Hopp til innhold

USA: Al Qaida svekt i Pakistan

Terrornettverket Al Qaida i Pakistan har ikkje vore svakare enn i dag sidan 2001, går det fram av ein rapport om Afghanistan-krigen som Barack Obama skal leggje fram seinare i dag.

Barack Obama utanfor Det kvite hus 15.12. 2010.

Barack Obama skal leggje fram rapporen seinare torsdag.

Foto: SAUL LOEB / Afp

- Den sentrale leiarskapen i Al Qaida i Pakistan er svakare og under meir press enn nokon gong sidan dei flykta frå Afghanistan i 2001, heiter det i ei fråsegn frå Det kvite hus.

Langt frå problemfritt

Arkivfoto av Al Qaidas nestleder, Ayman al-Zawahri

Al Qaida er svakare enn nokon gong sidan 2001 i Pakistan, meiner USA. Nestleiar Ayman-al Zawahri opheld seg truleg i Pakistan.

Foto: AP

Samstundes går det fram av rapporten at forholdet mellom USA og Pakistan i hovudsak er godt, men at det langt frå er problemfritt.

- Pakistan har gjort framskritt i kampen mot Al Qaida. Dei har gått til aksjon i seks av sju stammeområde der dei har operert fritt, heiter det i rapporten.

Det går fram at dette har ført til store både sivile og militære tap for Pakistan, og at landet har gitt store offer til kampen mot terror.

I rapporten som Obama skal leggje fram seinare i dag går det også fram at USA vil starte «ei ansvarleg tilbaketrekking» frå Afghanistan i løpet av juli i 2011.

Målet om at afghanske styrkar skal ha teke over ansvaret for tryggleiken i størsteparten av landet i løpet av 2014, står framleis fast.

LES OGSÅ: - Krigen bringer nye fiender

LES OGSÅ: Rapport fra Taliban-land

Taliban-framgang stansa

Det heiter vidare at framgangen til Taliban i Afghanistan er stansa i nokre område og snudd til tilbakegang i andre område, men at organisasjonen like fullt utgjer ein stor trussel.

Det blir også slått fast at det er svært viktig for USA å sørgje for betre styring og mindre korrupsjon, slik at regjeringa står sterkare.

Utanriksminsiter Hillaary Clinton skal i starten av 2011 vere vert for ein samtalerunde mellom USA, Afghanistan og Pakistan.

LES OGSÅ: - USA må forhandle med Taliban, ikke Karzai

LES OGSÅ: 40 drept i dobbelt selvmordsangrep

SISTE NYTT

Siste nytt