Hopp til innhold

Fiskarlaget la lokk på varslarsak – no etterforskar politiet

Fiskarlaget valde i fjor å løyse varslingssaka med ei eiga «gransking» framfor å kople inn politiet. No har politiet likevel innleia etterforsking. Fiskarlaget får kritikk for handteringa si.

Fiskeri

VARSLINGSSAK: Ei kvinne i Fiskarlaget varsla om at ho ved fleire høve vart usett for seksuell trakassering. Politiet vil etterforske saka.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Ein sentral tillitsvald i Noregs Fiskarlag er skulda for seksuell trakassering av ei kvinne i fiskarlaget.

Politiet har innleia etterforsking, og mannen har mellombels trekt seg frå verva sine.

Kvinna har varsla om at ho ved fleire høve meinte seg utsett for seksuell trakassering av den mannlege fiskarlagstoppen. Trakasseringa skal ha skjedd i 2018 og 2019.

Politiet vil ikkje seie kven som har meldt til politiet, eller kva som er innhaldet i politimeldinga, men stadfester at dei har teke imot politimeldinga.

– Vi vil ikkje gå ut med detaljar i omfang og karakter i saka, seier politijurist Lisa Refsnes til NRK.

Trekt seg frå verva sine

Etterforskinga kjem i tillegg til at Noregs Fiskarlag no vil granske saka på nytt etter at Dagbladet avslørte saka.

Fiskarlaget valde i fjor å løyse saka med ei ekstern «gransking» framfor å kople inn politiet.

Granskinga vart ikkje fullført, men enda i ei hemmeleg avtale mellom kvinna, mannen og Fiskarlaget. Avtala forplikta partane til å legge lokk på saka i all framtid.

Mannen skal ifylgje Dagbladet ved fleire høve ha gitt beskjed om at han ikkje er samd med kvinna si framstilling av saka.

NRK har ikkje fått svar på våre førespurnader til mannen. NRK har vore i kontakt med kvinna, som ikkje vil kommentere saka.

Likestillings og diskrimineringsombodet: – Vil kunne svekke rettstryggleiken til offera

Helene Jesnes er fagansvarleg for feltet seksuell trakassering hos Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Ho åtvarar på generelt grunnlag mot å inngå avtalar om tausheit, og seier slike avtalar kan svekke rettstryggleiken til ofre for seksuell trakassering.

– Eit sentralt spørsmål vil vere kor friviljug ei slik avtale faktisk er. Om arbeidsgjevaren bidreg til denne typen avtaler, vil det kunne bli eit spørsmål om arbeidsgjevar bryt sine forpliktingar til å hindre seksuell trakassering etter likestillings- og diskrimineringslova sin paragraf 13, seier ho.

Om arbeidsgjevar er i tvil om alvoret i saka, anbefaler ho at dei kontaktar Likestillings- og diskrimineringsombodet.

– I alvorlege saker er avtaler problematisk. Saker av mindre alvorleg karakter kan kanskje løysast på arbeidsplassen gjennom avtalar mellom partane.

Helene Jesnes (LDO)

ÅTVARAR: Helene Jesnes i Likestillings- og diskrimineringsombodet-

Foto: Likestillings- og diskrimineringsombodet

Fiskarlaget vil ikkje kommentere

Det var generalsekretær i Fiskarlaget, Otto Gregussen, som hadde ansvaret for å handtere varsla då dei kom. Han signerte også avtalen på vegner av Noregs Fiskarlag.

No skal Fiskarlaget si handtering granskast, av ein ny uavhengig part. Assisterande generalsekretær, Jan Birger Jørgensen, vil ikkje svare på kvifor Fiskarlaget fyrst skreiv under på ei avtale om konfidensialitet.

I ei pressemelding skriv Fiskarlaget at dei «har vore opptekne av å ta vara på dei to partane på ein tryggande og god måte». Fiskarlaget skriv at dei to det gjeld på eige initiativ inngjekk avtale om å avslutte saka.

– Då begge dei involverte partane bad om at undersøkingsprosessen vart stogga, tok vi det tydelege ynsket til vitande, skriv Fiskarlaget.

Samstundes er dei opne for at «det kan ha vore andre måtar å gjere det på».

– Dette har vore ei krevjande sak å handtere, skriv dei.

Otto Gregussen

GRANSKING: Generalsekretær i Noregs Fiskarlag, Otto Gregussen

Foto: Even Langmo / NRK

Kritisk til Fiskarlaget si handtering

NRK veit at saka har vekt uro internt i Fiskarlaget. Styremedlem i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden, er kritisk til at leiinga gjekk inn på ei avtale der saka skulle haldast hemmeleg.

– Vi er usamde i den handteringa saka fekk, og gav beskjed om det, seier Silden.

Geir Magne Røys, som sat i landsstyret inntil i fjor, har vore ein av dei tydelegaste kritikarane.

Han meiner Noregs Fiskarlag ikkje har følgt opp varslaren på ein god måte.

– Eg har vore veldig imot måten dette har blitt handtert på sidan dag éin, seier han.

Geir Magne Røys

KRITISK: Geir Magne Røys gjekk i fjor ut av landsstyret i Noregs Fiskarlag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Både Røys og Silden seier kritikken rettar seg mot Fiskarlaget si handtering, og vil ikkje kommentere innhaldet i sjølve varselet.

Røys krev at Fiskarlaget gjer ein grundig jobb når dei skal gå gjennom handteringa si.

– Eg håpar at den granskinga verkeleg er nøytral, og at vi kan ha tillit til konklusjonen. Om ikkje blir denne saka hengande over oss i lengre tid.