Hopp til innhold

Nær 180 dyr døydde i fjøsbrann på Byrkjelo i Nordfjord

Over 100 dyr mista livet i ein fjøsbrann på Byrkjelo i Gloppen kommune fredag kveld. – Det er framleis ein del som ulmar, fortel innsatsleiar om brannen laurdag morgon.

Brann i fjøs med 200 dyr på Byrkjelo. Etterslukking av brann.

ULMAR: Det er framleis svært varmt på staden.

Foto: Runar Kleppe

Til saman var det rundt 230 kyr, oksar og kalvar i fjøset då det byrja å brenne.

Naudetatane fekk melding om brannen klokka 20.28 fredag kveld. Brannmannskapa hadde kontroll over brannen ved 22-tida, men ettersløkkinga gjekk framleis føre seg natt til laurdag.

– Rundt 50 dyr vart redda ut og er førebels fordelt på andre gardar i nærleiken. Nokon er også avliva, fortel operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt til NTB.

Brannvesenet er framleis på staden i 09.30-tida laurdag morgon.

– Det er framleis ein del som ulmar og brenn smått i branntomta som vi ikkje klarer å sløkke, fortel innsatsleiar for brannvesenet, Runar Kleppe til NRK.

Bygningen kollapsa under brannen fredag kveld og det er mykje nedfall på staden.

– Vi ser ikkje det som trygt å gå inn og få tatt alle flammane. Vi må berre kontrollere det slik som det er, seier Kleppe.

Starta i fjøsen

Operasjonsleiar Johannessen fortel at politiet forlét staden ved 1-tida natt til laurdag, men at dei vil dra til brannstaden laurdag for å gjennomføre undersøkingar, avhøyr og samtalar med dei involverte.

brann Gloppen

Det var opne flammar og overtenning fredag kveld.

Foto: Wilhelmine Ravnestad Sanne-Gundersen

Han seier det er inga openberr brannårsak, men det er på det reine at brannen har starta inne i fjøset.

– Vi skal undersøkje om brannen har starta i nokre maskiner, men det er altfor tidleg å seie noko om brannårsaka.

Brann i fjøs med 200 dyr Vest politidistrikt melder om brann i ein fjøs i Byrkjelo. Det skal vere rundt 200 dyr i fjøsen. Eigar jobbar med å evakuere dyra med hjelp frå naboar. Naudetatane er på veg.

Brann i fjøs med 200 dyr Vest politidistrikt melder om brann i ein fjøs i Byrkjelo. Det skal vere rundt 200 dyr i fjøsen. Eigar jobbar med å evakuere dyra med hjelp frå naboar. Naudetatane er på veg.

– Ufatteleg fortvilande

Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, møtte opp ved brannen for å støtte eigarane av garden.

– Dette er ein forferdeleg situasjon for alle. Brann er noko av det verste ein kan ha uansett kva som brenn.

Han trur det må vere ufatteleg fortvilande for eigarane når ein veit kor mange dyr som er involverte.

– No er eg mest oppteken av å snakke med dei som står nærme dette og få følgt dei opp.

Sende ut store styrkar

Brannen starta i fjøsen på garden og spreidde seg til eit anna driftsbygg.

– Vi sende ut brannvesenet. Større einingar med mykje slagkraft. Vi har hatt første eining fremme som kan bekrefte at det er brann i fjøset. Det er også observert opne flammar over tak, seier Shahrooz Lahooti ved 110-sentralen til NRK klokka 20.48 fredag kveld

Det var eigaren av fjøsen som melde inn brannen til naudetatane.

Brann på Byrkjelo
Foto: Wilhelmine Ravnestad Sanne-Gundersen