Hopp til innhold

USA: - Westgate-planleggjar drepen i droneangrep

Det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon opplyser i kveld at Al Shabaab-toppen og Westgate-mistenkte Adnan Garaar vart drepen i eit amerikansk droneangrep i det sørlege Somalia 12. mars.

Terrorist skyter på kjøpesenteret Westgate i Nairobi

Mannen som truleg plana det blodige angrepet på kjøpesenteret Westgate i Nairobi, er drepen i eit droneangrep, seier Pentagon.

Foto: Overvåkningsvideo / Reuters

Adnan Garaar er mistenkt for å ha planlagt terrorangrepet på kjøpesenteret Westgate i Nairobi i Kenya i 2013, der 67 menneske vart drepne . Angrepet mot Garaar vart utført med ein Predator-drone væpna med missil av typen Hellfire, ifølgje CBS News.

Angrepet skjedde i ein stad i det sørlege Somalia sist torsdag. I landsbyen Abaq Xaluul nær byen Dinsoor rapporterte lokale innbyggjarar at tre Al Shabaab-krigarar var drepne i eit droneangrep rundt soloppgang.

– Kraftig eksplosjon

Skilt på Westgate kjøpesenter i Nairobi

Kjøpesenteret Westgate i Nairobi vart ramma av eit terrorangrep i september 2013.

Foto: James Wachira / NRK

Dinsoor ligg 240 kilometer vest for hovudstaden Mogadishu.

– Eg var i utkanten av Abaq Xaluul då ein bil køyrde forbi meg. Like etter høyrde eg ein kraftig eksplosjon bak meg. Eg såg bilen og dei tre mennene om bord fullstendig utbrende, og kort tid etter kom det fleire bilar med Al Shabaab-krigarar til staden, sa Hussein Nur på telefon til Reuters sist fredag.

I ei fråsegn frå Pentagon heiter det at Garaars død er eit nytt hardt slag for terrororganisasjonen Al Shabaab i Somalia.

Etter angrepet gjekk USAs ambassade i Nairobi ut og åtvara amerikanske statsborgarar i Kenya om fare for moglege hemnangrep frå Al Shabaab. Al Shabaab har ikkje kommentert meldinga.

PST: – Al-Shabaab har støttespillere i Norge

– Terroristene leide butikk i kjøpesenteret før angrepet

– Hjernen bak Westgate

I fjor vart Al Shabaab-leiaren Ahmed Godane drepen i eit amerikansk droneangrep. Sist månad vart Yusef Dheeq drepen også drepen i eit droneangrep, han var også mistenkt for å ha planlagt fleire angrep i Somalia og i nabolanda.

Adnan Garaar er altså mistenkt for å vere hjernen bak angrepet mot kjøpesenteret Westgate i Nairobi.

«Den kvite enkja» etterlyst av Interpol

Terrorleder truer Kenya med nye blodbad

67 menneske vart drepne

SISTE NYTT

Siste nytt