Hopp til innhold

- Det var mer moro før i tida

Watergate-mørkemann Gordon Liddy meiner svertekampanjane i amerikansk politikk er som pust i sivet jamfør med før i tida.

Gordon Liddy
Foto: ROBERTO BOREA / AP

Gordon Liddy er berykta som hjernen bak innbrotet i Demokratanes hovudkvarter.

Spioneringa på opposisjonen vart avslørt og president Richard Nixon gjekk av i skam i det som kanskje er den mest omtalte politiske skandalen i moderne historie.

Førti år etter Watergate som enda med fem år i fengsel, har den tidlegare FBI agenten skapt seg ein karriere som konservativ slugger på radio, i sitt eige program Liddyshow .

Liddy talar varmt for hjartesakene til Tea Party-rørsla, dei som kjempar mot alt som luktar statleg innblanding i privatlivet.

Richard Nixon går av som president.

Richard Nixon 9. august 1972 i det han forlet frå Det kvite hus.

Foto: BOB DAUGHERTY / AP

Sjå i Nett-TV: Innbruddet som felte presidenten

- Palin er bra

På telefon frå radiostudioet i New York, hyllar Liddy tidlegare visepresidentkandidat Sarah Palin som spydspissen for denne tverrpolitiske rørsla.

Sarah Palin

Sarah Palin på en tale på California State University i sommer.

Foto: Rich Pedroncelli / Ap

- Palin representerer alt som er bra med USA, ho kan skyte ein elg, ta den med heim og lage middag. Dette er verdiar frå det ville vesten som framleis blir halde høgt i hevd, fortel Gordon Liddy til NRK.

Palin har samla inn store pengesummar ho skal bruke i kampen mot dei som har vedteke helse- og finansreformene i Kongressen.

- Tea Party-rørsla meiner Barack Obama og fleirtalet i Kongressen er ein skammeleg bande. No gler dei seg til å kaste desse venstrevridde politikarane ved kongressvalet i november, fortel Liddy.

Kan ikkje stave

Palin blir hyppig hengt ut i amerikanske medier.

Nyleg brygga det opp til mediestorm då ho brukte ordet «refudiate» på Twitter. Den tidlegare visepresidentkandidaten meinte å skrive repudiate, som betyr å forkaste eller avvise, i samanheng med at ho kritiserte planane om å bygge ein moske ved «Ground Zero» i New York.

Bloggarane gjekk amok, blant anna på www.refudiate.com , og stempla Palin som ein kunnskapslaus analfabet.

- Kvifor blir Palin sett på som ein so farleg motstandar at ho blir gjenstand for slike hatske åtak?

- Berre sjå kven som står bak, forklarar Liddy.

- Media er dominert av besteborgarlege og venstreradikale krefter, slår han fast.

Den aldrande radioverten hevdar Demokratane har som politikk å overbevise det amerikanske folket om at Palin er rasist.

- Dette er den desidert mest effektive måten å bringe ein politikar i vanry på i USA, meiner han.

Richard Nixon tok tidlig ledelsen over George McGovern valgnatten i 1972.

Valkampen mellom Richard Nixon og George McGovern i 1971 blei stygg.

Sjå i Nett-TV: Valgkamp med innbrudd (1972)

- Vi var verre

- Kjenner du igjen «skitne triks» som du sjølv brukte då du arbeidde for Nixon-valkampen i 1972?

- Nei. Vi var mykje meir hardbalne.

- Ein gong forfalska vi invitasjonar til ein viktig kronerullingsmiddag for Demokratane. Vi inviterte fleire afrikanske land med klar beskjed om at dei måtte stille i folkedrakt.

- Du kan tru det vart kaos då det ramla inn hordar av afrikanarar med leopardskinn og spyd. Dei stakkars Demokratane hadde ikkje anna val enn å gje gjestane heidersplass, seier Libby og ler godt.

- Hadde Demokratane eigne intrigemakarar som slo tilbake?

