Hopp til innhold

– Det var som ei ånd av betong stirra ned på meg

Den største bygningen i verda har nyleg reist seg rett ved Kaba-steinen i Mekka i Saudi-Arabia. Luksuskomplekset fører til at muslimar på pilegrimsferd fortvilar over at heilage stadar blir lagt i grus.

Mecca Royal Clock Hotel Towers i Mekka

Muslimar som no planlegg å dra på pilegrimsferd til Mekka må førebu seg på å ha verdas største bygning hengande over seg.

Foto: FAYEZ NURELDINE / Afp

Mellom to og tre millionar muslimar, både fattige og rike, dreg kvart einaste år til Mekka i Saudi-Arabia, for å gjennomføre pilegrimsreisa, ein av dei fem søylene i islam.

Saudi-Arabias kong Abdullah.

Kong Abdullah av Saudi-Arabia står bak dei omfattande planane. Han ønskjer å gjere Mekka til bankhovudstaden i den islamske verda.

Foto: AXEL SCHMIDT / AFP

Men der dei fattigaste må slite seg gjennom i ekstrem varme, sove ute og ete minimalt, er situasjonen for dei rikaste pilgrimarane heilt annleis.

Ingen bygningar er større

Berre meter frå det som kanskje er den mest heilage staden på jord, kan dei bu på sjustjerners hotell, handle dei dyraste luksusvarene, og lande med helikopter på taket.

Når Abraj Al Bait-komplekset opnar i år, vil det slå svært mange verdsrekordar. Med eit samla golvareal på 1,5 millionar kvadratmeter er det den største bygningen i verda. I toppen av bygningen ragar verdas største klokke, etter modell frå Big Ben i London. Klokka er synleg frå heile 25 kilometer avstand.

Med over 600 meter er det verdas høgaste hotell, og verdas nest høgaste bygning. Den ragar heile sju gonger så høgt som minareten ved Al-haram-moskeen der Kaba-steinen ligg.

(artikkelen held fram under biletet)

Mecca Royal Clock Hotel Towers

Den gigantiske klokka i toppen av den 600 meter høge bygningen har ein diameter på heile 45 meter.

Foto: FAYEZ NURELDINE / Afp

«Betongånd»

Pilgrimaren Basharat Peer skildrar møtet med bygningen på denne måten, i magasinet The New Yorker.

– Når eg gjekk langs den vestlege veggen av Kaba-steinen, kjennast Klokketårnet som ei betongånd som stira ned på meg. Fylt av sinne, så senka eg hovudet mitt under kvar sirkel eg gjekk.

Det gigantiske byggverket er eit kompleks av kjøpesenter, restaurantar, eit sjukehus, luksushotellar, bønnerom, parkeringsplassar og helikopterplassar.

– I dei nedste etasjane finn ein butikkar som sel alkoholfri parfyme, bønnematter og suvenirartiklar. Britiske og italienske luksusbutikkar, Prada-vesker og så vidare, skriv Peer.

Og om ikkje dette er nok, planlegg kongen i Saudi-Arabia enno fleire skyskraparar og kjøpesenter i den heilage byen.

Reiv historiske bygningar

Mekka i 1910

I dette biletet frå Mekka i 1910 er lite som minner om korleis byen ser ut i dag.

Foto: Library of Congress

Men historia har ei, om ikkje fleire, baksider. Mange muslimar fortvilar no over øydelegginga av Mekka. For å skaffe areal til dei monumentale byggverka har styresmaktene øydelagt svært mange historiske bygningar.

Mekka brukte å vere omkransa av fem åsar. Men sidan 1944 har dei gradvis blitt sprengt for å byggje palass og hotellar.

Oljeboomen på slutten av 1900-talet brakte mykje moderne teknologi til Saudi-Arabia, og den klassiske islamske arkitekturen var i ferd med å forsvinne.

I 2002 beordra dåverande Kong Fagh rivinga av eit ottomansk tempel frå 1781, for å byggje det gigantiske klokketårnet som no står ferdig. Heimen til Kkadijah, profeten Mohammed si kone, vart reve for å gi rom til eit kompleks med hundrevis av toalettar. Det er også hevda at Mohammed sin heimstad har blitt riven for å gi plass til nybygg.