Hopp til innhold

Vert lurte til å flykte til krigsherja Jemen

Tusenvis av menneske flykta frå krig i Somalia, men enda opp i eit anna krigsherja land, nemleg Jemen. Flyktningane vert lurte, seier FN.

DJIBOUTI-IMMIGRATION/ Illegal immigrants from Ethiopia walk on a road near the town of Taojourah

Desse flyktningane frå Etiopia er komne til Djibouti, men seier dei vil til Jemen. Biletet er frå februar, ein månad før borgarkrigen i Jemen starta. Men trass i krigen er det framleis mange som flyktar til Jemen, fordi menneskesmuglarar seier at krigen er over og alt er trygt, påstår FN. Men i Jemen er krigen ikkje over.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

– Mange vert lurte til å ta turen av smuglarar som fortel dei at konflikten er over og at alt er trygt i Jemen, seier Johannes van der Klaauw som er representanten for FNs høgkommissær for flyktningar i Jemen.

Mange flyktar også motsett veg

– Sidan byrjinga av året er 37.000 flyktningar komne over havet, og dei fleste er frå Etiopia og Somalia, i tillegg til andre nasjonalitetar, seier van der Klaauw.

YEMEN-REFUGEES/AFRICA Illegal immigrants from Ethiopia attempting to cross into Yemen are seen outside their makeshift shelter in Bosasso, northern Somalia's breakaway Puntland region,

Desse etiopiske flyktningane ventar i ein flyktningleir i Puntlandregionen i Somalia. Dei seier dei vil til Jemen. Biletet er teke i april, etter at det braut ut borgarkrig i Jemen. FN meiner vert lurte til å flykte til Jemen, og at dei vert fortalt at det ikkje er krig der lengre.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

Jemen var lenge eit land som tok imot mange flyktningar frå Det afrikanske horn, og sjølv om det braut ut borgarkrig i Jemen i mars har flyktningstraumen haldt fram. Berre sidan byrjinga av konflikten er det registrert rundt 10.500 flyktningar som er komne til Jemen – der det framleis er krig.

Mange flyktningar er også komne motsett veg – frå Jemen til Somalia. Tidlegare flyktningar vender tilbake til Somaliland eller Puntland, to deler av Somalia som er rolegare enn den sørlege delen av landet kor terrorgruppa Al-Shabaab framleis gjennomfører angrep.

Risikerer seksuelle overgrep, kidnappingar

No forsøker FN å informere folk i Somalia om at det framleis ikkje er trygt å flykte over Adenbukta. I tillegg til at båtreisa er farleg, så risikerer dei som flyktar å bli kidnappa, angripne, drukning eller å bli utnytta på ulike måtar – også seksuelt.

DJIBOUTI-YEMEN-WAR-REFUGEES

Denne båten med flyktningar frå Yemen til Djibouti er ein av mange som er komne dei siste månadane etter at ein borgarkrig braut ut i Jemen.

Foto: ANDREAS STAHL / Afp

Det er menneskesmuglarar som står ansvarlege for at mange reiser til Jemen, trass i krigen. Det er mange pengar å hente for dei som ønskjer å legge til rette for at folk kan reise frå Somalia.

Men det er ikkje berre Somalia mange flyktar frå.

– Samstundes som dette skjer har over 51.000 menneske flykta frå Jemen til Djibouti, Somalia, Oman, Saudi-Arabia og Sudan, seier van der Klauw.

I tillegg er over 1,2 millionar interne flyktningar i Jemen. Mange av dei er allereie flyktningar frå andre land, som no er tvungne til å flytte på seg på ny på grunn av kamphandlingane i Jemen.

SISTE NYTT

Siste nytt