Hopp til innhold

Popmusikk skal stoppe dødsviruset ebola

Den dødelege ebolaepidemien har no spreidd seg til fleire andre vestafrikanske land, og teke liva til over 500 menneske. No skal afropop på radioen bidra til at dødsviruset vert stoppa.

Ebola-Guinea

Ebola har råka store deler av Vest-Afrika, og informasjonskampanjar er måten å slå tilbake på. Å gå rundt i gatene er den tradisjonelle metoden, slik som her i Guinea, medan dei i Liberia også har tydd til popmusikk på radioen der bodskapen er tydeleg.

Foto: Timothy La Rose / UNICEF Guinea

«Ebola er ekte. Ebola finst i Liberia. Ebola, la oss nedkjempe det saman».

I ekte afrikansk afropopstil syng liberiske artistar samstemt over FM-bandet. Bodskapen er så klar som den kan bli: Ebola finst i landet vårt, og me må alle gjere noko med det.

Høyr radiohiten her:

Informasjon er einaste medisin

Det dødelege viruset som det ikkje finst noko medisin mot har spreidd seg frå Guinea, der det i mars vart avdekka nye tilfelle av viruset. Det smittar vidare ved at ein er i kontakt med sjuke personar sitt blod eller andre kroppsvæsker, og i samfunn der det er normalt å ta på dei døydde spreiar viruset seg utan at folk veit det.

«Ikkje rør spyet til dei sjuke, tisset deira, bæsjen eller blodet. Ikkje leik med apekattar og bavianar. Du kjenner til dei flygande flaggermusa, ikkje et dei!.»

UNICEF Liberia

Informasjonskampanjar er viktige tiltak for å nedkjempe ebolaepidemien.

Foto: UNICEF Liberia
Ebolaførebyggjing i Guinea

Desse to borna lærer å vaske hendene sine, slik at sjansen for å bli smitta av det dødelege ebolaviruset vert mindre. Her eit bilete frå Guinea, der epidemien starta.

Foto: UNICEF Guinea
Ebolaførebyggjing i Liberia

Vanleg informasjonsmateriell vert også teken i bruk for å kjempe mot ebola i Liberia.

Foto: UNICEF Liberia
Ebolaførebyggjing via SMS

SMS er eit anna verktøy Unicef har tatt i bruk for å informere folk i Liberia om ebola.

Foto: UNICEF Liberia

Den einaste alternative medisinen mot sjukdommen er å spreie informasjon til dei som treng det, og i land der lese- og skrivekunnskapane er låge visar radioen seg nok ei gong å vere det mest effektive verktøyet.

UNICEF har nytta seg av radiomediet, og saman med lokale artistar forsøker dei å spreie bodskapen på ein positiv måte.

– Radio er noko folk høyrer på og ein når ut til mange på kort tid. Det er også særleg effektivt i denne typen land der mange høyrer på radio, seier generalsekretær i Unicef Noreg, Bernt Apeland.

518 menneske er døydde

Unicef driv også med tradisjonell informasjonsarbeid ved å gå frå dør til dør og informere religiøse leiarar om sjukdommen, slik at dei kan gi informasjonen vidare.

«Ebola, ebola, la oss beskytte oss sjølve, vår familie og landet vårt.»

Den siste veka er det registrert 25 nye ebola-dødsfall, og til saman har 518 menneske døydd frå viruset, syner tal frå Verdas helseorganisasjon WHO. Viruset har spreidd seg frå Guinea og vidare til nabolanda Sierra Leone, Liberia og det har også blitt rapportert om eit mogleg tilfelle i Ghana.

– Dette er eit av dei mest alvorlege utbrota sidan sjukdommen vart oppdaga i 1976, og dette er noko både me i Unicef og styresmaktene i dei aktuelle landa tek særs alvorleg, seier Apeland.

Legar utan grenser varsla i juni om at epidemien var ute av kontroll, og WHO fryktar at viruset også kan kome til Mali, Senegal og Gambia. Mange fryktar at den uhandterlege sjukdommen kan spreie seg langt utover Vest-Afrikas grenser, og internasjonale helsestyresmakter følgjer utviklinga nøye.

Uroa for skjulte pasientar

Legar utan grenser skriv i ei pressemelding at dei er særs uroa for at det finst mange uoppdaga sjukdomstilfelle.

– Me veit framleis ikkje noko om kor mange landsbyar som er råka av dette. Eg redde me berre har sett toppen av isfjellet, seier Sebastian Stein som jobbar for Legar utan grenser i Sierra Leone.

Også Legar utan grenser driv med informasjonsarbeid for å førebyggje ei ytterlegare spreiing av viruset.

Også liberiske rap-artistar har bidratt til kampanjen:

Laster SoundCloud-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt