Hopp til innhold

Fleire går gjennom isen – denne vinteren er allereie verre enn førre

Fleire har gått gjennom isen til no i vinter enn dei tre siste vintrane. To personar har mista livet. – Det kjem heilt sikkert til å skje fleire ulukker, seier isekspert.

Luftambulanse ved Bahusvatnet der Oddekalv døde

OMKOM: Kurt Oddekalv skulle redda ein hund, då han gjekk gjennom isen på Bahusvatnet i Bergen denne veka.

Foto: Marte Fredriksen / 03030-tipser

– Det sa pang, og så gjekk eg rett gjennom. Det gjekk så fort at eg ikkje rakk å tenkja, seier Jan Erik Grande.

Onsdag var han ute på sin vante morgontur med hundane sine på Vossevangen.

Sjølv om isen på Vangsvatnet hadde blitt målt fleire gongar og stadar, viste det seg at den ikkje var trygg. Då han var kome om lag 20 meter frå land, brast den.

Plutseleg stod han med vatn til knea.

– Heldigvis var det berre ein halvmeter med vatn før eg kom til botn. Men eg kvakk og det var ubehageleg der og då, seier Grande.

To personar har mista livet

Han er diverre ikkje åleine om å ha gått gjennom isen denne vinteren. Berre den siste veka har det vore fleire hendingar.

Måndag kveld omkom miljøaktivist Kurt Oddekalv i eit forsøk på å redda ein hund på eit islagt vatn i Bergen.

Tysdag kveld gjekk ei kvinne gjennom isen på Vangsvatnet. Det gjekk heldigvis bra.

Statistikken til NVE syner at 27 personar har gått gjennom isen til no denne vinteren. Det er allereie fleire personar enn dei tre siste vintrane.

NVE fører statistikk på dette frå oktober til mai.

NVE sin statistikk over personar som har gått gjennom isen.

STATISTIKK: Det er enno langt opp til vinteren 2012-13, men i vinter har det til no vore fleire som har gått gjennom isen enn dei tre siste åra.

Grafikk: NVE

Trur det vil skje fleire ulukker

Til no i vinter har to omkome etter å ha gått gjennom isen.

Det er eit stykke opp til vinteren 2012/13, då sju personar mista livet i slike ulukke.

Men det enno nokre månadar att av vinteren.

– Eg trur heilt sikkert det kjem til å skje fleire ulukker i vinter, seier Ånund Sigurd Kvambekk i faggruppa for is og vasstemperatur i NVE.

Det er gjerne på slutten av vinteren at dødsulukkene skjer.

– Då er det våris. Den er dårleg, og vanskeleg å koma seg opp att på. Heldigvis er det færre på isen, seier han.

Han legg til at det denne sesongen har vore fleire løypemaskiner som har gått gjennom isen, og at det kan stå for noko av auken.

En løypemaskin som har gått gjennom isen på Flishøgda i Elverum.

MED I STATISTIKKEN: Maskiner som går gjennom isen er med i statistikken til NVE. Om lag ein tredel av dei 27 som har gått gjennom isen i år, har gjort det med trakkemaskiner. Det er unormalt høgt, ifyglje

Foto: Thor Bergerengen

Vinteren er ikkje over

På Vangsvatnet på Voss er det ifølgje Grande stor aktivitet for tida. Det skal vera både skispor og skeisebane på vatnet.

– Før eit vatn blir rekna som sikkert bør det målast fleire stadar. Isen er aldri jamn, meiner Grande.

Det er også isekspertane i NVE samde med han om.

– Ein veldig klassisk feil er å setja fart mot eit område med tynn is etter å ha sett andre på isen, seier Kvambekk.

Ånund Sigurd Kvambekk i NVE

FLEIRE ULUKKER: Ånund Sigurd Kvambekk i faggruppa for is og vasstemperatur i NVE trur heilt sikkert det kjem til å bli fleire ulukker på isen i vinter.

Fleire har med seg utstyr

Dei siste åra har det vore færre dødsulukker på isen enn kva det var for 10–15 år sidan. Kvambekk trur ein av grunnane kan vera at folk har blitt betre utstyrt.

– Fleire har med seg ispiggar, kasteliner og isstavar. Det var det få som hadde for ti år sidan, seier han.

Kasteliner er ein av verktøya som kan gjera det lettare å koma seg opp att når uhellet fyrst er ute. Blant erfarne skøyteløparar er det få som omkjem, sjølv om dei går gjennom isen.

– Går du saman med fleire og har med kasteline, er det rett og slett ikkje så farleg, seier Kvambekk.

Han er likevel sikker på at talet kan gå ytterlegare ned om folk blir flinkare til å ferdast sikkert på isen.