Hopp til innhold

Wikileaks avslører EUs plan for å stanse menneskesmugling i Middelhavet

Wikileaks har offentleggjort to dokument som dei seier er EU sin militære plan for å stanse flyktningstraumen i Middelhavet.

EUROPE-MIGRANTS/ Wider Image: Isle Landers

EU la planar for korleis dei skal stanse flyktningstraumen over Middelhavet på eit møte den 18. mai. Wikileaks offentleggjer i dag to dokument som viser kva EU-landa er blitt einige om. Her er eit gamalt bilete av flyktningar som får kasta til seg ei flaske vatn medan dei er på veg inn mot Malta.

Foto: DARRIN ZAMMIT LUPI / Reuters

Eit av dokumenta som Wikileaks skal ha fått tilgang til skal vere utarbeida av forsvarssjefar frå dei ulike EU-landa, og skal ha blitt godkjent av representantar frå dei 28 EU-landa under eit møte 18. mai.

Anerkjenner IS som ein reell trugsel

Ifølgje dokumenta er ein sentral del av EU sin militære plan å øydelegge båtar som vert brukte til å transportere menneske over Middelhavet. Dette skal gjerast før båtane legg ut frå land i Libya, og ein vil dermed klare å stanse mykje av flyktningstraumen før den forlét Afrika.

EUs utanrikssjef, Federica Mogherini, nemnde også dette i ei Twittermelding i etterkant av møtet den 18. mai.

Laster Twitter-innhold

Planen anerkjenner også trugselen frå IS i Libya som reell, og at trugselen frå ekstremistgrupper langs den libyske kysten er noko som må takast med i framtidige vurderingar.

I dokumenta vert det også fokusert på potensiell negativ dekning av EU sin aktivitet i Middelhavet. Difor er det viktig at ein heilt frå byrjinga av jobbar nøye med kva forventingar ein skaper, står det også i planen, ifølgje Wikileaks.

Har bede FN om å få bruke militær makt

Dokumentet understrekar at det er viktig at ein heile tida justerer den militære aktivitetens styrke i nærleiken av Libya.

Dette er viktig for at EU ikkje skal bli skulda for å ta side i Libya, for at dei ikkje skal skade legitim økonomisk aktivitet i landet og for at dei ikkje skal destabilisere den politiske prosessen i landet ytterlegare.

EU har tidlegare bede FNs tryggingsråd om løyve til å bruke militær makt mot menneskesmuglarane i Middelhavet, men har førebels ikkje fått svar.

Libya si internasjonalt anerkjente regjering har derimot stilt seg kritiske til EU sine planar, og understrekar at alle planar om å utføre militære aksjonar mot båtar i eller utanfor libysk farvatn er inhumane. Det sa ein talsmann for regjeringa kort tid etter at EU-møtet den 18. mai var over.

Omdiskutert militæraktivitet i og utanfor Libya

Kaoset og anarkiet som har herja i Libya etter borgarkrigen i 2011 har lagt til rette for stor aktivitet blant menneskesmuglarar. Landet har to regjeringar som kjempar om den politiske makta, samt fleire ekstreme islamistiske grupper.

Midt oppi alt dette går det ein straum med flyktningar, og berre i 2014 meiner ein at 170.000 menneske har kryssa Middelhavet frå Libya og over til Europa.

Fleire EU-land spelte også ei rolle i 2011, då Nato intervenerte i den libyske borgarkrigen og kjempa på opprørsgruppene si side i kampen mot tidlegare president Muammar Gaddafi.

Bakgrunnen for dagens situasjon skaper difor ekstra mykje debatt når det no vert diskutert å gå til angrep nær Libya, og EU-planen som no er offentleggjort av Wikileaks viser at det snart kan bli aktuelt med ny militær aktivitet frå europeiske land i libysk territorium.

SISTE NYTT

Siste nytt