Hopp til innhold

50.000 jødar i protesttog

50.000 ultraortodokse jødar demonstrerte i dag i gatene i Jerusalem og Bnei Brak, fordi borna deira må gå på skule med afrikanske og asiatiske jødar.

Video Ortodokse jøder demonstrerer i rettsalen

VIDEO: Ortodokse jødar demonstrerer i rettssalen

Ultraortodokse jødar av europisk avstamming nektar å la døtrene sine gå på skulen saman med jødiske jenter av nordafrikansk og asiatisk avstamming.

10.000 politifolk er mobilisert i Israel i dag for å hindre bråk når ei gruppe ultraortodokse jødar og deira støttespelarar skal demonstrere for retten til å halde borna sine borte frå skulen.

AFP melder at 50.000 er ute i gatene for å demonstrere.

Bakgrunnen for striden er dette: 40 ultraortodokse foreldrepar av europeisk avsatamming frå busetjinga Imanuel på Vestbreidda, nektar å la døtrene sine gå på skule saman med jødiske jenter av nordafrikansk og asiatisk avstamming.

Vil bli arresterte

Benjamin Netanyahu

Statsminister Benjamin Netanyahu ber dei ultraortodokse om å respektere israelsk lov.

Foto: Reuters

Ein israelsk domstol har slått fast at foreldra ikkje har rett til å halde borna sine borte frå skulen. Foreldra er varsla om at dei vil bli arresterte dersom dei ikkje etterlever domstolen si avgjerd.

Fristen for å sende jentene tilbake til skulen går ut i dag, og det er varsla store støttedemonstrasjonar for foreldra fleire stader.

I går kveld brukte politiet vasskanonar for å spreie rundt 200 ultraortodokse som demonstrerte til støtte for dei 40 foreldrepara. Dei kasta steinar på politiet og hindra trafikken, blir det opplyst. Det er venta at enda fleire vil delta i demonstrasjonane i dag.

Politisjef Dudi Cohen opplyser at styrkane hans er i høg beredskap før dei varsla demonstrasjonane i Jerusalem og Bnei Brak like ved Tel Aviv.

Saka har vekt stor oppsikt både i Israel og i utlandet, og dei 40 foreldrepara blir skulda for rasisme. Dette blir avvist av foreldra, som seier at alt skuldast religiøs usemje mellom dei to gruppene.

To ulike retningar

Dei 40 foreldrepara tilhøyrer ei retning av jødedomen som heiter Slonim Hassidic, som er såkalla Ashkenazi-jødar med bakgrunn frå Aust-Europa og Sentral-Europa.

Dei vil ikkje at døtrene deira skal gå på skule saman med jenter frå Sephardi-tradisjonen i jødedomen, menneske som har bakgrunnen sin frå Nord-Afrika og Asia.

Også statsminister Benjamin Netanyahu har blanda seg inn i striden, og han ber om ro.

- I denne kritiske perioden, når Israel står overfor eksistensielle truslar frå fiendane våre, ber eg alle sider i striden om å roe ned situasjonen, respektere lova og løyse problema på fredeleg vis, seier han til avisa Haaretz.

Striden står om jenteskulen Beit Yaakov

Jenteskulen Beit Yaakov ligg i busetjinga Immanuel Vestbreidda.

Foto: Reuters TV
Ein vaktmann saman med to jenter i Beit Yaakov-skulen.

Ein vaktmann saman med to småjenter ved den jødiske Beit Yaakov-skulen på Vestbreidda.

Foto: Reuters-TV

SISTE NYTT

Siste nytt