Hopp til innhold

USA aukar hemmelege operasjonar

Det amerikanske militæret opprettar nye hemmelege etterretningsbasar i Afrika. Hovudformålet med basane vil vere å spionere på terrornettverk og overvake urolege landområde.

Amerikanske drone

AMERIKANSK OVERVAKING: Dronene er eitt av våpna som vert nytta i hemmelege operasjonar i Afrika

Foto: HANDOUT / Reuters

I 2007 starta USA eit program som hadde som mål å auke sitt militære etterretningsnærvær i Afrika. No håpar dei å utvide programmet, skriv den amerikanske avisa Washington Post. Overvaking av terror- og opprørsgrupper er grunnen til utvidinga.

Washington Post har mellom anna nytta Wikileaks-dokument for å få tak i informasjonen, og det er klart at desse basane var meint å haldast skjulte for offentlegheita. I ein av dei diplomatiske korrespondansane går det fram at Burkina Fasos forsvarsminister i 2009 var svært oppteken av diskresjon i operasjonane.

  • LES ÒG:

– Eg kan ikkje gå i detalj, men samarbeidet med USA har vore svært nyttig, seier Djibril Bassole, Burkina Fasos utanriksminister, til Washington Post, og legg til:

– Samarbeidet mellom USA og oss burde vere svært diskret. Me må ikkje vise Al Qaida at me jobbar med amerikanarane.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Utanriksminister i Burkina Faso, Djibrill Bassole

VIKTIG SAMARBEID: Burkina Faso, her ved utanriksminister Djibril Bassole, er eitt av landa som har samarbeidd med USA om hemmelege, militære etterretningsbasar.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Lutfattige Burkina Faso er vorte ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane til USA gjennom etterretningsprogrammet. I hovudstaden Ouagadougou jobbar no dusinvis av amerikanske personell ved den militære delen av byens internasjonale flyplass.

Hypermoderne utstyr skal ta Al Qaida og Kony

ATR-72-212

VIKTIG VÅPEN: Fly av denne typen vert nytta av USA for å overvake terror- og opprørsgrupper. Dette eksemplaret er i passasjerdrift for British Airways.

Foto: HO / Reuters

Overvakinga skjer ved hjelp av både droner og små såkalla Turboprop-fly. Desse flya har moderne sensorar som kan filme alt som skjer på bakken, spore opp infrarøde stråler, og plukke opp radiosignal. Flya vil for utrena auge sjå ut som eit vanleg passasjerfly, og med moglegheiter for å lande nær sagt kvar som helst, er flya vortne viktige våpen i USAs etterretningsarbeid.

Frå basen i Burkina Faso kan flya lett nå mellom anna Mali, Mauritania og Sahara-regionen. Det tyder at Al Qaida i Maghreb-regionen er godt innanfor rekkevidda til flya.

Eit anna mål for operasjonane i Afrika er Joseph Kony, den berykta militære geriljaleiaren i Uganda, som er skulda for å ta born til sexslavar og bruke dei som soldatar. I Sør-Sudan ynskjer no USA å setje opp ein base som kan lette med å finne Kony, men òg for å overvake den spente situasjonen mellom Sudan og Sør-Sudan. Dei oljerike områda mellom dei to landa er svært sårbare for uro, og utanlandske investorar ynskjer mest mogleg stabilitet.

Bråk etter oppslag

Artikkelen til Washington Post på nett har skapa sterke reaksjonar. Avisa nyttar ein grafikk som gjev ein oversikt over alle militære basar som driv med overvaking. Mange har kommentert artikkelen, og meiner avisa utset USA for fare. Ein av kommentarane, som er topprangert, meiner avisa ignorerer tryggleiken til det amerikanske folk.

No har de endeleg lukka døra for meg for godt. De vel å publisere ei eksklusiv sak om USAs hemmelege operasjonar, og kallar det nettopp det. Eg skjønar at de ynskte dykk eit godt stykke sensjonalistisk arbeid, men dette går for langt. Når de vel å ignorere vår tryggleik, så vel eg å ignorere dykk!

Brukaren logicrules

SISTE NYTT

Siste nytt