Hopp til innhold

Vil isolera fengsla islamistar

PARIS (NRK): Franske styresmakter vil setja fengsla ekstremistar i isolat for å hindra dei i å radikalisera medfangar. Problematisk, meiner fagforeininga for fengselstilsette i landet.

 Fleury-Mérogis fengselet sør for Paris

To av Paris-terroristane møtte kvarandre og blei vener medan dei sona bak murane til Fleury-Mérogis-fengselet sør for Paris. No vil franske styresmakter isolera ekstremist-fangar for å unngå at dei rekrutterer medfangar.

Foto: MEHDI FEDOUACH / Afp

Cherif og Said Kouachi

Terror-brørne Cherif og Said Kouachi. Førstnemnde hadde eit langt kriminelt rulleblad og møtte den tredje terroristen, Amedy Coulibaly, medan dei begge sat fengsla.

Foto: FRENCH POLICE / Afp
Coulibaly

Amedy Coulibaly skaut og drap fire gislar i ein jødisk supermarknad i Paris fredag den 09. januar 2015. Han hevda å samarbeida med Kouachi-brørne som angreip Charlie Hebdo to dagar før.

Foto: Privat
Manuel Valls

Den franske innanriksministeren Manuel Valls vil ha fengsla ekstremistar på isolat.

Foto: Regis Duvignau

To av dei tre drepne terroristane som er mistenkte for terroren i Paris førre veke, Cherif Kouachi og Amedy Coulibaly, skal ha møtt kvarandre og blitt radikaliserte medan dei sona i det same fengselet i 2005 eller 2006.

– Europeiske fengsel har blitt ein massiv rugekasse for radikalisering, seier antiterror-sjefen i EU Gilles de Kerchove til nyheitsbyrået AFP i kjølvatnet av dei blodige ugjerningane i Paris.

No varslar franske styresmakter tiltak.

Før året er omme skal alle ekstremistar som sonar ein dom i Frankrike isolerast i fengselet for å førebyggja radikalisering blant fangar, lovar innanriksminister Manuel Valls.

– Coulibaly var ein mønsterfange

Generalsekretæren Jimmy Delliste i FO-pénitenaire, som organiserer mange fengselstilsette i Frankrike, er skeptisk og meiner den franske regjeringa bør bruka meir tid og tenkja seg om før dei kjem med forslag til endringar etter terroråtaka.

– Sist han sat i fengsel var Coulibaly ein mønsterfange. Han dreiv med sport, gjekk på kulturelle aktivitetar, arbeidde og tok utdanning. På grunn av denne åtferda fekk han mindre streng soning. Kven skulle veta at han kunne bryta lova på den måten?, seier Delliste til den franske avisa Le Figaro.

Fagforeiningsleiaren refererer til straffa som Coulibaly sona i perioden desember 2013-mai 2014 for å ha hjelpt til i det mislukka fluktforsøket til den algeriske terroristen bak bombene mot metroen i Paris i 1995.

Fryktar heltehistorier frå Syria

Gilles de Kerchove, EUs anti-terrorsjef.

Antiterror-sjefen i EU, Gilles de Kerchove, fryktar massiv radikalisering i europeiske fengsel dersom alle Syria-fararane som vender heim att hamnar bak lås og slå.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Det var mange år tidlegare, i 2005 eller 2006, at Cherif Kouachi og Amedy Coulibaly møtte kvarandre bak murane til Fleury-Mérogis-fengselet sør for Paris. Coulibaly sona på den tida ein dom for eit væpna ran medan Kouachi sat inne etter å ha blitt gripen på veg til Irak for å delta som framandkrigar mot amerikanske styrkar.

Også den militante Al Qaida-islamisten Mohamed Merah som skaut og drap sju menneske ved ein jødisk skule i Toulouse 2012 og Mehdi Nemmouche, som tok livet av fire personar på eit jødisk museum i Brussel i fjor, blei radikaliserte medan dei sat fengsla.

Også problemet med framandkrigarar som dreg til Syria for å kjempa med terrorgruppa IS er blitt omfattande.

Ifølgje Europol har 3000–5000 EU-borgarar reist for å kjempa på islamistane si side.

Antiterror-sjefen i EU, Kerchove, tilrår vestlege styresmakter å «ikkje senda alle dei som kjem tilbake frå Syria i fengsel», fordi dei vil inspirera andre fangar med heltehistorier frå kalifatet.

SISTE NYTT

Siste nytt