natt i mars 2019 vart fartøyet slept til Sjøforsvarets base på Haakonsvern.
Vel framme kunne Forsvaret etter kvart konkludere: Ein reparasjon ville kosta for mykje. I staden skal skipet destruerast og bli selt som skrapmetall.
På spørsmål om kva faremoment Forsvarsmateriell såg før flyttinga av skipet måndag, kom vêrforholda i Hjeltefjorden atter opp som ei utfordring.
– Vi er avhengige av eit godt vêrvindauge. Vi tek den tida det treng og skal sørgje for at ho kjem trygt fram til siste destinasjon, seier Sandberg i Forsvarsmateriell.
Måndag var det meldt sol og lite vind, og slik sett godt vêr for å slepe ein fregatt til sin siste destinasjon.
Lang operasjon
Avstanden mellom Ågotnes og Hanøytangen er rundt 6,5 kilometer. Sjølve turen over fjorden tok dryg ein times tid.
To slepebåtar, ein sikringsbåt og fleire rib-båter frå Sjøforsvaret følgde fregatten.
«Helge Ingstad» hadde lós og personell om bord for fortøying og overvaking av slepet.
Seinast førre veke inspiserte DNV GL fartøyet, og kom fram til at det trygt kan flyttast.
– Vi har forsikra oss om at vi kan forhale fregatten trygt frå Ågotnes til Hanøytangen. DNV GL har mellom anna sjekka skroget, og gitt avgrensingar og råd om korleis fartøyet kan forhalast, seier Sandberg.
Droneforbod var innført i området, og båtar måtte halde 200 meters avstand.
Tryggleik
Sjølve destrueringen av skipet startar i august, og skal vere ferdig innan årsskiftet. Forsvarsmateriell vil ha folk til stades under destruksjonen for å ta vare på tryggleiken.
– Det er ikkje berre berre å avhende eit krigsskip. Det er eit komplekst og omfattande arbeid, spesielt når vi har fire like fartøy som framleis seglar, seier Sandberg.
I november 2019 hadde Forsvarsmateriell teke ut 2500 delar frå fregatten. Seinare har fleire hemmelege delar vorte tekne ut av skipet, men arbeidet er ikkje ferdig.
Alt av utstyr som er kalla som «skjermingsverdig» vil bli fjerna, dokumenterte og destruerte, før fartøyet blir flytta inn i dokk for at skroget skal plukkast frå kvarandre.
Fregatten er òg ribba for nemninga «KNM» (Kongelig Norsk Marine), sidan fartøyet ikkje lenger er ein del av Sjøforsvarets driftsstruktur.
Sandberg seier at det var viktig for Forsvarsmateriell å gi kontrakten til eit norsk selskap. Dei betaler 60 millionar kroner for destruksjonen. Sal av skrapmetall vil gi «fleire millionar kroner» i inntekter for Forsvaret, men Sandberg vil ikkje gå nærare inn på kor mykje.