Hopp til innhold

Wikileaks fjerna frå Internett

Den kontroversielle varslarnettstaden Wikileaks er fjerna frå den opprinnelege serveren etter eit nytt massivt virusangrep, opplyser serverselskapet EveryDNS.net.

Wikileaks under dataangrep

Domeneselskapet EveryDNS.net har stengt nettsidene til Wikileaks.

Foto: Fotomontasje

Julian Assange i et møte om USAs menneskerettigher

Julian Assangekan bli tiltalt for spionasje. Han er frå før etterlyst etter valdtektsskuldingar.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Selskapet som administrerer Everydns.net melder at dei har stengt ned nettsidene til Wikileaks.com på grunn av virusangrepa, og angrepa dei fryktar vil kome i framtida. Desse angrepa, seier selskapet, truar stabiliteten til dei rundt 500.000 andre nettstadene selskapet har på sine serverar.

Ber om pengegåver

Wikileaks seier i ein kommentar på Twitter at sida deira er «drepen», og dei ber om pengegåver slik at dei igjen kan kome på lufta.

- Domenet vårt er fjerna av everydns.net etter påståtte masseangrep, heiter det i meldinga på Twitter .

Deretter kom det melding om at dei hadde flytta sidene sine til denne nye adressa . Dei melder litt seinare at dei har flytta sidene sine til ein server i Sveits med denne adressa .

Sensur

Wikileaks-sjef Julian Assange reagerer sterkt på stenginga av nettsidene.

- Dette er eit eksempel på privatisering av statleg sensur i USA. Dette er eit alvorleg problem, seier han til Theguardian.net .

Han legg til at desse angrepa ikkje vil stanse Wikileaks, men at det bør få alarmklokkene til å ringje om lovbruken i USA.

Wikileaks.com har den siste tida offentleggjort fleire hundre tusen hemmelege dokument, som truleg er lasta ulovleg ned frå serverane til amerikanske styresmakter. USA har blant anna trua med å tiltalte Julian Assange for spionasje.

Etterlyst internasjonalt

Assange er også internasjonal etterlyst for skuldingar om valdtekt i Sverige. Han avviser sjølv dette, og seier at valdtektsskuldingane er politisk motiverte.

Det er uklart kven som står bak angrepa mot Wikileaks.com, men advokaten tilAssange i Storbritannia, Mark Stephens, seier at stenginga av nettstaden er eit forsøk på å teie i hel Assange.

- Nokon, truleg ein statleg aktør, har teke kontroll over fleire hundre tusen sårbare datamaskinar over heile verda og fått alle til å søkje opp heimesida til Wikileaks samstundes, seier han.

Selskapet EveryDNS opplyser at dei stengde ned sidene til Wikileaks klokka 04 i natt norsk tid

LES OGSÅ: – Britene vil ikke pågripe Assange

LES OGSÅ: - Denne informasjonen må ikke lekke ut

LES OGSÅ: Wikileaks frykter for Assanges liv

LES OGSÅ: Wikileaks-grunnleggerens mor urolig for sønnen

LES OGSÅ: Tror amerikansk storbank blir neste Wikileaks-offer

SISTE NYTT

Siste nytt