Hopp til innhold

Varebil køyrde inn i folkemengde i Frankrike

Minst ti menneske er såra, fem av dei alvorleg, etter at ein varebil køyrde rett inn i ein julemarknad fullpakka av menneske i den franske byen Nantes i kveld. Føraren knivstakk seg sjølv etter hendinga.

Bilen som vart brukt i angrepet i Nantes.

Det var denne bilen som vart brukt i angrepet på ei folkemengde på ein julemarknad i Nantes i kveld.

Foto: STEPHANE MAHE / Reuters

Politiet opplyser at føraren av varebilen er alvorleg såra. Ein talsmann opplyser til avisa Quest France at føraren av varebilen ropte «Aluha Akbar» (Gud er stor) på arabisk før han stakk kniven i seg sjølv minst ni gonger.

Julemarknad i Nantes ramma av angrep.

Politiet har stengt av området der ein mann køyrde bilen sin mot ei menneskemengde i Nantes i kveld.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Politiet har no evakuert julemarknaden.

Augevitne fortel at varebilen køyrde inn i ei hytte på marknadsplassen der det vart servert vin. Politiet opplyser at motivet for angrepet er uklart.

I går køyrde ein mann bilen sinn inn i ei gruppe på 13 fotgjengarar i byen Dijon i Frankrike, medan han ropte «Aluha Akbar». Politiet sa i dag at det likevel ikkje er noko som tyder på at det var snakk om ei terrorhandling. Mannen var psykisk ustabil og ingen terrorist, heiter det i ei fråsegn frå franske styresmakter.

To av offera i denne hendinga vart alvorleg såra, medan dei andre slapp unna med lettare skadar. Mannen skal ha hatt ei historie med psykisk sjukdom.

LES OGSÅ: Mann pågrepet etter påkjørsler i Frankrike

Fra Kvelsnytt.

VIDEO: Angrep mot julemarknad

Varebil kjørte ned folk på julemarked i Nantes

SISTE NYTT

Siste nytt