Hopp til innhold

Ventar kaos når Obama kjem «heim»

I Kenya er forventingane store før besøket frå USAs halvt-kenyanske president i helga. Det er venta at 300.000 vil kome til landets største stadion for å høyre på Obama.

Kenya Obama

I Kenya førebur dei seg til besøket frå Obama. Her er det ei kvinne i heimbyen til Obamas far, Kogelo, som sel flagg. På t-skjorta står det 'Far er komen heim' på luo-språket. Barack Obama er halvt luo.

Foto: STR / Ap

Når USAs president Barack Obama landar i Kenya på fredag, så er det første gongen han besøker sin fars heimland som amerikansk president.

«Mama Sarah» er klar for besøk

Han har to gonger tidlegare vore på besøk til Kogelo, ikkje langt frå storbyen Kisumu i Nordvest-Kenya, der faren vaks opp. Først var han på besøk til bestemora si i 1995, og deretter som senator i 2006.

No får bestemor Sarah på ny besøk av sonesonen som har gjort ho til ein populær turistdestinasjon. Men det er også fleire andre millionar kenyanarar som er spente framfor det storstilte besøket.

TOPSHOTS-KENYA-US-VOTE-ELECTIONS

Sarah Obama gler seg til besøk. Her feirer ho Obama valsiger i 2012.

Foto: TONY KARUMBA / Afp

Politiet meiner at så mange som 300.000 menneske kjem til å møte fram ved ein stadion i bydelen Kasarani i Nairobi for å høyre Barack Obama tale neste fredag. Det skriv den kenyanske avisa Daily Nation.

Terrorfare

Men om alle kjem til å sleppe inn er høgst usikkert, for detaljane rundt president Obamas besøk vert haldne hemmelege.

Nokre trur det berre er inviterte personar som kjem inn, medan andre håper dørene vert haldne opne. I så fall vil politiet ha eit problem, då det er venta at mange vil gå langt for å høyre og sjå Obama.

KENYA-POLITICS

Grøftekantane i Nairobi vert reinska framfor det storstilte besøket. Alt skal sjå bra ut når Obama «kjem heim».

Foto: TONY KARUMBA / Afp

Tryggleiken er ei stor utfordring framfor besøket, både fordi Obama er eit mogleg terrormål, og fordi Kenya har vore utsett for terror fleire gonger den siste tida.

Mest kjent er angrepet mot Westgate-kjøpesenteret i 2013, men også dei siste månadane har den somaliske terrorgruppa Al-Shabaab gjennomført fleire angrep nord i Kenya. Angrepet mot ein høgskule i Garissa i påsken er det mest alvorlege, med 148 drepne.

US-KENYA-OBAMA-DIPLOMACY-FILES

Forrige gong Obama besøkte Kenya kunne han gå meir fritt enn det han kan i dag. Her kjem han med ein bodskap til folket i slummen Kibera i hovudstaden Nairobi i 2006.

Foto: TONY KARUMBA / Afp

Kjem han til å snakke om homofili?

I Kenya har diskusjonen gått om kva Obama bør snakke om og ikkje. Mange meiner at Obama ikkje må ta opp homofilitemaet, slik han har gjort ved tidlegare afrikabesøk. Kyrkjeleiarar og Twitter-brukarar er blant dei som har ytra mange og sterke meiningar kring homofili.

Men andre, deriblant fleire parlamentspolitikarar, meiner at ein ikkje kan diktere ein statsleiar, og at Obama skal få snakke om akkurat det han vil.

KENYA-US-POLITICS

Ingen tvil om kven som er kioskveltaren i Kenya om dagen.

Foto: SIMON MAINA / Afp

Opposisjonen i Kenya er opptekne av å peike på det dei meiner er eit korrupt styre i landet.

Under sitt besøk kjem Obama til å vere vert på eit arrangement i FN-regi som handlar om ungt entreprenørskap. Den jobben har han saman med sin kenyanske kollega, Uhuru Kenyatta.

SISTE NYTT

Siste nytt