Hopp til innhold

- Bensinen er alt helt på bålet

Hundrevis av migranter prøvde å ta seg til Storbritannia da ein ferjestreik stengte trafikken over den engelske kanalen.

Franske ferjearbeidarar streikar

BLOKKERTE TOGSKJENENE: Franske ferjearbeidarar gjorde til at alle tog vart innstilte resten av dagen tysdag.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / Afp

No vil Storbritannia sette inn ekstra ressursar for å stoppe grensekryssinga, melder immigrasjonsministeren i Storbritannia, James Brokenshire til BBC.

Han legg til at dei vil samarbeide tett med fransk politi, som sender forsterkingar til Calais. På den franske sida kjenner dei seg derimot åleine, og meiner britane må ta meir ansvar.

Då eg spurte innanriksministeren (om å sette opp humanitære telt), sa han at ein ikkje må helle bensin på bålet. Men bensinen er allereie helt på bålet.

Natacha Bouchard, borgarmester i Calais
Fransk ferjestreik

BLOKKERTE GRENSA: Franske ferjearbeidarar streika mot sal av ferjene til danske DSDF Seaways.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / Afp

Tysdag var det streik blant franske ferjearbeidarar på grensa, og tunnelen over kanalen var stengd etter at dei streikande sperra toglinjene og sette fyr på bildekk. All trafikk, inkludert Eurostar-toget som går mellom London og Paris, var innstilt heile dagen.

Hundrevis av migrantar prøvde å kome seg om bord i dei stilleståande trailerane.

I LIMBO: 19.000 forsøk på å krysse kanalen skal ha verte forhindra så langt i år, omtrent det dobbelte av i fjor. Dei som ikkje kjem seg over ventar i hamnebyen Calais på ein ny sjanse.

På vent i Calais

Calais er ein hamneby nord i Frankrike. Avstanden til Dover i England er berre 3 mil. Rundt 3000 migrantar oppheld seg i ein teltleir i området, som på folkemunne vert kalla «jungelen», medan dei ventar på å kome seg vidare.

Eit dagsenter der dei kan få ta seg ein dusj og eit varmt måltid har vorte opna. Dei har likevel ingen stad å sove, og må nøye seg med telt eller sove ute under open himmel.

Senter for migrantar i Calais

UROA: Borgarmester i Calais Natacha Bouchart er uroa for situasjonen til Migrantane. Her besøker ho eit dagsenter for migrantar saman med innanriksminister Bernard Cazeneuve.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / Afp

– Ein burde sett inn humanitære telt. Då eg spurte innanriksministeren, sa han at ein ikkje må helle bensin på bålet. Men bensinen er allereie helt på bålet. Migrantane er her, seier borgarmeister Natacha Bouchart til France Info.

Bouchart seier at ho balanserer mellom humanitær bistand og å sikre tryggleiken i området. Ho kritiserer Storbritannia for å ikkje bidra, og seier at dei «ikkje har gitt ein einaste penny» til situasjonen.

Døgnet rundt forsøker flyktninger å komme om bord i ferja fra Calais til Dover. «Davi» har ikke tall på hvor mange ganger han har prøvd, men gir aldri opp håpet.

HÅPAR PÅ EIT BETRE LIV: Korrespondent Åse Marit Befring besøkte Calais i fjor. Situasjonen har ikkje endra seg stort.

– Dette må ein løyse på EU-nivå

Keith Vaz, Labour-talsmann for innanrikskomiteen i det britiske parlamentet, seier at å ta tak i problemet i Calais er for seint – dette må ein løyse på EU-nivå.

Ein har i det siste sett fleire slike grensekonfliktar mellom to land over flyktningar, t.d. mellom Italia og Frankrike om flyktningane som no oppheld seg i grensebyen Ventimiglia. Ungarn skapte kraftige reaksjonar med sine planar om å sette opp eit gjerde langs si grense mot Serbia, og har uttala at dei ikkje vil følge Dublin-avtala, som gjer at asylsøkarar kan sendast tilbake til det første landet i Europa der dei søkte asyl.

Flyktar til Europa

FLYKTAR TIL EUROPA: Over 100.000 har kryssa Middelhavet så langt i år.

Foto: Gregorio Borgia / Ap

Flyktningar har stått høgt på agendaen i EU i lang tid, med eit aukande tal redningsaksjonar i Middelhavet. Måndag annonserte EU at dei vil sette i gang ein aksjon langs kysten av Libya for å kjempe mot menneskesmuglarar og hindre båtar i å legge ut på havet.

SISTE NYTT

Siste nytt