Hopp til innhold

Ukrainske toppsjefar arresterte framfor ope kamera

Under eit TV-sendt regjeringsmøte kom ukrainsk politi inn og arresterte to menn som er mistenkte for korrupsjon. Dei to skal ha lurt unna pengar i utanlandske selskap.

To ukrainske byråkrater blir arrestert for korrupsjon

Framfor eit fullt pressekorps vart sjefen for Ukraina sine naudetatar arrestert, mistenkt for korrupsjon.

Dei to mennene vart førte ut i handjern. Heile seansen var planlagd på førehand, og det skulle skje framfor ope kamera slik at den vekka mest mogleg merksemd, og statuerte eit døme for andre som prøver seg på korrupsjon.

– Medan landet er i krig og me snur på kvar ein mynt, så stel dei frå folk og stat. Dette vil skje med alle som bryt lova og snyltar på den ukrainske staten, sa statsminister Arsenij Jatsenjuk etter arrestasjonane ifølgje Reuters.

Planlagd arrestasjon

Det var sjefen og visesjefen for landets naudetatar som vart arresterte. Dei skal ha sett pengar inn i utanlandske selskap.

– Det vart bestemt at arrestasjonane skulle skje under møtet som ein preventiv vaksinasjon mot alle korrupte, noko det diverre er mange av blant oss som styrer, sa innanriksminister Arsen Avakov etter møtet.

Dei sittande ukrainske styresmaktene er opptekne av å ta avstand frå korrupsjon slik at dei slipper skuldingar frå kritikarar.

Alle kan bli etterforska for korrupsjon

Landet tek for tida mot store summer frå Verdsbanken, pengefondet og ulike vestlege donorar, og det er difor viktig for styresmaktene å vise at dei representerer eit anna regime enn det førre, som vart skulda for å vere gjennomkorrupt.

Jatsenjuk har tidlegare varsla at det blir gjennomført grundig etterforsking av fleire politikarar og høgtståande embetspersonar i Ukraina, for å avdekke mogleg korrupsjon.

Heller ikkje landets regjering slipper unna etterforsking, om det viser seg å vere naudsynt, seier Jatsenjuk.

SISTE NYTT

Siste nytt