- Ja! Dei hadde ein dyktig kar. Han tok innersvingen på oss ein gong Nixon dreiv valkamp med tog. Utkledd som konduktør vinka han toget av garde i det Nixon byrja å tale frå bakarste vogn, fortel Liddy og legg lattermild til:

- Han var flink, han karen der!

Sjefen for skitne triks

Liddy var ikkje den einaste intrigemakaren i den omstridde sirkelen rundt Nixon.

Saman med CIA-operatøren E. Howard Hunt leeia han ei gruppe menn som skulle vere Nixons private sikkerheitspoliti og etterretningsteneste.

Watergate-journalistene Bob Woodward (til høyre) og Carl Bernstein.

Washington Post-journalistane vart Gordon Libbys overmenn.

Foto: AP

I den berømte boka til journalistane Carl Bernstein og Bob Woodward, «Alle presidentens menn», blir denne hemmelege gruppa omtalt som «rørleggarane». Dei som dreiv med sokalla «black operations».

Nestleiaren av valkampanjen til Nixon, Jeb Magruder, kalla berre Liddy «sjefen for skitne triks».

I tospann kokte Liddy og Hunt opp ei rekke fantasifulle planar for å spionere på og sverte den demokratiske presidentkandidat George McGovern. Mellom anna leigde dei inn prostituerte som skulle brukast til utpressing.

Dei planta feilinformasjon i media og grov opp alt dei kunne finne av pinlege opplysningar som kunne diskreditere McGovern.

Blant dei meir kostbare planane var å avlytte flyet til presidentkandidaten med eit anna fly. Men planen vart forkasta som for dyr av kampanjesjef og justisminister John N. Mitchell.

I sjølvbiografien «Vilje» skriv Liddy at han også vurderte å ta livet av den profilerte journalisten Jack Anderson, fordi han sette amerikanske soldatliv i fare i Vietnam med sine avslørande artiklar.

E. Howard Hunt

E. Howard Hunt under vitneavhøyringa framfor Watergate-komiteen i Senatet.

Foto: AP

Gordon Libby, journalisten Jack Anderson og ABC-vert David Hartman

Gordon Libby og journalisten Jack Anderson etter ein debatt på «Good Morning America» og vert David Hartman.

Foto: AP
Men Watergate-skandalen skal ha kome i vegen før planen vart sett ut i livet.

- Oswald skaut Kennedy

Kompanjongen E. Howard Hunt, som døydde i 2007, er også ein omstridd skikkelse. Fleire journalistar og konspirasjonsteoretikarar har forsøkt å knytte han til attentatet på president John F. Kennedy.

Men her er Liddy krystallklar.

- Det var berre ein attentatmannen, Lee Harvey Oswald. Han lukkast fordi han hadde ei fortid i det amerikanske marinekorpset.

- Oswald var opplært til å treffe der han sikta. Når folk sår tvil om han var i stand til å skyte tre skot på so kort tid, er det fordi militæret i dag driv med det eg vil kalle «spray and pray», seier Liddy.

Gordon Liddy er ein mann av fag. Han er uroa over at amerikanske styresmakter ikkje lenger utdannar skyttarar som Oswald.

- Eg jobba saman med revolvermenn som eigenhendig skaut og drap seks mann på Cherokee-stripa. Alle desse er døde, og ingen har so vidt eg veit erstatta dei.

No når han snart rundar 80, ser G. Gordon Liddy med stor uro på arbeidsmoralen ved sin gamle arbeidsgjevar FBI.

- Kom nokon inn på kontoret og sa at bankranaren John Dillinger var observert, rykka alt som kunne krype og gå ut for å delta i jakta. I våre dagar sit dei og ser på klokkene sine og seier «åh, det er halv seks og snart helg, eg trur eg står over».

Slagferdig

G. Gordon Liddy er like mystisk som han er omstridd. Men ingen kan ta frå han humoren og drivet når han leiar eitt av dei mest konservative radioprogramma i USA.

På onsdag sparka han i gong sendinga slik:

- El Presidente, nei eg snakkar ikkje om Obama, men Fidel Castro. Han spår atomkrig. Er det noko vi bør uroa oss over eller er det berre skrål frå gammal gal mann?

SISTE NYTT

Siste nytt