Hopp til innhold

Vil ha breiband i Arktis

Dei enorme havområda i Arktis kan få breiband. Det vil vere svært viktig for skipstrafikken, olje- og gassverksemda og forskingsaktiviteten, meiner Norsk Romsenter.

Blindsone utan breiband

Området nord for Bjørnøya er eitt av svært få område i verda utan breibanddekning. Det vil Norsk Romsenter gjere noko med.

Foto: Norsk Romsenter

Mesteparten av jorda er dekka av kommunikasjonssatellittar. Men i nord og sør er det blindsoner.

I havområdet nord for Bjørnøya er det berre mogeleg å komme på nett ved hjelp av eit svært tregt «smalband» via satellittelefon.

Denne delen av Arktis er eitt av svært få område i verda utan breibanddekning.

Ei nettside kan koste 1000 kroner

Forskingsskipet «Lance» har store delar av vinteren lege innefrose i isen i havområdet mellom Svalbard og Nordpolen.

– Vi bruker Iridium, eit satellittbasert system, og det er det einaste vi har dekning med her på 83 grader nord, fortel kaptein Olav Iversen.

– Vi kan sende e-post, men helst berre tekst. Vi bør unngå store vedlegg. Dei kjem kanskje ikkje igjennom, fortel han.

Olav Iversen er kaptein på RV Lance

Olav Iversen er kaptein på forskingsskipet Lance.

Foto: Eivind Molde / NRK

Kva med nettavisene?

– Det å gå inn på nettet set verkeleg tolmodet på prøve. Skal vi for eksempel laste ned framsida på VG Nett, tek det minst fem til sju minutt, og det kan koste oss 500 til 1000 kroner berre for den eine sida, seier Iversen.

– Noreg har eit ansvar

Norsk Romsenter vil ha forandring på dette. Dei siste tre åra har dei, delvis i samarbeid med Telenor, Marintek og Kystverket, sett på kva som må til for å betre kommunikasjonen i dei norske delane av Arktis.

No er konklusjonen klar.

– For å få breibanddekning her, må det skytast opp minst to satellittar som er spesielt retta inn mot dette området, fortel administrerande direktør Bo N. Andersen.

Utbyggingskostnadene for eit to-satellittsystem er rundt 1,5 milliardar kroner, fortel han.

– Vårt faglege råd er at den norske staten bør vere med på å investere i dette, seier Andersen.

Administrerande direktør Bo N. Andersen ved Norsk Romsenter

God kommunikasjon er spesielt viktig i samband med aktivitet i isen, seier Bo N. Andersen. – Skip i området har behov for å få utveksla data om korleis isen er, slik at dei kan navigere på ein sikker og trygg måte, seier han.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Kvifor det?

– Det er i dei norske delane av Arktis skipstrafikken er størst. Dette er våre område, og Noreg har derfor eit ansvar for forvaltning og tilrettelegging her. Det er store fiskeriressursar i området, vi har forskingsaktivitet her, vi driv olje- og gassleiting, og det mykje turisme rundt Svalbard. Dette har med utveksling av data å gjere, kartlegging, varsling og sjølvsagt søk og redning, seier Andersen.

Tryggare

God kommunikasjon er spesielt viktig i samband med aktivitet i isen, seier Andersen.

– Godt samband via breiband er viktig for å utveksla data om korleis isen er, slik at skip i området kan navigere på ein sikker og trygg måte, seier han.

Og kaptein Olav Iversen på «Lance» legg vekt på nettopp tryggleiken.

– Med breiband ville vi lettare kunne utveksle data mellom reiarlaget og båtane, og båtane imellom. Dessutan ville forskarane lettare kunne sende data til land, legg han til.

På jobb på 83 grader nord

Forskarane har base på Lance, som ligg innefrose i isen. No er dei på veg ut for å state ei ny arbeidsøkt. Det internasjonale forskingstoktet blir gjennomført i regi av Norsk Polarinstitutt.

Foto: Eivind Molde / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt